Hopp til innhold

Laug til myndigheitene for å få adoptere eigne barn

Enkelte lesbiske par skjuler bevisst sanninga om sæddonor for å omgå norske reglar. «Mia» valde å lyge til norske myndigheiter for å få familien ho og kona ville ha.

Ingvild Endestad på FRI

REGELENDRING: Lesbiske par som nyttar ein sæddonor dei kjenner, kan ikkje søke om at mors ektefelle eller sambuar skal bli medmor. Ingvild Endestad og FRI meiner lovverket bør endrast.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

«Mia» held tett rundt tekoppen.

På veggen heng ei teikning frå barnehagen.

Framfor ho på kjøkkenbordet ligg ei bunke papir. Papir på at barnet ho har fødd ikkje berre er hennar, men også kona sitt.

For å få adopsjonspapira har dei gjort noko dei aldri trudde dei skulle gjere.

Blir lesbiske par gravide gjennom assistert befruktning ved ein godkjent helseinstitusjon kan ektefellen eller sambuaren til mor søke om å bli medmor. Det kan ein ikkje om ein har nytta ein donor ein kjenner.

For lesbiske par som blir gravide på eiga hand, er difor stebarnsadopsjon einaste moglegheit. Denne veka fortalde eit ektepar frå Bergen om avslaget dei fekk då den eine mora søkte om stebarnsadopsjon. Ho er difor ikkje juridisk mor til barna.

Faren for avslag gjer at nokre lesbiske par omgår regelverket.

NRK har snakka med fleire par frå ulike kantar av landet som har valt å lyge til norske myndigheiter for at begge mødrene kan få vere juridisk mor til barna.

Para vil vere anonyme, men NRK kjenner identiteten deira.

Heldt donoren hemmeleg

For «Mia» og kona var ønsket om å vite kven donoren var så sterkt at dei valde å lyge til norske myndigheiter.

Dei bad ein homofil ven om hjelp, og sette dei sjølv inn sæden heime.

Då kona skulle søke om stebarnsadopsjon, sa dei at dei ikkje visste kven donoren var.

– Hadde dei spurt meir, hadde vi sagt at eg hadde gått på byen og blitt gravid.

Stebarnsadopsjonen blei innvilga, og donor har no kontakt med barnet som ein familieven. Hadde dei blitt gravide ved ein godkjend klinikk, ville barnet fyrst hatt rett til å vite kven donoren var då det blei 18 år.

– Vi synest det er fint at han har kontakt med barnet. Men han vil ikkje vere ein far, seier «Mia».

Ekteparet seier dei ikkje tok lett på å gi feilaktig informasjon til Barne-, ungdoms- og familieetaten, men at dei gjorde det for at begge skulle få dei same rettane til barnet. Dei ser på det som ein form for sivil ulydnad.

– Det er veldig problematisk, og litt traumatisk for oss, for vi har aldri loge til norske myndigheiter før. Men det verste er at vi lyg til foreldre og vener.

Fordi paret planlegg å få eit barn til med same donor, har dei ikkje våga å fortelje resten av familien korleis barnet blei til.

Vi vil ikkje at dei skal gå rundt og halde på vår hemmelegheit.

Friederike Urbassek Hoffmann, Luciane Hoffman Urbassek og Tore Lirhus saman med tvillingsønene.

TRE FORELDRE: Friederike og kona Luciane fekk barn saman med kompisen Tore. Avtala var at det var dei to mødrene som skulle vere juridiske foreldre, men barna har enda opp med berre Luciane som juridisk mor.

Foto: Privat

Ulike utfall

Det finst inga oversikt over kor mange lesbiske par i Noreg som har brukt ein donor dei kjenner, men FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald kjenner til fleire. Nokre av desse veit dei at har halde donoren hemmeleg for norske myndigheiter for å vere sikre på at begge mødrene blir juridiske foreldre til barnet.

Leiar Ingvild Endestad kjenner til donorar som ikkje ville vere juridisk far, men som blei det. Og barn som har enda opp med berre ein juridisk forelder.

Endestad meiner det kan få svært uheldige konsekvensar når ei av mødrene ikkje får vere juridisk mor.

– Ved eit samlivsbrot eller dødsfall vil den eine mora stå utan rettar fordi ho ikkje er mor på papiret, og kan i verste fall miste kontakten med barnet. Ei mor som ikkje er juridisk forelder kan òg berre stikke av frå ansvaret. Det er behov for eit lovverk som faktisk tar vare på dei familiane som finst og som syter for tryggleik og stabilitet for barnet.

– Barn har rett til kunnskap om far

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet seier dei er kjent med at det finst familiar som har omgått regelverket.

Avdelingsdirektør Anders Henriksen skriv til NRK at dei er opptekne av å sikre retten barn har til kunnskap om det biologiske opphavet sitt.

– Denne retten er bakgrunnen for reglane for etablering av foreldreskap i barnelova og også for at anonym sæddonasjon ikkje er tillate i Noreg. Barnets rett til kunnskap om kven far er, kan berre sikrast ved at opplysningar om identiteten hans blir gitt til norske styresmakter.

Bufdir meiner det også er beklageleg at donoren blir teke frå moglegheita til å bli høyrt i adopsjonssaka. Ein adopsjon vil også bryte dei juridiske banda donor har til barnet, og kan ikkje gjerast om.

– Vi har erfart at biologisk far har inngått ein donor-avtale med mora til barnet før barnet vart fødd, men etter fødselen likevel har ønskt å ha eit forhold til barnet. Det at ein kan endre syn er også bakgrunnen for at foreldre ikkje kan samtykkje til å bortadopterte eitt barn før tidlegast to månader etter fødselen.

REGELVERKET: Avdelingsdirektør Anders Henriksen forholder seg til de reglene Stortinget har fastsatt i behandling av stebarnsadopsjon.

BEKLAGELEG: Avdelingsdirektør Anders Henriksen seier Bufdir kjenner til at familiar omgår regelverket ved ikkje å oppgi donors identitet.

Foto: Bufdir

Ber om lovendring

NRK har også snakka med eit anna lesbisk par som har valt å skjule for norske myndigheiter at dei kjenner donoren. Donoren har familie frå før, og ønska ikkje å vere juridisk far.

– Vi er gift. Er du eit heterofilt par blir mannen mor er gift med automatisk far til barnet, uansett om det er den faktiske faren eller ikkje. Slik er det ikkje for lesbiske. Det meiner vi er diskriminering, seier paret.

Eit utval jobbar no med forslag til ei ny, modernisert Barnelov. Barnelovutvalet skal etter planen legge fram rapporten 1. november. FRI har bedt utvalet om å føreslå fleire endringar i lova:

  • Gjere den såkalla Pater Est-regelen kjønnsnøytral, slik at den som er gift med mor automatisk blir forelder til barnet, uavhengig av om det er ei ein mann eller ei kvinne.
  • Gjere det mogleg å bruke kjent donor. FRI ønsker at ein skal kunne registrere kven som skal bli forelder i forkant.
  • Gjere det mogleg å vere fleire enn to juridiske foreldre.

Begge para NRK har snakka med, meiner den beste løysinga hadde vore om det var mogleg å vere fleire enn to juridiske foreldre.

– Dette gjeld jo òg dei som veks opp med steforeldre eller andre familiekonstellasjonar. For oss og veldig mange familiar ville det løyst alt, seier ein av dei.

Hei!

Har du eit tips som eg bør sjå på? Eller ei historie NRK bør fortelje?
Send meg ein e-post! 

Tidlegare har eg skrive om då Olve blei alvorleg skadd på tur med barnehagen, om Friederike som er mor til barna i Tyskland, men ikkje i Noreg, og om åleinemora som skjulte for alle at ho var fattig