Hopp til innhold

Nei til fiske har ført til nok lakseegg i elvene

Trass færre laks i elvene har det likevel blitt lagt nok verdifulle lakseegg. Stogg i fiske er årsaka viser nye tal frå Miljødirektoratet.

GODT FISKE: Så langt i år innsiget av laks meir normalt enn botnåret i fjor.

STRENGE REGLAR: I fjor kom det innstrammingar på laksefisket. Det har gitt resultat.

Foto: OLE KRISTIAN SVALHEIM / nrk

I 2021 kom det færre laks tilbake frå havet og ut i elvane enn nokon gong før.

Men takka vere dei strenge avgrensingane i laksefisket, enda det likevel med at nok laks kunne vere med i gytinga.

Det melder Miljødirektoratet som jobbar med å bygge opp att laksebestanden som i mange år har slite motstraums.

– Var katastrofalt dårleg

I fjor kom det nye innstrammingar.

Dei reduserte moglegheita til å fiske i sjø betydeleg, og i mange vassdrag var det også heilt stopp.

Mellom anna gjaldt dette i Lærdalselva, ei av Kong Harald sine favorittelver.

I vassdraget Nausta i Sunnfjord kommune har det også vore innstrammingar.

Det har vore heilt nødveiding, meiner Eiliv Erdal, leiar i elveeigarlaget og varamedlem i styret til Norske Lakseelver.

– Hadde det ikkje vore for dei strenge kvotane, hadde vi aldri greidd å nå gytebestandsmåla i fjor eller åra før der.

Mellom anna har det berre vore lov å fiske éin laks per fiskar samt samlekvote i fossane.

Totalt kom 403.000 villaks tilbake frå havet som gytefisk i 2021. Talet inkluderer også fanga fisk, heiter det i ein rapport frå vitskapleg råd for lakseforvaltning.

I fjor blei 82.000 laks rapportert fanga i sjø og i elver. I elvene blei nær 40 prosent sett ut att.

Erdaø er glad for at elvane produserer nok gytefisk.

Eiliv Erdal

Strenge restriksjonar er nødvendig, seier Eiliv Erdal i elveeigarlaget i Nausta. Han ser fram til situasjonen normaliserer seg.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Også i år er det strenge kvotar, men takka vere mykje vatn i elvane, gjekk det mykje betre i år enn i fjor. Fjorårets sesong var nemleg det dårlegaste nokosinne.

Erdal håper dei strenge restriksjonar gjer til at fisket neste år kan ta seg betydeleg opp, både i Nausta og i andre delar av landet.

– Ein heil del av fisken kjem tilbake, og neste år håper og trur eg det kan bli ein del storlaks. Eg håper også på godt innsig av småfisk.

For elveeigarlaget i Naustdal håper dei at framtida ser lysare ut og at dei etter kvart kan sleppe opp på dei strenge restriksjonane med éin laks per fiskar.

Halvering dei siste 30 åra

Innskrenkingane som kom i fjor var nødvendige, meiner Miljødirektoratet.

Laks, sjøaure og sjørøye er ein avgrensa ressurs som av den grunn må regulerast, skriv dei. I løpet av dei siste 30 åra har laksebestanden som kjem tilbake i elvane etter vandringa til havet, blitt halvert.

NEDGANG: Figuren viser utviklinga i laksefiske i elv, sjø og totalt for åra 1993–2021.

Figuren viser utviklinga i laksefiske i elv, sjø og totalt for åra 1993–2021.

Foto: GRAFIKK / SSB

Det er fleire grunnar til dette, mellom anna lakselus, rømt oppdrettsfisk, klimaendringar og vasskraftregulering.

I fjor vart villaksen raudlista.

Les også Slik truer vannkraft laksen

Fisk drukner 2

Jens Olav Flekke, styreleiar i stiftelsen Reddvillaksen, seier strenge restriksjonar er vegen å gå, men at dette også må følgast opp av myndigheitene.

Han trur vi ikkje står ovanfor noko «frislepp» i laksefisket med det første.

– Tida der det verka som det var uavgrensa med laks og sjøaure er nok over, seier han.