Hopp til innhold

Her jublar dei for ein våt sommar – no er laksen tilbake

I fjor var det rekordlite laks i elvane. I år går det mot normal fiske. På Vestlandet har alt regnet gitt sportsfiskarane god drahjelp.

Endeleg kan dei kjenne på laksen si råe muskelkraft igjen.

– Eg blir heilt skjelven fordi det er så morosamt. Sliten vart eg og fordi fisken var sinna, seier Aud Randi Næss, som drar inn sin andre laks på ei veke.

Ho og mannen Tore Jansen frå Holmestrand brukar heile sommaren i elva Nausta i Sunnfjord for å fiske etter laks.

laksefiske

FANGST: Aud Randi Næss viser fram laksen på 69 centimeter som ho tok i elva Nausta i Sunnfjord.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Det kunne dei ikkje for eitt år sidan.

Dårlegaste sesongen nokosinne

I fjor sommar var det 92 prosent mindre nedbør enn normalt på Vestlandet. Det førte til mindre vatn og laks i elvane.

– Eg trur ikkje vi har hatt eit så dårleg år nokon gang, sa kommunikasjonsansvarleg Pål Mugaas i Norske lakseelver til NRK etter den dårlegaste sesongen med laksefiske nokosinne i fjor.

Klimaendringar fører til meir ekstreme variasjonar i elvane. Når det regnar, regnar det meir og når det er tørt er det tørrare.

For elveeigar i Nausta, Eiliv Erdal, blei dette svært tydeleg sommaren 2021.

– Då såg vi knapt vatn og halvparten av yngelen i elva gjekk vekk grunna tørken.

Leiar i elveeigarlag i Nausta, Eiliv Erdal

TØRKE: Sommaren 2021 kunne Eiliv Erdal gå langt ned i elva på grunn av låg vasstand. I år ville han hatt vatn opp til haka om han stod på same plass i elva.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I år er tørke ikkje eit problem.

Allereie ei veke inn i juli nærma fleire målestasjonar på Vestlandet seg det som er normal nedbørsmengde for heile månaden. Meteorologiske institutt kan allereie konkludere med at juli vil gå inn i historiebøkene som ein våt månad i vest.

– Både for oss og for laksen er det flott at vatnet er tilbake. Ein fisk kan ikkje leve utan vatn, seier Børre Pettersen, som har returnert til elva Nausta med jamne mellomrom heilt sidan 1973.

Oppløftande innsig av villaks i vest

På oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomfører Norsk institutt for naturforsking (NINA) i juli kvart år ei førebels vurdering av innsiget av laks til Noreg.

Det er så langt denne sesongen gode tal i vest.

– Basert på den evalueringa viser det at innsiget av laks i regionen frå Rogaland til Trøndelag ligg på nivå eller over gjennomsnittet som i perioden 2016–2019. Det vil seie at det er fisk her.

laksefiske

GODT FISKE: Så langt i år innsiget av laks meir normalt enn botnåret i fjor.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Det seier Gry Walle, kontaktperson for fiskeriforvaltning hos statsforvaltaren i Vestland.

I andre delar av landet varierer fangstane mykje mellom elvane, slik som på Sørlandet. I Nordland, Troms og Finnmark ser innsiget stort sett til å vere lågare enn gjennomsnittet for perioden 2016–2019.

Samla sett ser ikkje Miljødirektoratet grunn til å innføre ekstraordinære regionale avgrensingar i laksefisket i sesongen 2022.

Usikker framtid for villaksen

Sjølv om fleire får oppleve at laksen bit i år, er det ikkje sikkert at alle får oppleve dette i åra som kjem.

Sidan år 2000 har det gått nedover med tal på kor mykje laks som blir fanga i norske elver. Årsakene er fleire. Lakselus, pukkellaks og oppdrett får mykje av skulda for å trengje bort villaksen. Fleire elvar er også stengde for vanleg sportsfiske.

I fjor vart villaksen raudlista.

Walle fortel at det er mange forhold som spelar inn på kvifor at dei enkelte år kan sjå meir laks enn andre.

Desse kan inkludere vassdragsregulering, surt nedbør og tap av habitat. Ho peikar likevel på lakselus og rømt fisk som dei største utfordringane til at laks forsvinn.

– Menneskeskapte utfordringar er det største problemet, medan lakselusa er den største trusselen.

Meir fisk = meir konkurranse

Sjølv om framtida til laksen er usikker, er det denne sommaren ein liten opptur for engasjerte sportsfiskarar.

Fleire elver har opna for laksefiske igjen i sommar, mellom anna ein av landets mest ikoniske lakseelver – Rauma i Romsdal.

Når ein først får perfekte forhold til fiske i elvene, er det endå større grunn til jubel.

Aud Randi Næss har fått fisk heile to gonger i Nausta denne veka, til ektemannen Tore Jansen si store misunning.

– Ho leiar 2-0, så eg må stå på framover no, spøker Jansen.

laksefiske

SPENNING: Så langt denne sesongen er tal på villaks i elvene gode. Det fører til at fleire kan ha glede av sportsfiske.

Foto: Ole Kristian Svalheim