Hopp til innhold

Her er profilane som er ferdige på Stortinget

Jensen, Hareide, Grande. Lista over profilar som snart går ut dørene på Løvebakken er lang.

Trine Skei Grande Knut Arild Hareide high five

UT AV REKKA: Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide har styrt landet i lag med statsminister Erna Solberg dei siste åra. No går dei to førstnemnde ut av maktkorridorane på Stortinget.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Fire tidlegare partileiarar, to dusin statsrådar og ei rekke erfarne partiveteranar. Det er ikkje berre regjeringsmakt som byter hender etter årets val.

Mange politiske tungvektarar leverer nøklane til Stortinget.

Dei aller fleste har tapt nominasjonen eller valt å ikkje stilla til nyval.

Men valnatta er det også fleire profilar som kan få ein ufrivillig exit frå rikspolitikken

Ved midnatt er kampen mot sperregrensa framleis open. I Hordaland kjempar to sitjande statsrådar om sikre mandat.

KrF, Venstre og MDG har gjennom valkvelden veksla på å ligga over og under streken.

– Eg skal ikkje sprette noko champagneflaske på mange timar enno, sa klimaminister Sveinung Rotevatn (V) til NRK like over klokka 22.

Siv Jensen på vei ut av Stortinget med valpen Karma

UT AV REKKA: Mangeårig partileiar Siv Jensen vil ikkje lenger ha Stortinget som arbeidsplass.

Foto: Lise Åserud / NTB

Kampen om sperregrensa

Rødt og Venstre fikk over 4% av stemmene nasjonalt, og får flere stortingsrepresentanter. MDG og KRF var veldig nær, men havner under sperregrensa.

Regjeringstrio takkar av

Måndag markerer slutten for mange av dette tiåret års mest sentrale politikarar.

Ifølge ei oppteljing gjort av NTB er det til saman 50 av Stortingets 169 faste representantar som ikkje tek attval. 19 kvinner og 31 menn utgjer nær ein tredel av alle rikspolitikarane.

Ut forsvinn mellom anna tre av dei mektigaste rikspolitikarane dei siste åtte åra: Siv Jensen, Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide.

Alle har i denne perioden takka av som leiarar for kvar sitt parti, og alle har sagt nei til attval.

Bak dei er lista lang over erfarne og toneangivande folkevalde som har vald å ikkje stilla til attval. Andre har tapt jamne nominasjonskampar.

Jon Georg Dale (Frp)

UT: Tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale tek ikkje attval til Stortinget.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Framstegspartiet: Tunge kandidatar går ut

Blant partia som får stor utskifting på Stortingsbenken etter årets stortingsval er Framstegspartiet.

Mangeårig partiformann Siv Jensen varsla i vinter at ho trekte seg som leiar for partiet. Ho varsla samstundes at ho ikkje tek attval til Stortinget. Bakgrunnen var at ho ønsker å bruka meir tid på familie. Toppkandidaten frå Oslo har styrt Frp-skuta sidan partiets frontfigur gjennom 30 år, Carl I. Hagen, sa frå seg leiarvervet i 2006, mellom anna som finansminister gjennom seks år.

Frå Møre og Romsdal forsvinn tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale ut dørene. Heller ikkje han tar attval.

Det gjer heller ikkje tidlegare olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg, som har vore valt inn frå Nordland.

Den tredje eksstatsråden som gir seg i Frp si stortingsgruppe er Solveig Horne. Ho har vore vald inn sidan 2005 og sat som barne-, likestillings- og inkluderingsminister i fem år i Erna Solberg si regjering.

F.v. Aleksander Stokkebø, Bent Høie, Dag Terje Klarp Solvang, Erlend Jordal, Ane Mari Braut Nese og Margret Hagerup under Høyre sin valgvake på Gaffel og Karaffel i Stavanger

NEDTUR: Helseminister Bent Høie alvorstyngd under Høgre si valvake

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Høgre: Helseminister og forsvarsminister takkar av

Frank Bakke-Jensen har vore ein av dei mest markante statsrådane i Erna Solberg sine to regjeringsperiodar. Først som europaminister, deretter som forsvarsminister.

Bakke-Jensen startar til hausten i jobb som ny fiskeridirektør, ei åremålsstilling utnemnd i statsråd. Han tek dermed ikkje attval til ein ny periode på Løvebakken.

Ein annan Høgre-politikar som har blitt tildelt ny jobb frå regjeringa er helseminister Bent Høie. Gjennom koronapandemien har rogalendingen blitt blant regjeringas mest profilerte statsrådar.

Til hausten startar han i ny jobb som statsforvaltar i Rogaland – ein jobb han har søkt permisjon frå sidan han fekk jobben i 2018. Dermed er også hans dagar i rikspolitikken – for denne gong – talde.

Olemic Thommessen har vore vald inn frå Oppland sidan 2001. I perioden 2013–2018 var han stortingspresident. Heller ikkje han tek attval for Noregs nest største parti.

Høgre-veteran Michael von Tetzschner, som mellom anna har vore byrådsleiar i Oslo, er ferdig på Stortinget etter 12 år. Tetzschner sto på sjetteplass for partiet i Oslo, dei fekk inn fem mandat.

Knut Arild Hareide

TAKKA AV: Knut Arild Hareide

Foto: Truls Antonsen / NRK

KrF: Hareide og støttespelar gir seg

Det måtte eit mirakel til for at den mangeårige KrF-leiaren Knut Arild Hareide skulle halda fram i rikspolitikken. Hareide varsla tidleg at han ikkje tok attval. Og når valresultatet knuste draumen om ein historisk tredje periode for Erna sitt borgarlege prosjekt, betyr det takk og farvel for Hareide.

Agder KrF avviste parlamentarisk leiar Hans Fredrik Grøvan sitt forsøk på ein ny periode på Stortinget. Veteranen måtte gi tapt for Jorunn Gleditsch Lossius i nominasjonskampen, og dermed går han ut av Stortinget etter to periodar.

Heller ikkje leiar i helse- og omsorgskomiteen Geir Jørgen Bekkevold tar attval. Han har vore vald inn frå Telemark sidan 2009. I KrFs vegval i 2019 stod Bekkevold på raud side i lag med Hareide. Like etter at Hareide varsla at han ikkje tek attval, gjorde Bekkevold det same.

I Hordaland ser utviklingsminister Dag Inge Ulstein an til å sikra plassen. I Agder sikrar KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad sikker plass. Det same gjer landbruksminister Olaug Bollestad i Rogaland.

Terje Breivik

UTE: Tidlegare nestleiar og parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik, tapte nominasjonskampen mot Sveinung Rotevatn.

Foto: Geir Olsen / NTB

Venstre: Statsråd på vippen

I Hordaland kjempa klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn lenge ein intens kamp mot sperregrensa, men enda opp med utjamningsmandatet.

Etter å ha vunne nominasjonskampen mot tidlegare nestleiar Terje Breivik, kapra han stortingsplassen på Hordalands-benken.

Dermed mister Breivik, som også var parlamentariske leiar, plassen på Stortinget.

Også den mangeårige partileiaren frå Trøndelag takkar for seg.

Etter å ha leda Venstre i ti år gjekk Trine Skei Grande av i fjor haust. Ho tok over stafettpinnen etter Lars Sponheim, som trekte seg då partiet hamna under sperregrensa i 2009.

Det såg lenge mørkt ut, men nyvalt partileiar Guri Melby klarte denne gongen sperregrensa med god margin.

Arbeidarpartiet: Slutt for Giske

Arbeidarpartiet er den store valvinnaren trass i at partiet gjer sitt dårlegaste val nokon gong. Lista over partiveteranar som ikkje blir å sjå på Stortinget frå hausten av, er lang.

Av dagens 49 representantar, var det 17 som ikkje stilte til attval.

Blant dei mest omtalte dei siste åra er Trond Giske, partiprofilen som har hatt statsrådpostar i tre regjeringar.

I 2018 trekte han seg som nestleiar i partiet etter fleire varsel om upassande framferd.

Martin Kolberg er ein av partinestorane i Arbeidarpartiet. Han har sidan han blei vald inn for Buskerud i 2009 hatt mange tunge komiteverv på Stortinget. I tillegg heldt han statssekretærpostar på 90-talet.

Blant andre prominente representantar som går ut dørene er dei forholdsvis unge stortingsrepresentantane Marianne Marthinsen og Jette Christensen.

Om nokon av desse gjer rikscomeback i ein regjeringskabal står att å sjå.

Liv Signe Navarsete

FIRE PERIODAR: Liv Signe Navarsete gjekk rett inn som statsråd då dei raudgrøne tok makta i 2005. Sp er soleklart størst i heimkommunen Lærdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Senterpartiet: Navarsete gir seg, Bøhler ute

Tidlegare partileiar og samferdsleminister Liv Signe Navarsete tek ikkje attval etter fire periodar og 18 år på Stortinget.

Ho var den einaste av partiet sine 18 representantar som ikkje tok attval før årets stortingsval.

På spørsmål om ho er open for ein ny regjeringspost svarar veteranen frå Lærdal slik:

– Nei, det tippar eg at eg ikkje er. Men skulle spørsmålet koma så får eg tenkja over det.

Jan Bøhler

UTE: Jan Bøhler vart toppkandidat for Sp etter å ha gått over frå Ap. Sp gjekk fram i Oslo, men det var ikkje nok til å sikre eit mandat.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Jan Bøhler gjekk over til Sp frå Ap i fjor, og vart toppkandidat for partiet i Oslo. Men partiet fekk ikkje mandat i Oslo, og dermed er veteranen ute av Stortinget etter 16 år.

Sosialistisk Venstreparti

Sju av partiets ti sittande stortingsrepresentantar sa ja til attval i år.

Solfrid Lerbakk (Rogaland), Arne Nævra (Buskerud) og Nicholas Wilkinson (Akershus) er dei einaste som ikkje tek attval. I tillegg er Karin Andersen ute av Stortinget. Ho stilte til val frå Hedmark.