Hopp til innhold

Meir ekstremvêr aukar presset på å demme opp verna vassdrag

Flaumskadar for fleire hundre millionar skaper nytt press på å bygge ut verna vassdrag.

Supphelledalen

NYE TIDER: «20-årsflaumar» kan bli regelen meir enn unntaket. Det taler for å vurdere balansen mellom naturvern og flaumvern på ny, seier Høgre. På bilete: Supphelledalen i Sogndal.

Foto: Torje Bjellaas

Skademeldingane tikkar framleis inn etter flaumen på Voss sist helg. Truleg er det skadar for meir enn 100 millionar kroner.

For mange kommunar er regulering av vassdraga ikkje berre ei avveging mellom kraftinntekter og naturvern.

Det er også eit spørsmål om flaumsikring.

Forklaringa er at kraftmagasin i elvane gjer at dei kan «porsjonere» vatnet og sleppe det ut i handterlege mengder under vårløysinga eller når hauststormane rasar.

Ifølgje ein rapport frå Energi Noreg sparer denne metoden landet for meir enn 100 millionar kroner i flaumskadar kvart år.

I går melde NRK at «20-årsflaumar» kan bli regelen meir enn unntaket.

Det taler for å vurdere balansen mellom naturvern og flaumvern på ny, seier Olve Grotle i Høgre.

No har Voss vorte hardt ramma to gonger på berre åtte år. Skal vi då berre sitje roleg å sjå på at det skal skje igjen? spør han.

Han legg til:

– Vi må tenkje nytt, og opne for avgrensa utbygging i dei vassdraga kor flaumsikring er nødvendig. Det vil fjerne risikoen for flaum og i tillegg skaffe oss kraft.

Flom på Voss, dronebilde etter

Høgre meiner «omsynsfull kraftutbygging», «minimal reduksjon av verneverdiane» og betre flaumvern kan gå hand i hand.

Foto: KENNETH KLEPPE / UAS VOSS

Gode grunnar til å sjå på denne vektinga på nytt

NRK har vore i kontakt med ordførarar i flaumutsette kommunar som resonnerer på same vis: Om spørsmålet er naturvern eller flaumsikring, må sistnemnde gå føre.

  • Per Atle Kjøllesdal (Sp), ordførar i Stryn: Etter mitt syn er det mange gode grunnar til å sjå på denne vektinga på nytt i lys av dei utfordringane vi står framfor.
  • Audun Mo (Ap), ordførar i Lærdal: Det kan sjå ut som vi bør sjå på dette ein gong til.

På Stortinget har flaumvern gjennom kraftutbygging sine ivrigaste støttespelarar i Frp og Høgre.

Det er ganske absurd at regjeringspartia lukkar auga for nye og effektive tiltak som kan hindre flaum, seier Terje Halleland i Frp.

Trass tidlegare signal om oppmjuking, vedtok Stortinget i juni at vernet av 394 norske vassdrag skal liggje fast.

I mai tok programkomiteen i Vestland Høgre til orde for å gå gjennom fredinga av alle vestlandske elvar, mellom anna av omsyn til flaumdemping.

NVE har anslått at framtidig flaum- og skredsikring på landsbasis vil koste om lag 85 milliardar kroner.

I Aurland vedtok kommunestyret nyleg at dei skal sjå på ulike måtar å sikre Flåmsvassdraget, som i dag er verna.

Flom på Voss

Skademeldingane tikkar framleis inn etter flaumen på Voss sist helg.

Foto: Tom Hansen / TOM HANSEN

Snikinnfører nedbygging av vassdrag

Forsøket på å balansere naturvern, tryggleik og verdiskaping har prega den politiske samtalen om kraftutbygging heilt sidan den industrielle revolusjonen på 1800-talet, og har vore sentral i identitetsbygginga til den norske miljørørsla.

– Vi må ikkje rokka ved prinsippet om at vern er vern. Det viktigaste vi kan gjere for å dempe flaumar er å ta vare på og restaurere øydelagt natur. Det er særleg viktig at vi tek vare på myr, skog og vegetasjon, seier MDG-leiar Arild Hermstad.

Birgit Oline Kjerstad i SV seier nye, flaumførebyggande tiltak «kan bli nødvendig», men at dette må skje innanfor dagens rammer, «ikkje gjennom å regulere verna vassdrag».

Førestillinga om at vi «kraftregulerer» oss bort frå flaumfaren med å opne for kraftutbygging i verna vassdrag blir for enkel, seier ho.

Ho legg til at «behovet for å verne vassdrag ikkje vert mindre fordi klimarisikoen aukar».

Her må vi sjå på kvart enkelt vassdrag og vurdere kva som er teknisk og miljømessig forsvarleg. Det betyr ikkje nødvendigvis å endre balansen mellom vern og kraftutbygging.

Flom på Voss

– Det er ganske absurd at regjeringspartia lukkar auga for nye og effektive tiltak som kan hindre flaum- og skred, seier Terje Halleland i Frp.

Foto: Tim Tønnessen / NRK

Stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug, seier høgresida bruker flaumvernet som brekkstong for å «snikinnføre nedbygging av vassdrag»:

Ja, vi må betre flaumsikringa, men det må skje uavhengig av ny utbygging av vasskraft. Berre då har tiltaka truverd, seier ho.

Også Arbeidarpartiet er «skeptisk til å bruke flaumen på Voss som påskot for eit frislepp av kraftutbygging i verna vassdrag».

Det seier Linda Merkesdal (Ap), som er medlem av Stortingets energi- og miljøkomité.

I verna vassdrag blir det føresett at andre flaumdempande tiltak er greidde ut først, at liv og helse står på spel og verneverdiane ikkje vil påverkast nemneverdig.

Flom på Voss

– Ja, vi må betre flaumsikringa, men det må skje uavhengig av ny utbygging av vasskraft. Berre då har tiltaka truverd, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Foto: Tim Tønnessen / NRK