– Eit eige kraftanlegg vil gje ein ny giv til grenda og kommunen vår, seier Nils Magne Gjengedal, som eig deler av Gjengedalsvassdraget i Nordfjord.
Svigerdotter Ragnhild stemmer i:
– Eit kraftverk vil få positive ringverknadar og stor betydning for korleis vi kan drive garden vidare, seier ho.
Gjengedalsvassdraget figurerer på ei liste over kva vassdrag Høgre vil «av-verne» eller slutte å frede.
I alt tel lista ti elver: Opo, Vossavassdraget, Granvinsvassdraget, Eikedalsvassdraget, Flåmsvassdraget, Strynevassdraget, Gjengedalsvassdraget, Løkjelsvassdraget i Etne, Verdalsvassdraget og Vefsnavassdraget.
Lista vart kjent torsdag morgon og har sidan blitt mottatt med ei blanding av hoderisting og anerkjennande nikk.
Olje- og energidepartementet sa nei til kraftutbygging i Gjengedalsvassdraget i 2018.
I søknaden er det førespegla at elva kan produsere opp mot 150 GWh årleg, som ville gjeve mellom tre og fem millionar kroner i kraftinntekter til Gloppen kommune, som i dag er Robek-lista.
Erling Sande frå Gloppen er stortingsrepresentant for Senterpartiet.
– SV og MDG er kjapt ute og protesterer. Likevel gjev dei inntrykk av at dei sit med nøkkelen på klimakrisa. Det går ikkje i hop. Vi må sjå på kva verneverdiar som er grunnen til elvevernet, og om vi kan produsere vasskraft utan å svekke desse, seier han.
MÅ SJÅ PÅ: - Vi må sjå på kva verneverdiar som er grunnen til elvevernet, og om vi kan produsere vasskraft utan å svekke desse, seier Erling Sande frå Senterpartiet.
Foto: Torunn Flatjord / Senterpartiet– Dette et djupt urovekkande
– Det går ikkje an å peike på eitt og eitt vassdrag på den måten denne lista legg opp til. Vårt utgangspunkt er at det skal vere mogleg å søke om å byggje ut alle vassdrag, men at ingen skal vere godkjent på førehand, seier Frank Sve, som er energipolitisk talsperson i Framstegspartiet.
I MDG og Venstre vert lista motteken som eit teikn på «det enorme presset på verna norsk natur».
– Dette er berre starten og difor djupt urovekkande, seier Alfred Bjørlo frå Venstre.
EIN VITS: – At Høgre kallar seg et konservativt parti er rett og slett ein vits, for naturen er dei uinteressert i å bevare, seier Sofie Marhaug, som representerer Raudt og er 2. nestleiar i olje- og energikomiteen på Stortinget.
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK– Grov kunnskapsløyse eller rein kunnskapsforakt
Venstre-kollega Ola Elvestuen protesterer mot at utbygging og vern i det hele tatt let seg kombinere, slik Høgre (og Arbeidarpartiet) legg til grunn.
– Dette er klassisk utbygging seld inn med andre ord, seier han.
Stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson seier til NRK at han «som biolog vert uhyre oppgitt av flosklane om å bygge ut verna vassdrag utan å påverke verneverdiane».
– Eg veit ikkje om det er berre grov kunnskapsløyse eller rein kunnskapsforakt, men denne lista viser at Høgre ikkje aner kva naturvern betyr i vår tid, seier han.
Marthe Hammer representerer SV på fylkestinget i Vestland. Åtte av ti elver på lista er på Vestlandet.
– Å opne for verna vassdrag er å starte i feil ende. Det er ein grunn til at dei er verna. I staden må vi få fortgang i ENØK-tiltak. Her er det eit enormt uutnytta potensial, seier ho.
FEIL ENDE: – Å opne for verna vassdrag er å starte i feil ende. Det er ein grunn til at dei er verna, seier Marthe Hammer i SV.
Foto: Sølve Rydland / NRK– Rett og slett ein vits
– At Høgre kallar seg et konservativt parti er rett og slett ein vits, for naturen er dei uinteressert i å bevare, seier Sofie Marhaug, som representerer Raudt og er 2. nestleiar i olje- og energikomiteen på Stortinget.
Kjell Ingolf Ropstad, som sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, likar heller ikkje lista.
– Vi er kritiske til dette, og effekten vil vere liten, seier han.
Energipolitisk talsperson for Høgre, Bård Ludvig Thorheim, som har vore med å utarbeide lista, legg til grunn at utbygging i verna vassdrag kan gi 5 TWh i året «utan at du minskar dei naturverdiane som er bakgrunnen for vernet».
NVE-direktør Kjetil Lund har tidlegare sagt til NRK at det «neppe er mykje kraft å hente i verna vassdrag utan å gå inn i indrefileten av norsk natur».