Hopp til innhold

Stengjer i smittefrykt: – Vi kjenner oss utrygge

Auke i koronasmitte gjer at nokre vel å stengje eller skalere ned drifta. – Overraskande om fleire gjer det same, seier NHO reiseliv.

Feigesagi kafe i Luster kommune

STENGJER: Kafeen Feigesagi er inne i sin andre sesong. No blir kafeen blir stengd for resten av sommaren.

Foto: Privat

– Vi føler ikkje at det er trygt nok for oss og for gjestene våre når grensene har opna for land med aukande smittetrykk, seier Anne Merethe Kvalsøren.

Ho driv Feigesagi kafé saman med mor si. Kafeen ligg idyllisk til like under Feigefossen i Luster kommune, og har blitt eit populært turistmål.

Men aldri så godt at det ikkje er vondt for noko.

– Vi kjenner oss meir utrygge når det har auka på med utanlandske turistar, seier Kvalsøren.

No stenger dei kafeen for resten av sommaren. Men Kvalsøren presiserer at kafeen ikkje er levebrødet deira.

Anne Merethe Kvalsøren. Dagleg leiar av Feigesagi Kafe.

DAGLEG LEIAR: Anne Merethe Kvalsøren driv Feigesagi kafé saman med mor si.

Foto: Privat

Nye smittetilfelle

Fredag fekk ni nye personar påvist koronasmitte i Sveio.

På eit hurtigruteskip til kai i Tromsø er to tilsette smitta og lagd inn på sjukehus.

Vekerapporten til Folkehelseinstituttet viser 94 nye smittetilfelle førre veke. Til samanlikning var det 53 nye smittetilfelle veka før.

Dei fleste er smitta i utlandet.

Tidlegare denne veka fortalde NRK om ein frisørsalong som innførte eigne karantenereglar for dei som har vore utanlands.

Frisøranes fagforeining oppmoda fleire frisørar til å innføre same regel. Av omsyn til eiget smittevern.

– Vil forhindre at det blussar opp att

Halvannan times køyretur frå Feigefossen ligg Fjærland Fjordstove.

I likskap med kafeeigar Kvalsøren har fjordstovesjef Bård Huseby vald å skalere ned drifta.

– Vi og resten av reiselivsbransjen er ikkje tente med at koronaen blussar opp att, så vi vil gjere det vi kan for å forhindre det, seier Huseby til Sogn Avis.

Til NRK presiserer han at dei ynskjer alle besøkjande velkommen, sjølv om dei har sett det naudsynt å setje i verk nokre tiltak, som å redusere opningstidene i baren.

Ei undersøking Opinion har utført for Røde Kors, viser at ein av fire nordmenn tek lettare på enkle smitteverntiltak som handvask og fysisk avstand.

Bård Huseby

REDUSERT OPNINGSTIDER: Bård Huseby driv Fjærland Fjordstove. Der har dei mellom anna redusert opningstidene i baren av omsyn til smittevern.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Trur ikkje det er mange

Næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal seier hotell og restaurantar alltid har vore gode på smittevern.

Han seier at han blir overraska om fleire vel å stengje eller skalere ned drifta.

– Om nokon opplever utfordringar med smittevern, trur eg heller dei set i verk tiltak enn å stengje.

Den einaste grunnen til å stengje må vere om avgrensingane blir så store at det ikkje er mogleg å tene pengar, seier han.

– Men eg trur dei aller fleste ønskjer å halde ope. Vi har laga ein smittevernrettleiar som er mykje lasta ned og tatt i bruk. Dei har vist dei siste månadane at dei meistrar ein ekstremt utfordrande situasjon.

Ole Michael Bjørndal

ANDRE TILTAK: – Om nokon opplever utfordringar med smittevern, trur eg heller dei set i verk tiltak enn å stengje, seier Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv.

Foto: NHO

– Best om dei heldt seg heime

Steinar Rorgemoen er blant dei som fortløpande vurderer om dei skal halde ope.

Han driv Luster nature guides og sommarkafeen Nesten heime i Solvorn.

– Helsa til våre eigne folk og våre gjester går føre kroner og øre, seier han.

Han har hatt mange nordmenn innom kafeen i sommar, og merker at det no kjem fleire utlendingar.

– Eg skulle ønske at nordmenn heldt seg i Noreg i år, og at andre også heldt seg i sine heimland denne sommaren, seier han.

Det er Anne Merethe Kvalsøren ved Feigesagi kafé samd i. Litt lattermild seier ho:

– Vi set så klart pris på alle dei utanlandske turistane. Men akkurat i år hadde det vore best om dei hadde heldt seg heime.