Hopp til innhold

Medisinstudent Sara (26) opprørt etter at 31 viktige legeplassar plutseleg blei kutta

Sara Soraya Eriksen (26) fryktar regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vil gjera legemangelen større.

Sara Soraya Eriksen, medisinstudent.

INNSPURT: Sara Soraya Eriksen er snart klar for eit langt liv med legefrakk, men først skal dei nyutdanna legane kjempa for å få LIS1-plass.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Inne på ein lesesal på Gades institutt i Bergen er Sara Soraya Eriksen midt i innspurten for å gjera seg ferdig med medisinstudiet.

Samstundes er 26-åringen frå Førde også i gang med å søkja på ledige stillingar som LIS1-lege, eller lege i spesialisering.

For å spesialisera seg og få fast jobb som lege, må nyutdanna legar fullføra LIS1. Det som tidlegare blei kalla turnusteneste.

Soraya Eriksen har allereie vore på intervju.

– Men på eitt intervju fekk eg beskjed om dei i år hadde færre stillingar grunna forslaget frå regjeringa i statsbudsjettet, fortel ho.

Innspurt i studiet.

Det er fleire nyutdanna legar enn det er ledige stillingar som LIS1-lege. No er det frykt for at budsjettet skal gjera det endå vanskelegare å få slike jobbar.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Det er nemleg langt fleire nyutdanna legar enn det er LIS1-plassar. Og i forslaget til statsbudsjett for 2023 legg regjeringa opp til at 31 nye og planlagde plassar frå neste år vert kutta.

– Det er ganske oppsiktsvekkande, rett og slett, seier ho.

Yngre Legers Forening: Kan ikkje sitja i kø

Soraya Eriksen synest det er ekstra spesielt, sidan Noreg både slit med mangel på fastlegar og spesialistar.

– Ein har jo lyst å bruka ressursane sine og den kunnskapen ein har tileigna seg etter utdanninga, og ikkje enda opp i LIS1-kø, legg ho til.

Saka vart først omtalt i avisa Khrono.

Leiar i Yngre Legers Forening, Kristin Kornelia Utne, kallar forslaget for absurd.

– I statsbudsjettet vert det snakka om å styrkja psykiatri og allmennmedisin. Og det er nettopp i desse faga me manglar spesialistar. Skal me tilsetja fleire spesialistar treng me at legane kjem seg gjennom LIS1. Når dei vert ståande i kø, så vert det ikkje utdanna fleire spesialistar, seier Utne.

Leder for Yngre Legers Forening, Kristin Cornelia Utne jobber på en PC, med statsbudsjettet 2022 og følger for sykehusene.

Kristin Kornelia Utne i Yngre Legers forening meiner forslaget til statsbudsjett er håplaust.

Foto: Haakon Nesse Moreau / NRK

Må stoppa prosess

Eit av helseføretaka som får stopp i nye stillingar innan LIS1 er Helse Fonna sør i Vestland.

Frå 1. mars neste år skulle dei ha på plass ein LIS1-lege som skulle ha arbeid i barne- og ungdomspsykiatrien.

Det er eit viktig satsingsområde for dei.

Dette er stillingar som er viktige for Helse Fonna særleg med omsyn til framtidig rekruttering av legar. For LIS1 er dette ofte første møte med sjukehusa og gir godt grunnlag for å byggje relasjon for framtidig stilling i spesialisthelsetenesta, seier HR-direktør i føretaket, Helga Stautland Onarheim.

NRK har tidlegare omtalt at helseføretaket slit med å få tak i nok legar.

HR-direktøren vil ikkje kritisera budsjettforslaget frå regjeringa, men legg til at ho håpar pengane kjem etter kvart.

Statssekretær: – Må prioritera

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet seier dei har auka talet på LIS1-stillingar dei siste to åra. Og at dette er eit viktig område for dei.

– Me har auka talet med 200, opp til 1120, seier han.

Men i eit stramt budsjett måtte dei prioritera.

– I år har me prioritert 690 millionar kroner for løysa fastlegekrisa, noko som er ei historisk høg satsing. Då vart det diverre ikkje midlar til å få auka opp talet på LIS1-plassar, seier han.

Kristin Kornelia Utne meiner det er feil at dei har auka talet på LIS1 med 200.

– Det ville ha vore ein auke med 200 med dei 31 til neste år. Men no er dei kutta, meiner ho.

Både Kornelia Utne og medisinstudent Soraya Eriksen håpar no at eit fleirtal av politikarane på Stortinget snur og endrar forslaget.