Hopp til innhold

Manglar åtte av ni legar til hausten: – Me må avlysa timar nesten kvar dag

Seksjonsoverlege Philipp Reichel har varsla om bemanningskrise i fleire år. Tal frå NAV viser at mangelen på legespesialistar i Noreg er dobla dei siste tre åra.

Philipp Reichel, seksjonsoverlege Stord sjukehus

UROA: Seksjonsoverlege Philipp Reichel meiner situasjonen på Stord sjukehus er alarmerande.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Dei seks overlegane på medisinsk avdeling på Stord sjukehus har fått nok.

I eit brev sendt til styret i Helse Fonna kjem det fram at det er vanleg å jobba fleire timar overtid kvar dag og at kollegaer sluttar i frustrasjon.

– Det er kjempealvorleg, for ein kan ikkje driva eit sjukehus med ei slik bemanning, seier seksjonsoverlege Philipp Reichel.

Han har jobba på sjukehuset i 18 år, og seier utsiktene framover er mørkare enn nokon gong.

Forsvarleg drift av avdelinga vår og av Stord sjukehus er avhengig av at dette blir løyst i løpet av dei næraste vekene.

Overlegegruppa ved medisinsk avd. på Stord sjukehus

Stord24.no skreiv om brevet først.

Alle sjukehus slit med rekruttering

Dei siste tre åra er mangelen på legespesialistar dobla. Underskotet no er på 1200 legespesialistar, ifølgje bedriftsundersøkinga til NAV for 2022.

Yngre legars foreining seier alle sjukehus er råka, både små og store.

– Eg har vore i kontakt med stort sett alle tillitsvalde me har, og det er ikkje eit einaste sjukehus som ikkje har problem med rekrutteringa til ein eller annan spesialitet, seier leiar Kristin Kornelia Utne.

– Problemet er større på dei minste sjukehusa, men aukar generelt på alle sjukehusa.

Kristin Kornelia Utne

URO: – Mange sjukehus har problem med rekruttering av yngre legar og spesialistar, seier Kristin Kornelia Utne i Yngre legars foreining.

Foto: Michaela Klouda / Yngre legers forening

– Ordninga er for store sjukehus i byane

Så langt er det frå hausten berre tilsett lege i spesialisering (LIS2) i to av ni stillingar ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus, og ein av dei skal ut i fødselspermisjon.

I realiteten er då berre ei av ni stillingar fylt.

LIS-systemet har dei siste åra erstatta systemet med turnus og assistentlegar, og er utdanningsløpet for legar som skal spesialisera seg innan eit fagfelt.

Reichel meiner systemet fungerer dårleg for små og mellomstore sjukehus, blant anna fordi legane under opplæring tidlegare enn før må velja eitt spesialfelt.

– Ordninga er tilrettelagt det sentrale Austlandet, eller store sjukehus i større byar.

Philipp Reichel, seksjonsoverlege Stord sjukehus

FLEIRE ÅR: Philipp Reichel seier leiinga mange gonger er blitt varsla om dårleg bemanning.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kristin Kornelia Utne i Yngre legars foreining meiner det er fleire årsaker til manglande rekruttering, der det nye opplæringssystemet LIS berre er ein del av det.

– Legane på Stord skriv at kollegaer sluttar i frustrasjon. Er det ei verkelegheit de kjenner til frå andre stader?

– Absolutt. Intensiteten i arbeidsmengda er høg for legar på sjukehus. I vaktlag der ein manglar folk, må då dei resterande jobba meir. Då risikerer ein å mista endå fleire, og det blir berre verre og verre.

Fristbrot og lengre ventetid

Også ved Førde sentralsjukehus har dei rekrutteringsproblem, og fleire avdelingar er råka.

Verst er det på psykiatrisk avdeling. Der er berre ein av seks LIS-stillingar fylte.

– Det er urovekkjande få søkjarar på stillingar. Til dømes kan dei på ortopedisk avdeling lysa ut stillingar utan å få ein einaste kvalifisert søkjar. Det er veldig spesielt, seier Tarjei Nyhammer, som er tillitsvalt for LIS-legane i Helse Førde.

Han seier dei jobbar overtid nesten kvar dag, og håpar det ikkje skal påverka pasientane.

– Men det er klart at det vil føra til fristbrot og lengre ventetid i tilfelle som ikkje hastar.

Tarjei Nyhammer, lege Førde sentralsjukehus.

LIS-TILLITSVALD: Tarjei Nyhammer spesialiserer seg til å bli lungelege, og er no under opplæring ved Førde sentralsjukehus. Han meiner problemet med rekruttering er veldig alvorleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For rundt eitt år sidan gjekk styret i Helse Førde inn for ein omfattande rekrutteringsstrategi med 58 tiltak.

– Eitt av tiltaka me skal jobba med i år, gjeld rekrutteringa av LIS-legar. Det har me trua på, men sjølve effekten av tiltaka vil me nok tidlegast sjå neste år, seier HR-direktør Arne Skjelten.

Helse- og omsorgsdepartementet seier at det over tid har vore ei særleg utfordring å rekruttera til dei mindre sjukehusa i distrikta.

– Difor har me gitt oppdrag til dei regionale helseføretaka om å setja i verk tiltak for å styrka rekruttering og spesialistutdanning for legar ved desse sjukehusa, skriv statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i ein e-post til NRK.

Les heile svaret nedst i saka.

Må avlysa timar nesten kvar dag

Seksjonsoverlege Philipp Reichel seier legemangelen på Stord sjukehus allereie går utover pasientane.

– Sekretærane som planlegg poliklinikken, må nesten kvar dag avlysa oppsette timar på grunn av fråvær.

Han presiserer at det er trygt å vera pasient på sjukehuset, og at ein ikkje avlyser eller utset timar som er akutte.

Leiinga i Helse Fonna vil ikkje kommentera brevet frå legane før styremøtet 25. mai.

I ein e-post til NRK skriv kommunikasjonssjef Magne Kydland at rekrutteringsutfordringa ved sjukehuset har auka denne våren, og at det er noko leiinga tek på største alvor.

Administrerande direktør har hatt møte med HR-direktør og klinikkdirektør om saka, og fleire strakstiltak blir sette i verk.

Stord sjukehus, Helse Fonna

STORD SJUKEHUS: Brevet frå seks uroa overlegar ved medisinsk avdeling skal opp på styremøtet til Helse Fonna 25. mai.

Foto: Eirik Dankel