Hopp til innhold

Statnett struper den omstridde «englandskabelen»

Statnett har vedteke å setje ned kapasiteten på kabelsambandet mellom Noreg og Storbritannia.

North Sea Link legges på havbunnen mellom Norge og England

STRUPER DENNE: Statnett publiserte i fjor ein analyse som seier at kablane påverkar prisane i Noreg med cirka 10 prosent.

Foto: Statnett

I ei pressemelding skriv Statnett at dei reduserer kapasiteten på englandskabelen frå 1.400 megawatt til 1.100 megawatt.

Avgrensingar på engelsk side har over tid ført til at den fastsette kapasiteten har vore større frå Noreg til Storbritannia enn andre vegen.

– For å realisere nytta av dei ulike sambanda er det viktig at det er ein god balanse i kapasiteten for import og eksport. For å sikre dette set vi no kapasiteten til det same nivået som partnarane våre på britisk side, forklarer konsernsjef Hilde Tonne.

Noreg har i alt 17 utvekslingskablar for straum til utlandet, med ein total overføringskapasitet på 8500 MW.

Blant desse kablane har ingen vore meir omstridd enn den såkalla «englandskabelen».

For nøyaktig eitt år sidan vekte det reaksjonar då «North Sea Link» for fyrste gong eksporterte på full kapasitet (1.400 MW).

Les også No går englandskabelen på full kapasitet

Bildet er fra leggingen av North Sea Link på britisk side av Nordsjøen.

Andre har innvendt at den lengste undersjøiske straumkabelen i verda på sikt vil tene norske interesser.

Innan 2030 er det venta at Storbritannia vil bli nettoeksportør av straum om lag halve året (53 prosent). Det viser ein ny rapport som er omtalt i The Times.

Hilde Tonne

Statnett reduserer kapasiteten frå 1.400 megawatt til 1.100 megawatt. – For å realisere nytta av dei ulike sambanda er det viktig at det er ein god balanse i kapasiteten for import og eksport, seier Hilde Tonne.

Foto: Julia Naglestad

Regjeringa seiar nei til kabel mellom Noreg og Skotland

Vedtaket om å strupe «North Sea Link» skjer same dag som regjeringa seiar endeleg nei til ein tilsvarande kabel mellom Noreg og Skotland.

Vedtaket var venta etter at finansminister Trygve Slagsvold Vedum alt i 2021 varsla at han ønsket å «gravleggje» den planlaga kabelen mellom Noreg (Eidfjord i Hardanger) og Skottland (NorthConnect).

6. februar varsla regjeringa at dei tok opp igjen behandlinga av NorthConnect-søknaden.

Les også NVE: Kan ikke stoppe strømeksport på grunn av høye priser

Strømkabler

29 vyrkedagar seinare er dommen klar: Noreg treng effektkapasiteten til vasskrafta, og søknaden er avvist.

– Etter ei samla vurdering har departementet komme til at det ikkje er grunnlag for å gi konsesjon til prosjektet slik det ligg føre i dag, heiter det i ei melding frå OED.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Ei partipolitisk avgjerd meir enn ei energipolitisk avgjerd

Energinettstaden Europower gjer eit poeng av at det er Ola Borten Moe (Sp), og ikkje olje- og energiminister Terje Aasland, som frontar nyheita.

«At Borten Moe blir sitert i pressemeldinga indikerer at dette er meir ei partipolitisk avgjerd enn ei energipolitisk avgjerd», skriv redaktør i avisa Haakon Barstad.

Lars Haltbrekken er energipolitisk talsperson i SV.

– Det er bra at regjeringa omsider avsluttar denne saka. North Connect-kabelen ville gjort norske straumprisar endå dyrare, når det vi treng er å sikre føreseielege prisar for folk, seier han.

Forbundsleiar i Industri Energi, Frode Alfheim, gler seg over den siste omdreiinga.

– Endeleg! Det var på høg tid at den seigliva kabelen vart send i grava for godt. Vi har kjempa imot dette hovudlause kabelprosjektet i ei årrekkje.

Les også Framleis stor krafteksport – trass «spare-instruks»

Svartefoss kraftverk i Fjaler kommune

Neste steg i kampen mot fleire utanlandskablar må etter Alfheims meining vere å seie nei til å fornye dei to kablane til Danmark, som snart når den tekniske levealderen sin:

– Vi forventar at regjeringa seier klart frå til Statnett at det ikkje er aktuelt å fornye desse kablane.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe.

Energinettstaden Europower gjer eit poeng av at det er Ola Borten Moe (Sp), og ikkje olje- og energiminister Terje Aasland, som frontar nyheita.

Foto: Javad Parsa / NTB