Hopp til innhold

No går englandskabelen på full kapasitet

Den omstridde straumkabelen mellom Noreg og Storbitannia gjekk i natt for fyrste gong på full kapasitet.

Bildet er fra leggingen av North Sea Link på britisk side av Nordsjøen.

BRITISK SIDE: Den såkalla «englandskabelen» kom i drift i oktober.

Foto: Christer Gilje / Statnett

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mellom klokka 01–04 i natt gjekk den lengste undersjøiske straumkabelen i verda, «North Sea Link», for fyrste gong på full kapasitet (1.400 MW).

Det var i natt store prisforskjellar, og Storbritannia hadde dei høgste prisane. Det førte til stor eksport dit frå Noreg, seier Marius Holm Rennesund, som er kraftanalytikar i Thema.

Import frå Tyskland og dei andre nordiske landa gjorde likevel at det var nettoimport til Noreg dei timane englandskabelen gjekk for fullt.

No må nok vere nok, sjølv for denne regjeringa. Med vedvarande og skyhøge straumprisar heng det ikkje på greip at Noreg skal eksportere enda meir kraft til utlandet, seier energipolitisk talsperson i Framstegspartiet, Terje Halleland.

Det var Tord Lien (Frp) som var olje- og energiminister da englandskabelen fekk klarsignal i 2014. Frp-leder Sylvi Listhaug har sidan sagt at partiet ville vurdert det annleis om dei visste korleis den europeiske kraftmarknaden ville utvikle seg.

Her skjøtes de to endene av North Sea Link sammen.

DÅ HAN MØTTE HO: Her skøytast dei to endene av North Sea Link saman.

Foto: Christer Gilje / Statnett

Kraftutvekslinga har vorte meir omstridd

Noreg har drive kraftutveksling med Norden og omkringliggande land sidan 60-talet. I det store og heile har norske politikarar vore samde om at kraftutvekslinga har tent landet godt.

Dei siste åra har likevel deler av systemet vorte meir omstridd, ikkje minst den såkalla «englandskabelen», som kom i drift i oktober.

97 prosent av kraftflyten gjennom kabelen er eksport.

Rødt fremma i haust eit forslag om å «utsette oppstart av normal drift av eksportkabelen inntil det er oppnådd normal fyllingsgrad i vassmagasina».

Framstegspartiet fremma i november eit forslag med liknande ordlyd der dei ber regjeringa om å «vektlegge norsk nasjonal forsyningstryggleik (…) og etablere eit system kor netto krafteksport stansast når magasinfyllinga er vesentleg lågare enn normalt».

Innstillinga frå begge parti skal handsamast i Stortinget neste veke.

North Sea Link

KAN ENDRAST: I konsesjonen for englandskabelen står det at vilkåra kan endres om «allmenne omsyn gjer dette nødvendig».

Foto: Statnett

Vil «gravleggje» den planlagde kabelen til Skottland

NRK melde i går at fyllingsgraden i norske vassmagasin er nede i 34 prosent. Mange magasin har hatt sitt lågaste nivå på 20 år.

Det er ikkje klokt å eksportere kraft no. Ikkje med denne fyllingsgraden, seier Rødt-representant Sofie Marhaug.

I desember varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum at han vil «gravleggje» den planlagde kabelen mellom Noreg og Skottland (NorthConnect).

I tillegg har regjeringa varsla at dei vil «gå i dialog» med EU og Storbritannia og «snu kvar stein» for å sikre stabilitet og rimeleg kraft i Noreg framover.

I konsesjonen for englandskabelen står det at vilkåra kan endrast om «allmenne omsyn gjer dette nødvendig».

– Vi må sikre at vi unngår lange periodar med rein eksport i periodar med låg magasinfylling, sa Marte Mjøs Persen (Ap) i februar, då ho var olje- og energiminister.

Statnetts kart over mellomlandsforbindelser
Norge har strømkabler til Sverige, Danmark, Nederland, Tyskland og England.
Statnett - utenlandskabler
Det er kablene til Nederland, Tyskland og England som har skapt mest bråk.
North Sea Link
I fjor gikk 25,5 terawattimer strøm ut gjennom kabler fra Norge til utlandet.
Det tilsvarer årsforbruket til 1,6 millioner norske husholdninger.
North Sea Link legges på havbunnen mellom Norge og England
Gevinsten ved å selge denne strømmen til land hvor prisene var høyere enn i Norge, var til sammen 7,4 milliarder kroner. Dette kalles flaskehalsinntekter.
Men halvparten av denne gevinsten havnet ikke i Norge – den gikk til utenlandske eiere av eksportkablene.
Nordlink
Statnett eier den «norske» halvparten av hver av utenlandskablene.
De fikk 3,7 milliarder kroner fra denne eksporten.

Påverkar prisane i Noreg med cirka 10 prosent

Straumutvekslinga mellom Noreg og utlandet er regulert av EØS-avtalen, frihandelsavtalen med Storbritannia og egne avtaler mellom Statnett og deira partnarar på utanlandsforbindingane.

– Vi meiner regjeringa bør gå i dialog med landa vi har kablar til for å få til ein reforhandling av vilkåra, sa SV-leiar Audun Lysbakken i Politisk kvarter på NRK.

Statnett har nyleg publisert ein analyse som seier at kablane påverkar prisane i Noreg med cirka 10 prosent.

Det betyr at det er andre forhold som har mest å si for dei høge straumprisane. Før vi gjer vedtak som kan påverke avtaler med nære handelspartnarar må vi nøye vurdere både effektar og konsekvensar av ulike tiltak, seier Niklas Kalvø Tessem, som er dagleg leiar i Kraftfylka.