Hopp til innhold

Ventar med å «gravleggje» ny utanlandskabel

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum vil «gravleggje» ny straumkabel til utlandet. Men Olje- og energidepartementet meiner det er for tidleg å seie.

Strømpriser

OMDISKUTERT: Takka vere skyhøge kraftprisar i Europa har Noreg i haust eksportert mykje straum sjølv om vi har hatt uvanleg låg vasstand i kraftmagasina i Sør-Noreg.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

Dei rekordhøge straumprisane i haust har fyrt opp debatten rundt «utanlandskablane», altså norsk kraftutveksling med utlandet.

I «normale tider» kan slike kablar bidra til meir stabile prisar, auka forsyningstryggleik og reduserte klimautslepp.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum under regjeringens pressekonferanse da de la frem lønnsstøtteordningen sist fredag. Vedum står under flombelysning, et stykke unna den blå skjermen bak talerstolen. Han har på blå dress og blått slips, hvit skjorte.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Foto: Terje Pedersen / NTB

Men i haust har ting vore alt anna enn normalt i kraftmarknaden: Takka vere ei kraftkrise i Europa har utanlandskablane bidrege til å smadre tidlegare straumprisrekordar i Sør-Noreg.

Onsdag sa finansminister og partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum til VG at søknaden om ein ny straumkabel mellom Noreg og Skottland, NorthConnect, ikkje vil bli vurdert.

– Det prosjektet skal gravleggjast, sa Vedum til avisa.

Simdalen til Peterhead

NorthConnect er planlagt å gå frå Simadalen i Hardanger til Long Haven Bay ved Peterhead i Skottland.

Dersom han blir bygd, vil han bli den fjerde straumkabelen mellom Noreg og land utanfor Norden. Frå før av har Noreg kablar til Nederland, Tyskland og Storbritannia.

Regjeringa varsla allereie i Hurdalsplattforma at ho ikkje vil godkjenne nye utanlandskablar i denne stortingsperioden.

Direktør i NorthConnect Tommy Løvstad skriv i ein e-post til NRK at det ikkje er noko nytt at Vedum er imot fleire samband for kraftutveksling med utlandet og vil gravleggje NorthConnect.

– Det som derimot er nytt er at Vedum no òg tek på seg rolla som olje- og energiminister. Behandling av konsesjonssøknader for kraftutveksling ligg til Olje- og energidepartementet ved Olje- og energiministeren, skriv Løvstad.

Ingen nye mellomlandssamband

Statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet skriv i ein e-post til NRK at departementet i mars 2020 kom fram til at det ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for å gjere vedtak i konsesjonssaka om NorthConnect. Først måtte det haustast erfaringar frå dei to kablane til Tyskland og Storbritannia som då var under bygging.

Statssekretær Amund Vik (Ap)

FOR TIDLEG Å SI: Statssekretær i Olje- og energidepartementet Amund Vik seier det er for tidleg å seie når det kan gjerast vedtak om NorthConnect.

– Sistnemnde kabel er nyleg sett i prøvedrift og det er for tidleg å seie når det kan bli gjort vedtak i konsesjonssaka. Som det kjem fram av tiltredingserklæringa til regjeringa til Stortinget, blir ikkje nye mellomlandssamband til utlandet godkjende i denne stortingsperioden, skriv Vik.

Løvstad i NorthConnect skriv at svaret frå Olje- og energidepartementet er i tråd med tidlegare informasjon frå departementet.

– Men det avvik vesentleg frå finansminister Vedums utsegner i går i samband med konsesjonsbehandlinga av NorthConnect. Vidare merkar vi oss at olje- og energiminister Mjøs Persen seinast i går påpeika at hybridkablar ikkje er omtalte i Hurdalsplattforma, men at det er ei moglegheit Olje- og energidepartementet greier no ut, skriv Løvstad.

Ein gammal konflikt

Det er ikkje berre finansminister Vedum som har uttalt seg om kablar i det siste. Også Senterpartiet-topp Marit Arnstad sa søndag førre veke til Dagens Næringsliv at Noreg bør reforhandle avtalane om kraftutveksling.

Vik i Olje- og energidepartementet svarte i går følgjande på spørsmål frå NTB om regjeringa ønskjer å reforhandle avtalane om kraftutveksling.

– Akkurat no må vi prioritere å løyse den situasjonen vi står i med svært høge straumprisar.

Usemje om utanlandskablar og kraftsamarbeid er ikkje noko nytt i norsk politikk. I 2018 gjekk 97 Arbeiderparti-ordførarar saman om eit opprop der dei bad Arbeidarpartiet på Stortinget om å seie nei til regjeringsforslaget om norsk tilslutning til EUs tredje energimarknadspakke.

Ein av initiativtakarane til oppropet var ordførar i Sunndal, Ståle Refstie:

– Mange med meg meiner at det allereie er bygd for mange mot kontinentet og Storbritannia, som fører til eksport av nødvendig straum og import av utanlandske straumprisar. Dagens situasjon viser dessverre at vi fekk rett, skriv Refstie i ein SMS til NRK.

Ståle Refstie, ordfører i Sunndal kommune

FEKK RETT: Ordførar i Sunndal Ståle Refstie (Ap) meiner dagast situasjon med høge straumprisar viser at dei som var mot utanlandskablar fekk rett.

Foto: Tore Ellingseter

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang var òg med på oppropet og framleis imot utanlandskablar. Han har engasjert seg mot utanlandskabelen NorthConnect.

– Som eg oppfattar Ap og dei andre raudgrøne partia har stansa. Eg meiner at det ligg godt til rette for grøn industriutvikling nær kraftproduksjonen, skriv Haug i ein SMS til NRK.

Roald Aga Haug (Ap)

STANSA: Ordførar i Ullensvang Roald Aga Haug (Ap) oppfattar det som at Ap og dei raudgrøne partia har stansa NorthConnect.

Foto: Lidvard Sandven

Forventar at vi er sjølvforsynte til våren

Også Frode Alfheim, forbundsleiar i Industri Energi, LOs fjerde største forbund, har vore skeptisk til fleire av kablane.

Det er greitt at vi kan slå oss på brystet og seie «kva var det vi sa», men vi tapte den diskusjonen i eit så godt som samrøystes Storting. No har vi den situasjonen vi har, og vi må få fart på energiproduksjonen i Noreg og få fart på det grøne skiftet, seier Alfheim.

Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi

TAPTE: Forbundsleiar i Industri Energi Frode Alfheim seier sidan dei tapte diskusjonen om utanlandskablar, så har vi den situasjonen vi har og vi må få fart på energiproduksjonen i Noreg.

Foto: Carina Johansen

Også Alfheim er glad for eit tydeleg signal i regjeringsplattforma til Ap og Sp om at det ikkje skal byggjast fleire kablar før vi ser konsekvensane av dei som er bygget.

Det minste eg forventar av norske styresmakter at vi er sjølvforsynte fram til våren, når snøen byrjar å smelte. Vi treng ikkje reforhandle. Vi er ikkje i stand til å oppfylle våre delar av kablane, seier Alfheim.

AKTUELT NÅ