Staten aukar tilsynet med bruken av fire- og sekshjulingar under jakt.
Den intensiverte jakta kjem etter det feltarbeidarar i Statens naturoppsyn (SNO) omtalar som stadig fleire tilfelle av ulovleg motorferdsel på barmark.
– Vi har avdekt ein omfattande bruk av ATV til transport til hytter og jaktbasar under jakta. Derfor vil vi i haust ha eit auka tilsyn, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Sist laurdag oppdaga Statens naturoppsyn (SNO) sju ATV-ar som var parkerte i eit sårbart naturområde i Bremanger i Vestland.
Funnet resulterte i sju meldingar, ettersom det ikkje var spor etter dyr som var skote.
I dag seier lova (sjå under) at køyretøya berre kan brukast til å hente ut vilt som er felt.
Sist laurdag oppdaga Statens naturoppsyn sju køyretøy som var parkerte i eit sårbart naturområde i Bremanger.
Foto: SNO
– Store konsekvensar for naturen
Noreg har historisk sett hatt ein restriktiv praksis for motorferdsel i naturen, og det er i utgangspunktet ikkje lov å nytte køyretøy til å transportere jegerar eller utstyr.
Regelen er vidare at føraren «så langt det er mogleg» skal bruke eksisterande traktorvegar eller eldre køyrespor.
– Motorferdsel på barmark har store konsekvensar for naturen. Bruk av motoriserte køyretøy under jakta kan føre til skade på terrenget, og forstyrre fugle- og dyrelivet, seier Hambro.
Etter at dei første ATV-ane kom til landet på 80-talet, har talet på firehjulingar i dag passert 90.000 på landsbasis.
– Motorisert ferdsel i naturen er eit aukande problem. Vi er glade for at Miljødirektoratet no intensiverer kontrollen for å få bukt med dette, seier Lars Haltbrekken (SV) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Foto: Statens Naturoppsyn
– Manglande respekt for lova motiverer til ytterlegare lovbrot
Sjølv om regelverket er tydeleg på at det ikkje er lov å nytte seg av køyretøy før dyret er skote, kan jaktlag søkje kommunen om løyve til å ta med køyretøy til jaktbasar ute i terrenget.
– Det er eit stort problem at forbodet mot motorferdsel i utmark ikkje blir handheva. Dette gir manglande respekt for lova, og tragedien er at det motiverer til ytterlegare lovbrot, seier Vigdis Vandvik som er professor i økologi ved UiB.
Ho seier den norske fjellnaturen er «spesielt sårbar» for slike inngrep fordi vi har korte vekstsesongar, sakteveksande plantar, fuktige og karbonrike jordsmonn, og mykje nedbør, noko som gir sårbarheit for erosjon.
– Skadane frå køyrespor er ofte synlege, og har effekt i mange år etter at inngrepet har skjedd, seier Vigdis Vandvik som er professor i økologi ved UiB.
Foto: Statens naturoppsyn
Press på å mjuke opp regelverket
I debatten om motorferdsel i naturen har nasjonale krav stått mot ønsket om meir lokale tilpassingar, symbolisert ved Sametinget der Norske Samers Riksforbund (NSR) og Nordkalottfolket har ivra for å liberalisere regelverket.
Vidare har krav til «universell utforming» skapt press på å mjuke opp regelverket av omsyn til funksjonshemma som er forhindra frå å ta seg ut i naturen «for eiga maskin».
I handlingsplanen til regjeringa «Berekraft og likeverd» heiter det at «tilgjengelegheit for alle gjennom Universell utforming er eit sentralt prinsipp for å nå viktige grupper, og er formålstenleg der det ikkje er negativt for naturverdiar og opplevingskvalitetar.»
Norges Jeger- og Fiskerforbund laga i fjor ein informasjonsvideoder dei oppmodar jegarar til å fare varsamt fram ved ferdsel i utmark for å minimalisere spora.
– Vi oppmodar alle jegerar til å ta omsyn til gjeldande lovverk under jakt. Når det gjeld motorisert ferdsel i utmark, så skal det avgrensast til uttransportering av felt vilt, nærare bestemt elg, hjort og villsvin, seier Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Han legg til:
– Transport av jegerar til jakt er ikkje tillaten.
– Vi har avdekt ein omfattande bruk av ATV til transport til hytter og jaktbasar under jakta. Derfor vil vi i haust ha eit auka tilsyn, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.