Hopp til innhold

Stadig fleire nordmenn er bekymra for tap av norsk natur

6 av 10 nordmenn meiner det blir bygd ned for mykje natur i Noreg, viser fersk undersøking. Staten svarar med kart og auka satsing på skogvern.

Naturtap i Norge

INNGREP: Dei siste fem åra har det blitt gjort 44.000 inngrep i norsk natur. Biletet viser fleire inngrepa NRK har avslørt.

Foto: Alf Hartgen

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein ny spørreundersøking frå februar viser at 6 av 10 nordmenn meiner vi tillét for mykje utbygging i norsk natur i dag.

Undersøkinga er gjort av Ipsos på vegner av Norsk friluftsliv blant 1088 personar i veke fem og seks.

Eit steinbrot-ja i helleristingsfelt i Bremanger har den siste veka på nytt fått debatten om naturtap til å blusse opp.

Frå talarstolen på Stortinget samanlikna Alfred Bjørlo (V) kommunepolitikarar med festglad ungdom utan vaksne til stades. Dette fekk statsråd Erling Sande (Sp) til å rase.

Les også Sinne etter påstand om «heime aleine-fest»

Spørretimen i Stortinget

NRK har tidlegare avslørt at dei siste fem åra er blitt gjort 44.000 inngrep i norsk natur.

No byrjar det norske folk for alvor å sjå kva som skjer i naturen, skal ein tru tilsvarande spørreundersøkingar som blei gjort for Norsk friluftsliv også i 2021 og 2023.

Berre sidan 2021 har talet på dei som meiner vi tillét for mykje utbygging auka med nesten 20 prosentpoeng til 64 prosent i 2024.

Endringa frå sommaren 2023 til 2024 utgjorde ein auke med 8 prosentpoeng.

– Det er på tide å «trekke i nødbremsa» på vegner av norsk natur, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).

Sjå fleire reaksjonar under.

Truls Gulowsen
Eivind Molde

Truls Gulowsen, leiar for Naturvernforbundet

Trenden i desse tala stemmer med vår oppfatning, og eg trur den siste tidas hyttebygging, vindkraftutbygging og svært store motorvegar for 110 har gjeve det norske folk ein ganske brå oppvåkningseffekt om at ting ikkje heilt er som dei trudde det var med norsk natur. Solid arbeid frå NRK med hav, skog og oppsynsmannen har nok også bidratt, og eg håpar parti og politikarar no også vil endre politikk i tråd med folkemeininga og innføre ein strengare naturpolitikk framfor å tvihalde på gamle mytar om at utvikling krev nedbygging.

Marte Mjøs Persen
Alf Simensen / NTB

Marte Mjøs Persen (Ap), stortingsrepresentant

Eg forstår godt bekymringa som kjem fram i undersøkinga, og delar den bekymringa sjølv. Tap av biologisk mangfald er ein av dei største miljøutfordringane i dag, i tillegg til klimaendringane. Arbeidarpartiet meiner at ein berekraftig bruk av økosystema er avgjerande for å førebygge klimaendringane.

Olve Grotle
Håkon Mosvold Larsen / NTB

Olve Grotle (H), stortingsrepresentant

Det sterke fokuset på den globale natur- og klimakrisa, gjer det naturleg at stadig fleire meiner det blir bygt ned for mykje natur. Det viser at vi er i stand til å ta inn over oss vår tids store utfordring. Samtidig er det viktig med faktabaserte og kloke vurderingar når det gjeld bruk og endring av naturen, her medrekna avvegingane mellom viktige natur- og klimaomsyn og behovet livskraftige lokalsamfunn og næringsliv har til areal. I denne vurderinga høyrer det òg med at omstilling til det grøne skiftet krev bruk naturressursar, anten vi snakkar om fornybar energi, mineral eller andre ting.

Brot i forhandlingane om lakseskatt
Ole Berg-Rusten / NTB

Alfred Bjørlo (V), stortingsrepresentant

Eg er glad for at det store fleirtalet av nordmenn no slår alarm om den omfattande og ukontrollerte nedbygginga av natur landet rundt. Venstre meiner tida er inne til å «trekke i nødbremsa» på vegner av norsk natur – mellom anna ved å forby all hogst av gammalskog/ naturskog, meir vern av natur på land og til havs, og stoppe regjeringa sine planar om å gå laus på havdjupet også med mineralutvinning til havs. I denne saka er dei store partia – Ap, Høgre, Frp og Sp – rett og slett på kollisjonskurs både med Venstre og folk flest.

Jenny Følling
Ahmad Dean

Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord

Eg trur at den auka bekymringa blant nordmenn kan henge saman med at det er auka merksemd og fokus på nedbygging av sårbar natur.

Over tid har den største nedbygginga av sårbar natur skjedd i pressområda i kring dei store byane, og utbygging av firefelts motorvegar parallelt med jernbaneutbygging i sentrale strøk. Det har ført til enorme inngrep i naturen.

Då er det viktig at ein set inn innsatsen der og ikkje går laus på område det er for lite aktivitet.

Per Skorge
Eivind Molde

Per Skorge, Noregs Skogeierforbund

Nedbygging av natur gir store klimautslepp og i tillegg blir det mindre tilgang på klima- og miljøvennlege trematerialer. Om lag 6 % av Noregs årlege klimautslepp kjem frå nedbygging av skog og annan natur.

Det er avgjerande å redusere nedbygginga av natur. Allereie nedbygde areal må unyttes betre enn i dag. Dersom det ut frå samfunnsomsyn må byggjast ned skog, meiner vi det må skje ein tilsvarande påskoging på gjengroingsarealer. Dette kan skje på ein måte som gir ein variert skog.

Bjørnar Skjæran, tidlegare fiskeriminister for Arbeidarpartiet
Bjørn Olav Nordahl

Bjørnar Skjæran (Ap), stortingsrepresentant

Det er viktig å redusere nedbygging, særleg av matjord, men også av naturområde av viktig nasjonal og regional betydning. Samtidig vil eg ta avstand frå utsegnene frå Alfred Bjørlo, der han omtalar norske lokalpolitikarar på ein nedsettande måte.

Svarar med skogkart

I eit opprop frå eit hundretals forskarar, blant dei leiande skogsforskarar, har regjeringa blitt beden om å registrere og kartfeste dei siste naturskogane i løpet av 2025.

Dette har klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) no tatt tak i ved å gje Miljødirektoratet i oppdrag om å lage eit offentleg kart over den gamle skogen som ikkje er flatehogd.

– Skogane er levestad for 1330 truga dyr, fuglar, planter og insekt, og så mykje som 84 prosent av desse artane er knytt til gamal skog. Vi treng difor betre kunnskap om den eldste skogen, seier statsråden.

Kartet vil vere det første som gjev ein samla oversikt over naturskog i Noreg og vil vere nyttig for skogvernarbeidet i landet.

– Bravo, Andreas Bjelland Eriksen!, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.

– Gode miljønyheiter og stor takk til alle dei 167 forskarane som leverte eit opprop med krav om kartlegging, bevaring og handling, seier leiar for WWF Noreg, Karoline Andaur.

Dronefoto over utbygging av E39

Frå 2021 til 2024 har andelen som meiner det blir bygd ut for mykje i norsk natur auka frå 41 til 58 prosent.

Foto: PER-KÅRE SANDBAKK / NRK

Milliardsatsing på skog

Etter sterkt press frå opposisjonen har også regjeringa innvilga 1 milliard kroner i satsing på norsk skogvern.

EU har vedteke at skog og landsareal skal auka opptaket av CO₂ til 310 millionar tonn fram til 2030.

Les også Ny milliardsatsing på skogvern

Skog på Gran

I tillegg har staten verna 27 skogsområde fordelt på åtte fylke.

– Det byggast ned for mykje natur og om lag 6 prosent av Noregs årlege klimautslepp kjem frå nedbygging av skog og anna natur, seier administrerande direktør Per Skorge i Norges Skogeierforbund.

Naturskog. Den er åpen, lys slipper inn, grønnfargene spiller i flere toner. Trærne har krokete grener, bærer preg av å ha levd et langt liv.

I eit nytt kart skal Miljødirektoratet kartlegge naturskog som ikkje har vore flatehogd etter ca. 1940. Den første versjonen skal publiserast så snart som mogleg og seinast innan utløpet av 2024.

Foto: André Fagernæs-Håker / NRK

Natur vs. vekst

Fleire distriktskommunar slit med låge folketal og fråflytting, og er avhengig av vekst og nye arbeidsplassar.

I Bremanger, der dei har fått grønt lys til nytt steinbrot, vart det i fjor fødd 18 born. Ny botnrekord.

– Vi skal ikkje sei ja til alt, men vi treng vekst, seier Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Bildet syner Skorabotnvatnet. I bakgrunnen til høgre ser vi fjellet Aksla der det er vedteke å bygge nytt steinbrot.

På fjelltoppen Aksla i Bremanger har kommunaldepartementet godkjent steinbrot.

Foto: Bremanger kommune

Litt lenger sør i Sunnfjord kommune peiker ordføraren på at dei største naturinngrepa skjer rundt dei store byane.

– Det er viktig at ein set inn innsatsen der og ikkje går laus på område det er for lite aktivt, seier Jenny Følling (Sp).