Hopp til innhold

Solkraft kan forsyne fleire hundre tusen med straum

Solceller på taket forsyner Jo Inge og familien med straum. Men framleis står sola for berre ein promille av kraftproduksjonen i landet.

Solceller på taket

PRODUSERER STRAUM PÅ TAKET: Familien på Sandane la solcellepanel framfor takstein.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Ser du framover og det som er førespegla av straumprisar, vil denne investeringa berre bli betre og betre for oss, seier Jo Inge Solberg.

Då familien måtte ha ny takstein på huset sitt på Sandane i Gloppen, valde dei heller å installere solcellepanel.

Når det ikkje er snø og solstrålane treffer panelet på vår- og sommartid, produserer hustaket meir straum enn familien klarer å bruke. Overskotet vert selt tilbake til kraftselskapet.

Energilova seier at dei som sel elektrisitet må ha konsesjon frå NVE. Men kravet gjeld ikkje om straumproduksjonen «i hovudsak» er til eige forbruk.

Nye tal frå NVE viser at rundt 2400 solcelleanlegg vart kopla på det norske straumnettet i fjor.

Det betyr at kapasiteten til solkraftproduksjon auka med 30 prosent.

– Mykje tyder på at veksten i 2022 blir minst like sterk, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

Solenergi

FØLGER MED: Via ein app på telefonen kan Jo Inge Solberg følge med på solenergiproduksjonen på eige tak.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det endelege gjennombrotet for solceller

Ifølgje det internasjonale energibyrået IEA vil solkraft vere den fremste globale kjelda til elektrisk energi innan 2050.

I Nederland kjem i dag nesten 10 prosent av elektrisiteten frå solenergi.

I Noreg er solkraft framleis ein marginal faktor, men NVE anslår at solkraft «fort kan utgjere 5–10 TWh i årleg kraftproduksjon i løpet av dei neste par tiåra».

Til samanlikning produserte vasskraft 138 TWh i fjor. Vindkraft produserte 11,8 TWh. I løpet av eitt år bruker Oslo om lag 9 TWh.

– I Noreg er ikkje forholda for solkraft så gode som i andre land, men også her kan det gje eit betydeleg bidrag til kraftproduksjonen om nokre år, seier Lund.

Andreas Thorsheim er administrerande direktør hos solcelleleverandøren Otovo. Han seier det er fleire ting som driver interessa for solkraft.

Det eine er det i høge straumprisane, som har gjort at fleire har sett sparepotensialet i eigne solcelleanlegg.

Det andre er at Enova auka støtta til solcelle-installering i februar.

Med Ukraina-krigen som bakteppe, spår Thorsheim at solceller vil få ytterlegare vekst.

– Den politiske krisa mellom Russland og Vesten vil føre til det endelege gjennombrotet for solceller, fortel han i Elmagasinet.

Andreas Thorsheim er administrerende direktør i solenergiselskapet Otovo.

GJENNOMBROT: Med situasjonen i Ukraina og enda meir fokus på det som skjer med russiske gassprisar, har interessa for solceller mangedobla seg, fortel Andreas Thorsheim i Otovo.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Har stort potensial

I ein tale til EU-parlamentet onsdag sa EU-president Charles Michel at sanksjonar mot russisk olje og gass vil bli nødvendig «før eller seinare».

I dag kjem 38 prosent av gassen i Europa frå Russland, og i mars la Det internasjonale energibyrået IEA fram ein plan med ti punkt for å gjere det europeiske kontinentet mindre avhengige av russisk gass.

Eit av punkta handlar om auka satsing på solkraft.

– Sol er mange stader den billegaste energiforma vi har, samtidig er det ei menneskekrevjande energiform å byggje ut, seier Erik Stensrud Marstein, som er forskingssjef for solenergi ved Institutt for Energiteknikk.

Han legg til at Ukraina-krigen har skapt nytt momentum i energidebatten og at mange europearar får «ein vond bismak i munnen» når dei ser kor mykje av energimiksen som er russisk gass.

Tysdag la EU-kommisjonen fram ei femte sanksjonspakke mot Russland. For fyrste gong vert russisk energieksport ramma. Men ikkje gasseksporten, berre landets kolindustri.

EUs Charles Michel, president Emmanuel Macron og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen.

VIL HA MEIR SOLKRAFT: Onsdag sa EU-president Charles Michel at sanksjonar mot russisk olje og gass vil bli nødvendig «før eller seinare». Her saman med president Emmanuel Macron og EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

Fleire har søkt om støtte

I første kvartal i år hadde 489 private hushald i Noreg fått støtte til installerte solcelleanlegg.

Vi veit det er ganske lang ventetid for dei som har bestilt. Så vi ser føre oss store tal framover òg, seier Tor Brekke, seniorrådgjevar i Enova.

Med unntak av tida under pandemien har det vore ein jamn vekst for solenergianlegg sidan Enova starta å støtte slike tiltak i 2015.

For familien på Sandane er solcellepanela ei langsiktig investering. Dei har alt spart pengar fordi panela var rimelegare enn ny takstein.

Vinterstid kan det vere snø på taket og produksjonen er låg, men om våren og sommaren er produksjonen av straum gjerne høgare enn forbruket til familien.

Jo Inge Solberg trur fleire vil vurdere å skaffe seg slike anlegg framover.

– Når straumprisane skal oppover, så er det nok mange som tenker å få ned straumrekninga. Då er det kort veg til solcelleanlegg.

Har solcelleanlegg på taket

FORNØGD: Jo Inge Solberg og familien på Sandane har solcellepanel på taket. Solberg er godt fornøgd med investeringa.

Foto: Benedikte Grov / NRK