Hopp til innhold

EU-parlamentet vil boikotte russisk olje og gass

Eit overveldande fleirtal i EU-parlamentet har vedteke ein resolusjon om omgåande boikott av russisk olje og gass.

Forslaget – som er symbolsk viktig, men ikkje har noka formell kraft – fekk 513 stemmer torsdag, skriv den spanske EU-parlamentarikaren Luis Garicano på Twitter. 22 representantar stemde imot, medan 19 avstod frå å stemme.

Folka i Europa nektar å finansiere mord på dei ukrainske medborgarane våre. EU-rådet bør lytte, skriv Garicano.

Torsdag er det venta at EUs medlemsland vil gi grønt lys til den femte sanksjonspakken mot Russland, inkludert importforbod mot russisk kol. Olje og gass er ikkje på sanksjonslista i denne omgangen. EU-landa kjøper russisk energi for rundt 1 milliard euro per dag, men fleire land og EU-toppar har teke til orde for å gjere seg mindre avhengige av importen frå Russland.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no