Hopp til innhold

Sofia (9) kan rekne med å jobbe til ho er 80 år gamal

Talet på nordmenn som tek imot pensjon har passert éin million. Det skaper press på morgondagens arbeidstakarar.

Sofia Nedberge (9) og Klara Nyhus (9)

PENSJONIST I 2093: Forslaget til nytt pensjonssystem viser at Sofia (9) kan førebu seg på å stå i jobb til ho fyller 80 år.

Foto: Håvard Nyhus

Pensjonist er når du blir gamal, då er det ein pause frå jobb. Sånn som oldemor mi, seier Sofia Nedberge Frøyen, som er ni år gamal og bur i Førde.

Besteforeldra dine då?

Nei, dei jobbar. Men pensjonistar får faktisk pengar. For alle må ha det. Eg trur sånn femten tusen.

Har du tenkt på når du skal bli pensjonist?

Kanskje når eg er 70 år gamal. Men grått hår har ingenting å seie. Grått hår er ikkje det same som at du er gamal.

I juni leverte det såkalla pensjonsutvalet forslag til «eit forbetra pensjonssystem» til arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

– Utvalet har levert ei innstilling med stor grad av semje på tvers av partipolitiske skiljelinjer. Dette lovar godt, kvitterte ho.

Forslaget, som no er ute på høyring, viser at Sofia og resten av 2013-kullet må førebu seg på å stå i jobb godt etter fylte 70 år, og lenge etter at håret vert grått.

Som første generasjon kan fleire av dei innstille seg på å jobbe til dei er 80 år gamle (sjå raud graf).

Bakgrunnen for dei føreslåtte endringane er at vi lever stadig lengre, og at det blir færre yrkesaktive for kvar pensjonist.

Ny statistikk frå SSB viser at talet på dei som tek imot alderspensjon frå folketrygda no har passert éin million.

I 2021 fekk 1.040.000 alderspensjon frå folketrygda.

I aldersgruppa mellom 62 og 66 år valde 29,5 prosent å ta ut alderspensjon i 2021.

Pressekonferanse om krigen i Ukraina

– Utvalet har levert ei innstilling med stor grad av semje på tvers av partipolitiske skiljelinjer, seier Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Det er nokre sosiale hol

Pensjonsreforma frå 2011 introduserte store og grunnleggjande endringar i det norske pensjonssystemet.

Mellom anna det omstridde prinsippet om levealdersjusteringar som gjer at alderspensjonen blir justert etter forventa levealder for kvart årskull.

På same tid viser ein Fafo-rapport frå april at folk flest veit lite om pensjonsrettane sine og at kunnskapsnivået går langs tradisjonelle sosiale skilje som kjønn, alder, utdanningsnivå og inntekt.

I sin rapport slår pensjonsutvalet fast at pensjonsreforma frå 2011 var «heilt nødvendig», og at prinsippa i reforma må liggje til grunn i pensjonssystemet også framover.

– Pensjonsreforma frå 2011 lettar presset på finansane til staten på sikt, men så ser vi at det er nokre sosiale hol, sa Kristin Skogen Lund, som har leia utvalet gjennom to år.

Inga løysing på slitarproblemet

I dag er den ordinære pensjonsalderen 67 år, men det er mogleg å ta ut pensjon allereie frå du er 62 år gamal.

Så langt har forslaget fått blanda mottaking. Fagrørsla sitt eige pensjonsnettverk «Pensjon for alle» har varsla at dei vil leggje fram ein alternativ rapport i august.

Raudt har føreslått eit årleg tillegg på 25.000 kroner til alle som går av ved 62 års alder. Føresetnaden er at du har vore yrkesaktiv i meir enn 38 år.

– Utvalet har ikkje komme med noka løysing på slitarproblemet, seier sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad.

LO-kongressen vedtok i mai at det er behov for ei såkalla slitarordning i folketrygda, som gjer at folk i tunge, manuelle yrke kan gå av tidlegare dersom dei har behov for det.

I Sommarkvarteret 11. juli forklarte Skogen Lund at det er vanskeleg å skjerme «slitarane» mot levealdersjusteringar fordi slitarane er vanskelege å definere som gruppe.

Schibsted-sjef Kristin Skogen Lund er fortvila over regjeringas "stor-reingjering" i arbeidslivet. Ho tek Ukraina-krigen nesten personleg, og vedgår at ho ikkje fekk til å ta omsyn til "slitarane" i forslaget til pensjonsreform.

Schibsted-sjef Kristin Skogen Lund vedgår at ho ikkje fekk til å ta omsyn til «slitarane» i forslaget til pensjonsreform.

Eit grunnleggjande urettferdig forslag

Leiar i Fellesforbundet og sentralstyremedlem i Ap, Jørn Eggum, meiner forslaget til reform er «grunnleggjande urettferdig» og «vil gjere fleire uføre».

Vi seier klart nei til alle forslag om å heve nedre grenser for alderspensjon, seier han.

Direktør for arbeidsliv i NHO, Nina Melsom, seier dei støttar prinsippet om å heve aldersgrensa for uttak av pensjon.

Vi må justere aldersgrensene i takt med kor lenge vi lever, for å vise solidaritet med dei som kjem etter oss. Kjernen i eit pensjonssystem er at det må vere berekraftig over tid.