Hopp til innhold

Opnar dørene for 400 personar kvar jul – i år får berre halvparten plass

BERGEN (NRK): Årets jul kan bli ekstra tøff for mange vanskelegstilte. I Oslo er den opne julefeiringa for 2500 menneske avlyst. I Bergen får under halvparten vere med.

Korskirken i Bergen pleier å holdes åpen for alle som trenger det på julaften. Kjetil Sælen, i Kirkens Bymisjon.

IKKJE PLASS TIL ALLE: I år blir julefeiringa til Kirkens Bymisjon berre for inviterte. Det tenkjer Kjetil Sælen er trist.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Jula 2020 blir annleis og spesiell for mange. Det høge smittetrykket fleire stader i landet gjer at mange ventar i spaning på om dei faktisk kan reise heim til julefeiring.

Andre lurer kanskje på kor mange som kan vera samla under same tak.

Men for mange er julefeiringa vanskeleg kvart einaste år.

Anten det er personar i rus- og gatemiljøet, eller personar som av ein eller annan grunn ikkje har andre stader å halde til i jula.

Ikkje plass til alle

I år er det kanskje mange som gruar seg ekstra mykje. Vanlegvis står kyrkjedøra i Korskirken i Bergen open for om lag 400 gjestar julaftan.

Men i år vil det ikkje vera plass til alle som ønskjer å kome.

Haustens smittebølge og etterfølgjande strenge tiltak set grenser.

– Vi ønskjer å strekke ut ei hand til dei som treng det mest i jula. Så dette tykkjer vi er frykteleg trist, seier Kjetil Sælen i Kirkens Bymisjon i Bergen.

Kjetil Sælen i Kirkens Bymisjon planlegger julaften i Korskirken i Bergen.

SET PRIS PÅ TILBODET: Fleire spør allereie om sumaren om det vert julefeiring i Korskirken, fortel Kjetil Sælen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Fire feiringar med 40 gjester

Sælen har ansvaret for gjennomføringa av julefeiringa i Korskirken. I år blir det altså annleis.

– Jula er ikkje avlyst. I år inviterer vi dei som vi veit treng det mest. I samråd med to andre meinigheiter vil vi ha fire ulike julefeiringar, med 40 gjestar kvar.

Det betyr altså under halvparten så mange som plar å kome innom.

Sjølv om arrangementa er planlagd allereie, kan likevel ikkje Sælen love noko. Om smittetrykket aukar i Bergen, kan det hende feiringane blir avlyst.

Endeleg avgjerd skjer 1. desember. Men Sælen kan love at dei som treng det skal få julemat.

Avlyser julefeiring for 2500

I over 50 år har Alternativ jul i Oslo haldt dørene til Oslo Kongressenter open frå julaftan til 2. juledag.

Over 2500 gjestar, dei fleste frå rus- og gatemiljøet, var innom i fjor, saman med 950 frivillige.

Men i år blir dørene lukka.

– Det er med tungt hjarta. I den situasjonen vi har no, har vi ikkje sjanse til å gjennomføre dette, seier Henning Holstad, leiar av Alternativ jul.

Han fryktar konsekvensane av at fleire no ikkje har nokon stader å kome i jula.

– Eg er bekymra for at ting kan skje i rusmiljøet. Ein kan slite 24. november, men det er mykje verre å slite 24. desember.

Holstad kjem sjølv til å vere til stades utanfor kongressalen i Oslo julaftan heilt fram til midnatt, for å servere julegløgg til dei som ikkje har fått med seg avlysinga.

Planlegg å gjennomføre

Røde Kors, Blå Kors, Kirkens Bymisjon og Frelsesarmeen seier til NRK at dei planlegg for alle aktivitetar som dei pleier å tilby.

Men med ei eventuell forlenging av koronatiltaka kan det kan bli i mindre skala, eller eit redusert tilbod. Oslo strammar inn smittevernreglane denne veka og Bergen seier tiltaka kan bli forlenga.

Generalsekretær i Kirkens Bymisjon, Adelheid Firing Hvambsal, ber folk ta det auka smittetrykket på alvor:

– Når smitten aukar, går det utover dei mest sårbare. Mi oppmoding er at folk må ta smitteverntiltaka på alvor no, slik at dei sårbare ikkje blir meir råka enn naudsynt.