Hopp til innhold

Sjukehusdirektør fryktar fleire innlagde koronapasientar: – Dette er urovekkande

BERGEN (NRK): Talet på koronapasientar som treng sjukehusbehandling aukar over heile landet. Samstundes ser det ut som dei strenge tiltaka i Bergen kan bli forlenga.

Eivind Hansen

UROVEKKANDE: Administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland universitetssjukehus seier det kan bli nødvendig å redusere aktiviteten på enkelte avdelingar dersom talet på innlagde pasientar med covid-19 held fram med å auke.

Foto: Henrik Hauken / NRK

Gjennom helga blei fem nye koronapasientar innlagde på Haukeland universitetssjukehus.

To av desse får intensivbehandling. Totalt ligg 17 personar på sjukehus i Bergen fordelt på Haukeland og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Dei siste par vekene har det vore ein jamn auke i innlagde koronapasientar ved sjukehusa her i landet.

No er 135 pasientar innlagde ved norske sjukehus, ifølgje tal frå Helsedirektoratet. 16 av desse får intensivbehandling i respirator.

Haukeland-direktør Eivind Hansen er bekymra for utviklinga.

– Dette er urovekkande, men også venta. Vi ser ein tendens til ein auke i alderen på dei som blir innlagde, samanlikna med tidlegare i haust, seier Hansen.

Haukeland universitetssjukehus

HAUKELAND: 14 personar er i dag innlagde på Haukeland universitetssjukehus med covid-19.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Fryktar redusert aktivitet

Førebels har sjukehuset klart å halde normal aktivitet på alle avdelingar. Dette kan fort endre seg dersom det kjem fleire pasientar som treng intensivbehandling.

Sjukehuset jobbar framleis med å ta unna mange av operasjonane som blei avlyste eller utsette i vår.

– Får vi ytterlegare auke, som ein òg reknar med, er vi nøydde til å justere drifta, seier Hansen.

Han legg til at sjukehuset er betre rusta for å ta i mot koronapasientar no enn det dei var i vår.

Beate Husa

UTELUKKAR INGENTING: Helsebyråd Beate Husa (KrF) vil ikkje seia om tiltaka i Bergen og omegn blir forlenga, men vil ikkje utelukka noko.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Framleis høg smitte i Bergen

Samstundes som talet på sjukehusinnleggingar aukar, melder Bergen kommune om 93 nye smittetilfelle måndag. I løpet av helga har også ti nye bebuarar på sjukeheimar i Bergen fått påvist smitte.

Det er Bergen Røde Kors sykehjem og Løvåsen sykehjem som har flest smitta, med seks og åtte bebuarar som har testa positivt.

Helsebyråd Beate Husa (KrF) seier det førebels er for tidleg å slå fast om dei strenge tiltaka som blei innførte 7. november blir forlenga eller ikkje.

– Vi kan ikkje utelukke noko, men vi må sjå ein heilt tydeleg positiv trend viss vi skal løyse opp på tiltaka, seier Husa.

Restriksjonane gjeld både Bergen og sju nabokommunar, med til saman over 400 000 innbyggjarar. Blant tiltaka er maksimalt fem personar i private heimar, og påbod om heimekontor for alle som kan ha det.

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen i Bergen kommune seier til Bergens Tidende at mykje tyder på at tiltaka kan bli forlenga.

– Med såpass høge smittetal er det sannsynleg at desse 16 dagane med lokale tiltak på toppen av dei nasjonale ikkje er nok, seier fagsjefen.

– Vi ser ikkje ein nedgang i smittetallene enno, men vi følgjer situasjonen tett og håpar at tiltaka vil gje utslag på smitteutviklinga i løpet av denne veka, seier Husa til NRK.

Uansett kva som skjer, meiner byråden at bergensarane må førebu seg på at pandemien vil prege liva våre heilt fram til vaksinen er tilgjengeleg.