Hopp til innhold

Kyrkja og staten ueinige om folk klarer å sitte i ro

FØRDE (NRK): Berre 50 om gangen, elles glir folk i kyrkjebenkane mot kvarandre, meiner staten. – Folk greier å sitje stille, svarer kyrkja.

Ingvald Andersen Frøyen

PÅ PINEBENKEN: Sokneprest Ingvald Andersen Frøyen i Førde seier dei har vore flinke til å følgje smittevernreglane. Han er skuffa over at det no berre er 50 som kan vere til stades.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

På annakvar benk i Førde kyrkje i Sunnfjord ligg ein lapp om at han ikkje skal brukast. Alle som kjem må skriva seg inn, og alle må sprita hendene.

Sist søndag var det 120 personar på gudsteneste.

Men denne veka vart reglane strengare.

Heretter kan kyrkja berre sleppe inn 50 personar – fordi seta ikkje er fastmonterte, slik styremaktene definerer det.

– Då eg fekk vite dette, tenkte eg at det høyrast urimeleg ut, seier sokneprest i Førde, Ingvald Frøyen.

Om seta var fastmonterte, ville det vore tillate med 200 personar.

Men er ikkje kyrkjebenkar fastmonterte?

– Ja, om dei er merka og om folk har den nødvendige avstanden, svarte Espen Nakstad då VG hadde ein spørsmål- og svar-runde med den assisterande helsedirektøren førre veke.

Deretter kom kontrabeskjeden.

I «Spørsmål og svar om bransjestandardar og smittevernveiledere på kultur-, idrett- og frivillighetsfeltet» slo regjeringa fast at kyrkjebenkar ikkje vert rekna som fastmonterte, sjølv om dei er monterte fast i golvet.

«Når man sit på benker, er det mykje lettare å flytte seg nærmare kvarandre enn når man sit i fastmonterte seter», utdjupa departementet i ein e-post til avisa Vårt Land.

«Gudstenester er eit arrangement kor folk kjenner kvarandre», la seniorforskar ved FHI, Tone Bjordal Johansen, til.

Håper reglane blir endra før jul

– Eg tviler på om det er store problem knytt til at folk sklir rundt på benkane under gudstenesta, seier Ingrid Rosendorf Joys.

Ho er generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn i Noreg (STL), og ønsker seg nye reguleringar – betre tilpassa storleiken til dei ulike gudshusa.

– Det er mange måtar å benke seg i eit trussamfunn. Nokre har fastmonterte benker, nokre har kopla saman seter, og andre har verken benker eller seter. Det er eit problem for vår sektor at det ikkje blir laga spissa retningslinjer, seier ho.

Førde kyrkje

KYRKJEBENKAR MELLOM TO STOLER: Sidan det ikkje er enkeltsete, kan ikkje kyrkja ha meir enn 50 personar innom på same tid.

Foto: Seline Larsen / NRK

Preses Olav Fykse Tveit er øvste leiar i Den norske kyrkja. Han håpar styresmaktene kan ta ei ny vurdering.

– Me skal alle vera med på dugnaden når det gjeld smittevern, men her er det ein form for forskjellsbehandling som kan vere litt uforståeleg, seier han.

Han får følgje av Kjersti Boge, sokneprest i Kvinnherad.

– Eg håpar dei vil endra definisjonen av fastmonterte sete før desember, så me kan gje plass til kyrkjelyden på ein smittevernmessig god måte i førjulstida også, seier ho.

Berre 50 om gangen, elles glir folk i kyrkjebenkane mot kvarandre, seier staten. – Folk greier å sitje stille, svarer kyrkja.

BENKEFORSLAG: – Eg håpar dei vil endra definisjonen av fastmonterte sete før desember, så me kan gje plass til kyrkjelyden på ein smittevernmessig god måte i førjulstida også, seier Kjersti Boge.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Må halde seg til reglane

– Me forstår at dette skapar praktiske problem, men forskrifta er vedteken av departementet, seier Espen Rostrup Nakstad.

Han legg til at det må vere «likskap for lova».

– Mange av tiltaka er mellombelse. Me håper det ikkje blir naudsynt å behalda dei for langt inn mot jula, seier han til NRK onsdag ettermiddag.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

FORVIRRING: Om kyrkjebenker kan regnets som «fastmonterte seter»? – Ja, om dei er merka og om folk har den nødvendige avstanden, var beskjeden frå Nakstad til VGs lesarar førre veke.

Foto: Heiko Junge / NTB

Maria Jahrmann Bjerke er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Det vil ikkje vere mogleg å tape, stripse eller på annan måte feste elles lause stolar for å oppfylle kravet om fastmonterte seter. Dette er ei fagleg vurdering som Helse- og omsorgsdepartementet sluttar seg til, skriv ho i ein e-post til NRK.

I Førde kyrkje håper sokneprest Ingvald Frøyen at dei snart kan sleppa inn fleire enn 50 igjen.

– Om dei kan definere fastmonterte benker på ein annan måte, er eg ganske sikker på at vi skal klare å overhalde reglane med fastmonterte benker.