Hopp til innhold

Dei er lei av at bedrifter kjøper billig transport og fråskriv seg alt ansvar

FØRDE (NRK): I ein bransje med knallhard konkurranse trumfar lav pris ofte kvalitet. Med ordninga Fair Transport vil Norges Lastebileigarforbund få transportkjøparane til å droppe dei useriøse aktørane.

Geir A. Mo og Rolf Olav Tenden

KVALITETSSTEMPEL: Administrerande direktør Geir A. Mo (til venstre) håpar dei skal gjere det enklare for dei som kjøper transporttenester å velje transportørar som leverer på kvalitet. Gjennom kvalitetsprogrammet Fair Transport må bedriftene bevise at dei køyrer trafikksikkert, miljøvenleg og at dei tek ansvar ved å følgje både lovverk og ei rekkje etiske retningslinjer. Her saman med Rolf Olav Tenden, fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Anna Gytri / NRK

– I dag er det altfor lett for ein transportkjøpar å kjøpe billig transport frå til dømes Aust-Europa, og så løfte hendene i vêret og nekte for at dei har noko ansvar. Det er ikkje tilfelle, transportkjøparane har eit juridisk ansvar, seier Geir A. Mo, administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund (NLF).

Han har denne månaden med seg Arbeidstilsynet, Statens vegvesen og sjåførorganisasjonane Norsk Transportarbeiderforbund og Yrkestrafikkforbundet på turne landet rundt.

Skjalg Halvorsen, advokat i NLF

HAR ANSVAR: – Straffelova har ein medverkarbestemmelse. Det finst også konkrete lovverk og forskrifter som seier at bestillar også har ansvar for arbeidstid, for køyre- og kviletid og liknande. Så det er ikkje slik at ein er heilt friteken for ansvar som transportkjøpar, understrekar NLF-advokat Skjalg Halvorsen.

Foto: Anna Gytri / NRK

I smøretraileren dei har lånt frå Skiforbundet held dei seminar for både dei som kjøper transport og dei som leverer transport. På agendaen står NLF sitt nye kvalitetsprogram – Fair Transport.

– Hensikta er å bevisstgjere dei som kjøper transport om at dei må stille krav til dei som utfører transporten.

Vil ta eit oppgjer med elendet i bransjen

Det vil bli stadig fleire lastebilar på vegane i åra framover, og med det fryktar Mo at det kjem endå fleire useriøse aktørar, både norske og utanlandske.

Dei useriøse aktørane i transportbransjen har fått enormt med merksemd dei siste åra. Eksempla er mange:

– Summen blir dårlegare tryggleik i trafikken. Det kan vi ikkje berre sjå på, seier Mo.

Meiner det vil gagne også utanlandske sjåførar

For å bli ei såkalla Fair Transport-bedrift i NLF må transportselskapa oppfylle ei rekke krav (sjå faktaboks).

Morten Hagen, forbundssekretær Norsk Transportarbeidarforbund

TRUR PÅ BETRE FORHOLD LANGS VEGANE: – Vi trur denne ordninga vil bidra til å betre forholda til alle sjåførar.

Foto: Anna Gytri / NRK
Hallgeir Solheim

KVALITETSLØFT: Hallgeir Solheim i Petroleum Services As.

Foto: Anna Gytri / NRK
Per Herman Pedersen, krimseksjonen Statens vegvesen

GODT INITIATIV: Per Herman Pedersen er seniorrådgjevar i Vegvesenet sin krimseksjon.

Foto: Anna Gytri / NRK

Om lastebileigarforbundet lukkast med å få transportkjøparane meir opptekne av kvalitet, vil det gagne både norske og utanlandske sjåførar. Det meiner Morten Hansen, forbundssekretær i Norsk Transportarbeiderforbund.

– Det vil tvinge norske og utanlandske transportørar til å få ting på stell.

Petroleum Services AS i Florø sender røyr på lastebil langs kysten. Direktør Hallgeir Solheim er positiv til merkeordninga.

– I dag har du allereie ordningane med svanemerket og nøkkelholmerket. Om det blir anerkjent at ein med ei Fair Transport-bedrift får «fair transport», så bli det tryggare for oss, og det minskar sjansen for at vi trakkar feil.

– Transportkjøparane har stor makt

Også i Vegvesenet får ordninga skryt. Seniorrådgjevar Per Herman Pedersen i krimseksjonen meiner transportkjøparane sit med nøkkelen.

– Om dei spør etter skikkeleg transport, som er innanfor regelverket, har dei stor makt. Det er dei som sit på pengane. Det dei useriøse aktørane fryktar aller mest, er å tape køyring.

Rolv Olav Tenden, fylkesleiar i NLF Sogn og Fjordane, driv transportselskapet Tenden Transport i Stryn. Han er klar til å bevise at bedrifta hans er god nok.

– No får vi eit symbol vi kan vere stolte av.