Hopp til innhold

Prognose for 2024: 20 millionar egg for lite

Det er stor egg-etterspørsel om dagen. Nå blir det gjort tiltak for å sikre ei jamn fordeling av egg til butikkane, og det ser ikkje noko lysare ut for 2024.

Egg hos Steinsland

Nordmenn et 200 egg kvar i året, men neste år kan det hende du ikkje får like mange.

Foto: Ole Andreas Bø

Kanskje har du merka at det er lite egg i butikkhyllene.

For:

– Det er færre egg tilgjengeleg om dagen, seier marknads- og logistikksjef i Asko Rogaland, Kenn Kåre Hanssen.

Men det gjeld ikkje berre Rogaland.

I samband med dårleg tilgang på egg blir det no gjort tiltak for å sikre rettferdig fordeling av egg mellom butikkane - og for å unngå hamstring.

– Blir det mangel på eit produkt så sørger vi for ei fordeling som inneber at alle får noko, sjølv om det ikkje dekkjer alt det som blir ønska, seier Hanssen.

Kenn Kåre Hanssen

Kenn Kåre Hanssen er marknads- og logistikksjef i Asko Rogaland. Han seier det ikkje er første gong det har vore mangel på egg.

Foto: Privat

Ifølgje prognosane til Nortura for 2024, er det venta at ein vil produsere 1200 tonn egg for lite i forhold til etterspørselen.

Eller enklare sagt: 1,1 millionar 18-pakningar med egg for lite.

Større etterspørsel

– Vi leverer egg i dei voluma vi normalt leverer til marknaden. Men vi opplever no at det er større etterspørsel enn før.

Det seier senior kommunikasjonsrådgivar i Nortura, Matilda Aronsson.

Matilda Aronsson

Senior kommunikasjonsrådgivar i Nortura, Matilda Aronsson.

Foto: Pål Engh / Nortura

Ho seier at eit større sjukdomsutbrot i besetningar i Sverige og Europa, og dessutan svak kronekurs har gjort at fleire aktørar kjøper meir norske egg enn normalt.

Vi ser på moglegheiter no som å la høna produsere nokre veker lengre før ho blir utrangert, og import av egg frå andre nordiske land til industrien.

Produksjon som normalt

Rugeriet Steinsland & co. på Jæren leverer 2 millionar hønekyllingar kvart år til heile landet.

Dagleg leiar Nils Steinsland har høyrt om eggmangelen og trur sjølv det kan komme til å bli manko på egg.

– Einaste måten å forhindre dette på er jo å produsere fleire egg, seier han.

Verpekyllinger

Frå lokala på rugeriet Steinsland & co.

Foto: Anna Sørmarken Vestly

Steinsland seier dei aldri produserer meir enn dei får bestilling på.

– Vi har ikkje fått nokon etterspørsel om å produsere meir enn normalen, seier den daglege leiaren.

I prognosen for neste år skriv Nortura at det vil vere ein ytterlegare auke på 2,5 prosent i samla sal av egg til daglegvare og industri.

Salet av egg aukar altså meir enn forventa, samtidig som vi ser ein auke i forbruket av egg.

– Ingen eggkrise

Nordmenn et rundt 200 egg kvar i året.

Hanssen i Asko seier det ikkje er unormalt at det i periodar er mangel på egg. Han stadfestar at det er ei underdekning av egg i dag, men at det har skjedd før og ikkje er særleg sjeldan.

– Eg vil ikkje kalle det ei krise. Egg skal du alltids få, men kanskje ikkje favorittane dine i butikkhylla, seier Hanssen.

Ifølgje Nortura er det rom for ein liten auke i produksjonen for å møte det auka behovet for egg. Men dei seier det også er kort veg til overproduksjon.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg