Lars Sponheim trur det blir nok egg til påske. (NRK-foto)
Det vart muntert under spørjetimen på Stortinget i føremiddag. Frp-representanten Øystein Hedstrøm frå Østfold retta spørsmål til landbruksministeren om han ville fjerne det tollbaserte vernet på importegg.
Framstegspartiet fryktar alvorleg eggmangel i påska.
Hedstrøm hadde grunn til å tru at det vil mangle mellom 200 og 300 tonn egg på den norske marknaden i påska. Han viste til at kvart egg i snitt veg 60 gram, og det betyr at det norske folk kan oppleve ein manko på 3.300.000 egg om ikkje noko blir gjort for å avhjelpe situasjonen.
- Det kunne vore fristande å seie kvar mann si høne, sa ein humørfylt Lars Sponheim då han inntok talarstolen. Han viste til at kvar høne verp eitt egg for dagen, og ikkje noko særleg meir i høgtidene Det er stort sett også dagsbehovet for eit menneske, sa han.
Øystein Hedstrøm (Frp) fryktar alvorleg eggkrise i påska. (NRK-foto)
Sponheim sa også at det ikkje alltid går så ille som dei mest pessimistiske prognosane viser. Han hadde god tru på at det skal bli nok egg til påske.
- Regjeringa vil iallefall gjere det vi kan for å sikre at det norske folk skal få nok egg til påske, sa landsbruksminister Lars Sponheim med eit breitt glis.