Hopp til innhold

Difor er det bråk i bøndene sitt eige samvirke

Brotne løfter, målkonflikt og ein styreleiar som går på dagen. Det «skakar i grunnvollane» hos kjøttgiganten Nortura.

Nortura Forus

MATFATET: I juni gjorde Nortura ein «nødvendig» snuoperasjon. Ikkje alle i selskapet vurderer retretten som like nødvendig.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

For ein månad sidan kom ei melding om at styreleiaren i bøndene sitt eige samvirke, Nortura trekte seg omgåande.

I forkant hadde styreleiaren «kryssa Rubicon» og gått til open kamp mot konsernsjefen; no kunne berre ein av dei bli sitjande.

Men til styreleiaren si overrasking tok resten av styret parti med konsernsjefen.

Konsekvensen var at styreleiaren gjennom i seks år gjekk på dagen.

Kva var det som gjorde at Trine Hasvang Vaag setje sitt eige verv på spel?

Det høyrer heime i eit styrerom, har ho sagt til Bondebladet.

Før ho la til:

Men det har skjedd ting dei siste månadene som gjer at tilliten min er svekt.

Styrelederen i kjøttgiganten Nortura, Trine Hasvaag Vang

– Vi registrerer at det kjem politiske vedtak som gjer det vanskeleg å oppfylle rolla som samvirke og marknadsregulator, uttalte Trine Hasvang Vaag før ho gav seg.

Foto: Nortura

Det skakar kraftig i samvirkegrunnvollane

Ein titt i nyheitsarkivet fortel litt om kva som har skjedd dei siste månadene.

Eller som fylkesleiaren i Trøndelag Bondelag samanfatta tidlegare i sommar:

Det skakar kraftig i samvirkegrunnvollane.

Bakgrunnen var snuoperasjonen i juni der Nortura sa opp avtalen om eit kyllingslakteri i Trøndelag.

Konsekvensen var at 36 kyllingprodusentar plutseleg sto utan leveringsavtale.

Vi forstår at avgjerda er vanskeleg for dei som blir ramma, men ho er dessverre heilt nødvendig om vi skal vere konkurransedyktige, forklarte konsernsjef Anne Marit Panengstuen.

Ved skulestart fekk Nortura endå meir kjeft då dei kutta kiloprisen på storfekjøtt med fire kroner.

Grunngjevinga var at dei ville stimulere salet, som hadde stupt i lag med den generelle kostnadsauken.

Men blant deira eigne medlemmer vart grepet avfeid med at nokon kunne «skumme fløyten».

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %

Vi treng å tenkje nytt

Parallelt er Nortura under press frå nye berekraft-strategiar som seier at nordmenn bør ete mindre kjøtt; og frå matvaregigantane som skaper eigne verdikjeder heilt uavhengig av Nortura.

Og under overflata romsterer djupare identitetsspørsmål om kven samvirket skal vere og kva for ein «Herre» dei skal tene:

Skal Nortura vere mest «børs» eller «katedral»?

Vi står i ein spagat mellom grunnverdiane til samvirket, behovet i samfunnet for jordbruk og arbeidsplassar, og kravet om billig mat, seier Kjell S. Rakkenes, som er strategi-direktør i Nortura.

Han legg til:

Vi må vere modige og vi treng å tenkje nytt.

Høgare himling eller strictly business sikkert er det at kredittratinga til Nortura vart nedgradert i september.

Kredittbyrået grunngav nedgraderinga med at det vil ta tid for Nortura å hente seg inn etter eit «ekstraordinært svakt» resultat i 2022.

Slakt av storfe på Fatland slakteri på Furuset i Oslo.

Kor langt kan Nortura-ideala om samvirke, solidaritet og «mottaksplikt» strekkast før bedriftsøkonomiske naturlover innhentar dei?

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Mykje kan komme i spel

– Eit sterkt og velfungerande kjøtt- og mjølkesamvirke er ein grunnpilar i det norske samfunnet, seier direktør ved Norsk institutt for bioøkonomi, Nils Vagstad.

Han legg til at «ytterlegare svekking av Nortura kan ha vidtrekkande konsekvensar for distrikta i Noreg og for den norske matberedskapen».

Mykje kan komme i spel om ikkje Nortura får ordna opp i eige hus.

Nortura

«Kvifor er vi så trassige på å få oppretta eit slakteri? Jo, av den simple grunn at vi ønskjer sikker avsetning og høgaste prisar på slakta våre», sa Lars Opsahl då den første forløparen til Nortura (Hamar Slagteri AS) vart oppretta i 1904. 119 år seinare kjempar Nortura med den same spenninga.

Foto: Nortura

Med tilvising til «endra kommersielle og jordbrukspolitiske rammevilkår» har konsernstyret i Nortura varsla at ei arbeidsgruppe skal vurdere korleis samvirket bør tilpasse seg ei ny tid.

Rapporten til arbeidsgruppa skal vere klar «i god tid» før årsmøtet i april 2024.

Det er krevjande tider i landbruket, og Nortura er særs viktig for norske bønder og marknaden for kjøtt og egg spesielt, seier leiar i Bondelaget, Bjørn Gimming.

Tørke - Kiserud gård

– Vi tek avgangen til med Trine Vaag til etterretning og ser fram til godt samarbeid med ny styreleiar, seier leiaren i Bondelaget.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Lyttar til kritikken frå den avgåtte styreleiaren

Vegen vidare for Nortura blir tøff, seier Anders Felde, tidlegare leiar i Vestland Bondelag.

Han håper samvirket prioriterer å få på plass ein effektiv industristruktur for slakting og vidareforedling av kjøt og egg.

Sjølv om det går utover andre gode formål.

Det betyr at distriktsarbeidsplassar og andre viktige målsettingar må tonast ned. Skal bonden ha makt i verdikjeda for mat, er det heilt avgjerande at vi eig deler av industrien.

I etterkant av mistillitsforslaget mot Nortura-sjefen kravde årsmøterepresentantane i selskapet eit ekstraordinært årsmøte på grunn av «mange uavklarte spørsmål».

Nokre dagar seinare ombestemde dei seg og trekte kravet.

I eit brev Nationen har fått tak i grunngir dei snuoperasjonen med at fleire årsmøte uansett ikkje vil «gi moglegheit for ein grundig debatt om kvifor styreleiaren gjekk av».

Til gjengjeld skriv dei same årsmøteutsendingane at dei ser fram til kontrollkomiteen sin rapport om avgangen. Denne er venta å vere klar seinare i haust.

I ei pressemelding datert 29. august skriv konsernsjef Anne Marit Panengstuen at ho vart overraska over mistillitsforslaget og at ho «lyttar til kritikken frå den no avgåtte styreleiaren».

Anne Marit Panengstuen.

– Den norske bonden og Nortura står i ei krevjande tid, og det er viktig at vi saman finn gode løysingar, seier Nortura-leiar Anne Marit Panengstuen.

Kjell S. Rakkenes

– Vi må halde oppe ein lønnsam bondeeigd industri med ein kostbar mat- og beredskapsproduksjon i heile Noreg, samtidig som vi skal måle krefter mot kapitalsterke konkurrentar, seier strategi-direktør i Nortura Kjell S. Rakkenes.

Anders Felde i fjøsen

– Skal bonden sitte igjen med makt i verdikjeda for mat, er det heilt avgjerande at vi eig deler av industrien, seier Anders Felde.