Hopp til innhold

Har jobba mot mobbing kvar dag i 20 år - Endeleg er miljøet blitt bra.

Før var skulen plaga med mobbing, ukultur og dårleg miljø. Så sette rektor foten ned – no er Kaupanger skule ein mønsterskule.

Geir Navarsete

STOLT: Rektor Geir Navarsete er glad for at iherdig innsats har gitt resultat.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det var ganske vilt og mange i klassen var ofte til rektor, men ingen gjorde noko for å stoppe oss. Eg kan nesten ikkje tru det er sant når eg tenkjer tilbake på det.

Det fortel Anita Vikøren som gjekk på Kaupanger skule på byrjinga av 90-talet. Ho seier ho gjekk i ein klasse med veldig mykje styr, mobbing og uro.

– Det blei aldri ro og orden. Det var mykje styr med både jenter og gutar. Det var ein ukultur i klassen vår, seier ho.

– Vi følte til slutt at ingen lærarar ville vere i vår klasse, heller ikkje studentane. Først då vi kom på ungdomsskulen blei det bra. Vi fekk ein lærar som hadde bein i nasen, men som vi også opplevde som kompis. Ho fekk klassen vår på rett kjøl.

– Lærarane tek tak

Sandra Ågotnes Lærum

Sandra Ågotnes Lærum tykkjer Kaupanger skule er ein flott stad å vere.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

20 år seinare har skulen fått ein nasjonal pris for innsatsen for eit betre skulemiljø.

14-åringen Sandra Ågotnes Lærum er i dag elev ved skulen. Ho går i 9. klasse og er medlem i elevrådet. Ho opplever skuletida no som heilt annleis enn det Anita Vikøren fortel om. Ho veit ikkje om nokon som blir mobba på skulen.

– Eg veit det av og til er småting i klassane, men det blir fiksa med éin gong av lærarane. Vi merkar at rektor og lærarar tek tak i det som skjer. Vi har kampanjar mot mobbing og snakkar mykje om det på alle elevrådsmøta og i klasseromma.

– Viktig med dagleg trøkk

På rektorkontoret står Geir Navarsete og kikkar ut vindaugo. Ungane har friminutt og leikar ute. Skulen på Kaupanger i Sogndal kommune ligg nærast i skogen, mellom høge tre. Dei 200 elevane frå 1.–10. klasse har eit stort område å boltre seg på.

– Det viktigaste vi kan gjere for å hindre mobbing, er å halde oppe det daglege trøkket. Vi kan ikkje slakke av i arbeidet mot mobbing, seier rektoren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaupanger skule

PÅ DØRER OG VEGGAR: Avisutklipp frå då skulen blei kåra

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Må tenkje langt og stort nok

I 20 år har Navarsete vore rektor ved det kunnskapsminister Kristin Halvorsen kallar ein mønsterskule. I haust fekk rektoren og resten av skulen Dronning Sonja sin skulepris for den gode jobben dei har gjort for å fremje likeverd og inkludering gjennom mange år.

På dører og veggar heng avisutklipp frå dagen då dronninga besøkte skulen og delte ut den gjeve prisen.

– Vi har drive med antimobbearbeid så lenge eg kan hugse. Det er viktig å tenkje langt og stort nok i forhold til antimobbearbeidet. Det er det vi haustar resultatet av i dag, seier Navarsete.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Råkar mange unge

Mange born opplever ein vond kvardag der dei heile tida må vere i beredskap, for dei veit ikkje kva som ventar i løpet av dagen. Ifølgje tal frå Senter for åtferdsforsking, er mellom 60 000 og 70 000 elevar i grunnskulen kvar veke eller oftare involvert i mobbing, anten som offer eller mobbar.

I den siste Elevundersøkinga svarer 8,5 prosent av elevane at dei blir mobba fleire gongar i månaden. Fem prosent opplever å bli mobba kvar veke eller oftare. Desse tala har vore omtrent uendra i perioden 2007–2011.

Vil heller komme for seint

Mobbinga kan både vere fysisk og psykisk og vere alt frå fysisk plaging, krenkande ytringar, utestenging og uthenging i den digitale verda.

Det er historier om ungar som ikkje torer å gå på skulen før ringeklokka ringjer inn til ny time. Dei vil heller komme for seint enn å møte mobbarane. Det kan vere jentegrupper som bevisst stengjer ute ei eller to av dei andre i klassen, eller ungar som blir utsette for mobbing ved hjelp av mobiltelefonar eller internett.

(Artikkelen held fram under biletet)

På millimeternivå

Geir Navarsete

GODE RESULTAT: Rektor Geir Navarsete blar i permane som viser at det går rett veg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Rektor vil framheve at arbeidet mot mobbing må skje kvar einaste dag. Saman med foreldreutvalet har dei i løpet av åra klart å snu ein del haldningar, og får dei vaksne til å ta ansvar for at andre born også har det bra.

– Vi har lærarar som bryr seg og grip inn. Dei slår ned på avvik, og det får konsekvensar for dei som mobbar og er slemme mot andre. I tillegg har vi eit samarbeid med foreldra som går på millimeternivå. Gjer ein elev noko som ikkje er akseptabelt, blir det melding heim.

– Har mobbinga endra seg dei siste åra?

– Den fysiske mobbinga ser vi ikkje så mykje til lenger. Det er den tause utestenginga og mobbing via sosiale medium som utfordrar oss, og som kjem til å utfordre oss endå meir framover.

Ved Kaupanger skule prøver dei å ha ei god oppfølging av både mobbeofferet og den som mobbar.

– Vi lagar tiltaksplanar for begge, og dei må sjølvsagt må vere godkjende av foreldra. Ikkje minst er det viktig at vi følgjer opp desse planane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Troppar opp på skulevegen

Rektoren meiner at den fysiske mobbinga stort sett er synleg og dei klarer ofte rydde opp i den raskt. Det er verre å oppdage dei elevane som blir stengde ute frå ei gruppe.

– Har vi ein elev vi føler er utestengd, har vi kartlegging over lang tid. Eg prøver å vere ute i så mange friminutt eg kan. Det er utruleg kor mykje taus utestenging det kan vere, spesielt blant jenter. Vi må finne ut om det er eit mønster i dag. Det er vår jobb, og det tykkjer eg vi er flinke til.

Også på skulevegen har han sine metodar for å stoppe plaginga.

– Då er vi heilt avhengige av å snu oss rundt fort. Får eg inn ei slik melding, går eg sjølv skulevegen. Andre lærarar følgjer opp dersom eg ikkje kan. Vi går kanskje skulevegen to-tre veker, men så må vi trappe ned. Målet vårt er at alle skal oppføre seg utan at vi er vaktbikkjer. Det plar gå seg til, for dei veit at foreldre og skule er på same lag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaupanger skule

GOD PLASS: Kaupanger skule ligg i skogen mellom høge tre.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi er ikkje noko glansbilete

Sjølv om dei har jobba jamt og trutt og er stolte over kva dei har fått til, er Navarsete klar på at dei ikkje skal framstå som noko glansbilete. Dei har episodar som rektoren kallar avvik.

– Vi jobbar knallhardt, men vi har også hatt vanskelege saker. Det er nok foreldre som rynkar på nasen over at vi har fått pris og blir dregen fram i ulike samanhengar. Det har eg full forståing for, men dette kan likevel ikkje vere til hinder for vi er inne i ei veldig god bølgje og prisen vi har fått omhandlar kvaliteten per dags dato og ikkje for mange år sidan.

Godt læringsmiljø er avgjerande

Mobbinga handlar ofte om makt, og difor meiner rektor Navarsete at arbeidet med klassemiljøet heilt avgjerande.

– Det er viktig å møte eleven med respekt og likeverd. Vi jobbar mykje med arbeidsro i klassen og at alle får eit tilpassa opplegg både i forhold til læring og sosial utvikling og ikkje minst at dei blir sett. Eg har tru på at eit godt læringsmiljø er grunnlaget for antimobbearbeidet.

Gråtande foreldre ringjer

Ei av dei som har engasjert seg i kampen mot mobbing, er Irma Rustad. Som leiar i foreininga Mobbing i skulen har ho hatt gråtande foreldre på telefon.

– Dei gret fordi nokon trur og høyrer på dei. Mange står mutters åleine og har born som lir kvar einaste dag. Nokre saker er vanskelege, og mange opplever at skulen ikkje tør kalle det mobbing.

Interesseforeininga jobbar for å hjelpe foreldre med born i skulen som blir mobba. Rustad fortel om foreldre som møter ein skule som ikkje ser borna som blir mobba. Mange som tek kontakt, føler ei maktesløyse i forhold til norsk skule.

– Det aller verste er skular som seier at mobbing ikkje skjer. Det beste for å er å erkjenne at det kan vere ei utfordring og så bestemme seg for å kjempe mot.

– Når det gjeld å forhindre mobbing, trur eg mykje er gjort ved vanleg folkeskikk.

Trur på førebygging

Gaute Auestad

FORSKAREN: Gaute Auestad kan mykje om mobbing i skulen.

Foto: Senter for atferdsforsking

Førstelektor Gaute Auestad ved Forskar ved Senter for åtferdsforsking ved Universitet i Stavanger er ein av dei som har forska mykje på mobbing i skulen. Han seier at førebygging er svært viktig.

– Det er viktig at det blir teke affære ovanfor mobbaren og at også han eller ho får hjelp. Vi ser at tidlegare mobbarar er overrepresenterte på kriminelle statistikkar. Vi må få dei som mobbar til å forstå at det ikkje er samfunnsakseptabelt.

Tala frå senteret viser at frå 1995 til 2001 var det ei stigning når det gjaldt mobbing. Dei gjer ei stor undersøking om mobbing kvart fjerde år, og tala viser at i 2004 var det ein markant nedgang frå 2001. Men frå 2004 til 2008 var det igjen ein auke.

– Å spekulere i årsak og verknad er vanskeleg, men det var høg profil på arbeidet med manifest mot mobbing i 2002, under Bondevik 2-regjeringa.

Ingen gøymestader i den digitale verda

Den digitale mobbinga har auka ved at dei unge heng ut andre på Internett og via tekst- og biletmeldingar på mobiltelefonen. Mange av dei som blir mobba på denne måten, blir også utsett for vanleg mobbing.

Auestad peikar på at det er viktig for skular og vaksne å kople seg opp mot den digitale mobbinga. I den virtuelle verda finst det ingen gøymeplassar for mobbeofra og det slår ofte mykje sterkare.

– Dette kan vere veldig skadeleg og vi ser mykje uforsiktig bruk. Det som kan vere morosamt i ein situasjon, kan vere sårande seinare. Ofte blir ting sendt vidare til nokon som igjen sender det vidare og så har vi det gåande.

Oppmodar kommunane å underteikne mobbemanifest

Trass stort fokus på mobbing dei siste åra, har ikkje mobbinga i Norge blitt redusert. Difor har regjeringa oppmoda alle 430 kommunane om å underteikne eit manifest mot mobbing. Så langt har om lag halvparten av ordførarane skrive under. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen ønskjer å få alle med og oppmodar alle kommunane om å bli med.

(Artikkelen held fram under biletet)

KRISTIN HALVORSEN

LOVAR KAMP: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen lovar å kjempe mot mobbing i skulen.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Det er viktig å ikkje tru at jobben kan gjerast ein gong for alle, det handlar om å ha ein kultur og ei haldning som gjennomsyrer alt vi driv på med, seier ho til NRK.no.

– Er det skular der rektor ikkje tek mobbeproblema på alvor?

– Ja, det er det. Det er ei veldig stor utfordring for foreldra, for kven skal dei då gå til, spør ho.

– Dette er mitt største mareritt

På rektorkontoret blar Geir Navarsete i ein perm. Han viser stolt fram undersøkinga som viser at dei aller fleste har det veldig bra ved hans skule. Men sjølv om han er glad over det dei har fått til, er han ikkje sikker på at han har fått meg seg alt som har skjedd ved skulen.

– Akkurat det tenkjer eg ofte over. Det største marerittet eg kan oppleve, er at det står ein tidlegare elev i døra mi og seier at då eg gjekk der og du var rektor, hadde eg det forferdeleg. Eg gav deg signal, men du gjorde ikkje noko med det.

– Det er mitt største mareritt. Eg er redd vi har nokre slik elevar, seier rektoren.

Så mange kommunar har underteikna regjeringa sitt manifest mot mobbing 2011–2014. Er din kommune med? Zoom i kartet for å sjå:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.