Hopp til innhold

Mindre mobbing med MOT

MOT-kampanjen har hatt effekt for elevane ved Skodje Ungdomsskole. Miljøet har blitt mykje betre på skulen.

Video Mindre mobbing med MOT

Marius Fylling

- FOLK BLIR TRYGGARE PÅ SEG SJØLV: Det trur MOT-fadderen Marius Fylling.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Anne Sofie Aasestrand Hurlen

MOT HJALP: Anne Sofie Aasestrand Hurlen trur MOT kan ha vore med på å få ned mobbinga ved skulen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Skulen har vore med på kampanjen i seks år, og det har fått mykje å bety trur elevane.

- Folk blir tryggare på seg sjølv og tenkjer meir på andre, seier Marius Fylling. Han er ein av MOT-fadrane på skulen.

- Er det mobbing på skulen?

- Eg trur nok her er mobbing, men eg trur det har minka etter MOT, seier Fylling.

- Eg har sagt frå

MOT er ein haldningsskapane organisasjon som arbeider for og med ungdom. Målet er å gjere ungdomane trygge og robuste, skriv organisasjonen på si nettside.

Les meir om organisasjonen til høgre i artikkelen.

- Eg har sagt frå at dei skal slutte å plage personen, eller finne andre ting å gjer, seier Mathias Øynebråten Leite.

Trur MOT hjelper

- Eg har følt meg dårleg berre ved tanken på å gå på skulen, seier Anne Sofie Aasestrand Hurlen. Ho er ei av dei som har opplevd mobbing på skulen.

- Det var ikkje fysisk slik ein gjerne trur, seier ho til NRK.

Eleven trur mange har blitt meir modne, og at det kanskje er MOT som har fått litt å bety for skulen.

- Dette handlar om folkeskikk og etikk, og korleis ein skal oppføre seg saman med andre, seier rektor Bjørn Nedreskodje ved Skarbøvik ungdomsskole.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL