Hopp til innhold

Sp-høvding saknar partiet sitt

Ingen var grønare enn Senterpartiet. No spør fleire kor partiet mista seg sjølv.

Svein Sundsbø

USYNLEG: 16 år gammal blei Svein Sundsbø med i Noregs grønaste parti. Ein mannsalder seinare spør fleire kor Senterpartiet mista seg sjølv. – Miljøprofilen vår har blitt veldig usynleg, seier Sp-høvdingen (80).

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I 1959, da Svein Sundsbø var 16 år gammal, kasta han seg inn i kampen om å gjere Nordre Øyeren til eit naturreservat.

Kor kunne klimaengasjementet hans få best utløp?

Svaret gav seg sjølv: i Senterpartiet.

Senterpartiet var det første miljøpartiet, seier Sundsbø til NRK.

I boka Korn, kraft, klima skildrar partiveteranen korleis Senterpartiet og det svenske søsterpartiet blei eit laboratorium for progressiv grøn politikk på sekstitalet.

Eit arbeid som kulminerte med at statsminister Per Borten (Sp) tok opp trusselen frå klimagassar allereie i 1971.

Her var vi så tidleg ute at stafettpinnen ikkje blei plukka opp før Gro Harlem Brundtland gjorde det i 1989, seier Sundsbø.

I dag seier 80-åringen at bildet er annleis.

Det er av barn og fulle menn du får du høyre sanninga. Eg vil legge til: Du får sanninga frå pensjonistar som ikkje lenger har taktiske eller strategiske omsyn å vareta, seier han.

– Og sanninga er at dei som burde og kunne vore våre allierte – Venstre og MDG – i staden har gjort oss til sin hovudmotstandar.

Han presiserer at Senterpartiet framleis har dei grøne røtene sine i behald, men «mest i teorien».

Vi har framleis gode programformuleringar, men desse blir ikkje promoterte i møte med veljarane. Det er kjernen i kritikken min av dagens leiing.

Har du vurdert medlemskapen din?

Å nei. Eg har eit heilt liv i dette partiet.

Naturpolitisk talsperson for Senterpartiet, Aleksander Øren Heen, seier til NRK at han «kan forstå» at Sundsbø reagerer på enkeltsitat, men at den praktiske politikken til partiet framleis er «i god Senterparti-tradisjon».

Arbeiderpartiets formann trygve Bratteli (tv) sammen med statsminister Per Borten.

Per Borten, til høgre, var Sp-leiar mellom 1955–1967.

Liv Signe Navarsete

Sp-leiar Liv Signe Navarsete (2008–2014).

Kristin Halvorsen, Åslaug Haga og Jens Stoltenberg i 2005

Sp-leiar Åslaug Haga (2003–2008) i midten.

Johan J. Jakobsen og Anne Enger under valgnatten 1993

Begge desse har vore Sp-leiarar. Anne Enger Lahnstein (1991–1999) og Johan J. Jakobsen (1979–1991).

Stortingsvalget 1977 - Oddvar Nordli

Gunnar Stålsett, seinare «biskop-kjendis», var Sp-leiar mellom 1977–1979.

FfIOONVM_Js

Trygve Slagsvold Vedum har vore Sp-leiar sidan 2014.

SV ber Ap passe på Sp

Kva skjedde med det grøne klimapartiet Senterpartiet? spør Aftenposten-kommentator Andreas Slettholm i artikkelen «Frå naturvernar til naturfjernar».

Han minner om at Senterpartiet sette hardt mot hardt og forlét regjeringskorridorane over eit klimaspørsmål i 2000 (gasskraftverk på Mongstad), og at Sp-leiar Åslaug Haga (2003–2008) var ein grøn stein i skoen for Stoltenberg-regjeringa II.

Sist veke såg SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes seg nøydd til å åtvare Støre-regjeringa om at det ikkje blir fleire budsjettavtalar med mindre statsministeren får kontroll på hundefløyte-signala frå Senterpartiet til klimafornektarar.

– Det må vere tragisk for dei grøne kreftene i Senterpartiet å sjå kor partiet står i miljøpolitikken i 2024. I dag er Vedum meir opptatt av å drive kulturkrig på diesel og kjøtt, seier MDG-leiar Arild Hermstad til NRK.

Sjå tilsvar frå Senterpartiet lengre ned.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

– Vi tek naturpolitikken på største alvor, og finn gode løysingar i lag med SV. Det vil eg tru at òg Fylkesnes er fornøgd med, seier Aleksander Øren Heen.

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL

Det er eit ginnungagap mellom Åslaug Hagas grøne Senterparti på 2000-talet og Vedum og Pollestad sitt koksgrå Senterparti i 2024, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

For dei som lurer: Eit ginnungagap er i den norrøne mytologien den djupe, uoverstigelege kløfta som strekker seg mellom Nivlheim og Muspelheim.

Bjørlo lengtar tilbake til byrjinga av 2000-talet da svenske Centerpartiet, Venstre og Senterpartiet var «systerparti med felles visjonar om grøn politikk, sirkulærøkonomi og meir samarbeid over landegrensene».

Centerpartiet og Venstre har halde fast på dette og er framleis parti med lik politisk profil: Ja til EU og meir samarbeid i Europa, grøn omstilling og tøff klimapolitikk. Mens norske Senterpartiet har skifta profil, og er i dag det mest klima- og naturfiendtlege partiet i Noreg.

Åslaug Haga - vindkraft
William Jobling / NRK

Åslaug Haga, tidlegare Sp-leiar

– Alle parti på Stortinget balar med korleis dei skal handtere klimaendringane og naturtapet. Utfordringa er enorm og problemstillingane komplekse. For eit politisk parti som skal vinne val, er det lett å ty til lettvinte løysingar i møte med eit slikt problem som krev tøffe avvegingar. Senterpartiet har tradisjonelt vore eit grønt næringsparti. Eg håpar partiet held på denne linja, og er villige til å kjempe for vindparkar som gir lokale inntekter, raskare nettutbygging som gir verdiskaping i distrikta og havvind – som vil sikre leverandørindustrien langs kysten ei framtid og statskassa store inntekter når olja og gassen blir fasa ut.


2Smf0ZgtusI
NTB

Torgeir Knag Fylkesnes, SV

– Eg vil åtvare regjeringa mot å ta SV for gitt, og vi synest det er synd at Senterpartiet ikkje er meir offensive som miljøparti. Vi treng at regjeringa slår ring rundt klimamåla for å skape føreseielegheit for folk og næringsliv. Da kan ikkje eit av to regjeringsparti samtidig undergrave klimamåla. Konsekvensane av omstillinga må møtast med meir fordelingspolitikk, ikkje ei avlysing av omstillinga.

Leder i Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola.
Senterungdommen / NTB

Andrine Seppola, leiar i Senterungdommen

– Senterungdommen kjempar for at Senterpartiet skal vere eit grønt parti, men vi skal også ha ein annan inngang til miljøspørsmål enn dei som ukritisk vil verne all natur. Konsekvensane av Venstre, MDG og SV sin politikk er at distrikt-Noreg blir ein kyrkjegard og museum for byfolk. Dette handlar om korleis landet vårt skal sjå ut og at folk skal kunne bu og skape verdiar i heile Noreg, men også Senterpartiet må bli tydelegare på kva ein faktisk seier ja til i klima- og miljøpolitikken.


Arild Hermstad i partileiardebatten i Stavanger. NRKVALG23
Øystein Otterdal / Otterdal foto

Arild Hermstad, MDG

– Det må vere tragisk for Åslaug Haga og dei andre grøne kreftene i Senterpartiet å sjå kor partiet står i miljøpolitikken i 2024. I dag er Vedum meir opptatt av å drive kulturkrig på diesel og kjøtt enn å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Viss leiinga endrar kurs, kunne vi ha blitt einige om gode forslag for å verne natur og matjord, og auke inntektene for småbrukarar. Viss ikkje bør Senterpartiet kvitte seg med den grøne firkløveren, og byte logo til ei jerrykanne.

Truls Gulowsen
Jon Petrusson / NTB

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

– Eg har inntrykk av at det er mange som saknar det jordnære og miljøbevisste Senterpartiet frå Lahnstein, Haga og Navarsetes tid, også internt i Senterpartiet. I utgangspunktet er det store likskapar mellom Sp og MDG ideologisk sett, med fokus på små forskjellar, natur, miljø og fordeling. Sjølv om det er ulike syn på for eksempel rovdyr, burde jo dette vere mogleg å overkomme.

Frode Pleym
Kjartan Rørslett

Frode Pleym, Greenpeace

– Senterpartiet har gått frå å vere eit distriktsorientert miljøparti på 90- og 2000-talet til å bli den beste vennen til oljeindustrien. Oljeselskapa er fornøgde med denne kursendringa, men spesielt klima- eller distriktsvennleg er ho ikkje. Senterpartiet kan vinne tilbake miljøprofilen sin om partiet bruker mindre tid på å distansere seg frå parti som MDG, SV og Venstre, og meir på søke breie, grøne alliansar som tener vanlege folk.

Alfred Bjørlo
Ned Alley / NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

– Det er i dag langt lettare for eit miljø- og klimaparti som Venstre å samarbeide med Høgre enn med Senterpartiet om klima- og miljøpolitikk. Eg trur også det boblar mykje misnøye under overflata i norsk landbruk med den bakstreverske landbruks- og miljøpolitikken dagens Sp står for – og stadig fleire som ser at det er ein illusjon at det er EU som er den store fienden for norsk landbruk og norske distrikt.

Harald Birkvold
Anders Minge / Stavanger Aftenblad

Harald Birkevold, politisk redaktør i Stavanger Aftenblad

- Geir Pollestads retoriske poeng er fiffig: Han er landbruksminister, ikkje landVERNsminister. Men i iveren sin etter å sanke billige poeng trakka han også ganske grundig i salaten. Han uttalte seg på tvers av den vedtatte politikken til regjeringa, der naturbevaring er framheva som sentralt. Eg trur at vegen fram til ein «grøn allianse» er svært lang. MDG (og til dels Venstre) er strategiske motpolar for Sp, som ikkje ønsker å konkurrere med dei om «grøne veljarar» på bygda.

Yngve Flo
Oda Flaten Lødemel / NRK

Yngve Flo, professor i moderne politisk historie

– Langs den viktige sentrum-periferi-dimensjonen har koplingspunktet til miljø- og naturvern-interesser endra seg. Der det for nokre tiår tilbake var opplagt at naturvern-interessene var kopla til «periferi»-polen, oppfattar Senterpartiet at naturvern-interessene i aukande grad vert kopla til «sentrum»-polen, og fungerer som eit middel for å undergrave bygdene, materielt og kulturelt.

Jørgen_Bølstad
Caroline Utti

Jørgen Bølstad, professor ved Institutt for Statsvitenskap

– Senterpartiet har dei siste åra i aukande grad blitt eit populistparti som kombinerer landbruksinteresser og distriktspolitikk med motstand mot miljøvern. Dei speler nå openbert på symbol og saker dei håpar skal fenge hos veljarar som synest det blir for mykje fokus på miljøet. Slik har Senterpartiet blitt svaret til ei slags venstresida på Frp og dei konkurrer om nokon av dei same veljarane.

Anders Todal
Lars Erik Skjærseth / NRK

Anders Todal Jenssen, professor i statsvitskap

– Er det grunnlag for at MDG og Senterpartiet kan nærme seg kvarandre? Ja, men det spørst om nokon av dei vil bruke energi på det. Dei to rekrutterer veljarar frå heilt ulike miljø. Det er altså lite direkte konkurranse om veljarane dei imellom. Av og til er inntrykket at dei begge dyrkar fordommar mot den andre for å auke støtta i eige miljø.

Christian Steel, Sabima-leiar
Sabima

Christian Steel, Sabima-leiar

– Utsegnene frå Pollestad og Borten Moe er skakande og livsfjerne, og det er merkeleg at sentrale stemmer på denne måten fjernar seg frå Senterpartiets verdigrunnlag og mykje av si eiga grasrot. Sjølv om det ennå er langt fram, er det ein tydeleg trend at lokalpolitikarar og kommunar tar både natur og klima meir på alvor. I nokre kommunar samarbeider Senterpartiet og MDG, og senterpartipolitikarar eg kjenner rister på hovudet av slike utsegner.

Håpar dei finn tilbake til dei grøne røtene sine

«Senterpartiet er snart dei einaste som målber frustrasjonen mot den administrativ-rasjonelle sentraliseringsviljen» skriv Samtiden-skribent Edvard Lysne i artikkelen Landskapet under isbreen.

Summen av «bygdeopprør», «kystbrøl» og «bunads-geriljaer» gjorde at Senterpartiet var størst i landet på fleire målingar i valåret 2021.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, trur partiet blei fartsblinde og mista ein del av seg sjølv då dei flaug på sitt høgaste.

Inntrykket mitt er at veljarsuksessen med hard, nesten kommentarfeltbasert kulturkrigskritikk mot Erna Solberg gav partiet ei rolle som dei eigentleg ikkje hadde sett for seg, og som ikkje stemmer overeins med det eigentlege verdigrunnlaget til partiet.

Eg håpar dei finn vegen tilbake til dei grøne røtene sine, seier han.

Les også Jonatan (KrF) kan tilhøyre ein utdøyande rase

Jonatan Hurthi, lokallagsleder Luster KrF

– Dei distanserer seg frå den urbane naturverntenkinga

Yngve Flo er professor i moderne politisk historie og ekspert på tilhøvet mellom statleg styring og lokalpolitikk.

Han viser til at det alltid har vore eit spenningsforhold mellom landbruksinteresser og miljøinteresser i Senterpartiet. Men at det – «i alle fall det siste tiåret» – er ein tendens til at partiet distanserer seg frå den urbane miljø- og naturverntenkinga.

Det var ein gong at det var teknokratane og storkapitalen som representerte eit trugsmål mot levemåten på bygdene. I dag er det naturvernarane som kjem utanfrå som er trugsmålet, seier han.

Han legg til:

Har Sp blitt mindre «grønt» og «radikalt»? Tja, men dei har opplagt fått ein heilt annan profil enn sitt EU-vennlege systerparti i Sverige, og særleg når det gjeld miljøprofilen.

Les også Difor må Vedum «vri seg» når spørsmålet om SV kjem opp

Kommune- og fylkesvalget 2019. Partilederdebatten på Stortinget.

ZZY768BW6k8

Sist veke såg SVs nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes (til venstre) seg nøydd til å rette ei åtvaring til Støre-regjeringa om at det ikkje blir fleire budsjettavtalar med mindre Vedum og Støre får kontroll på Geir Pollestad og Ola Borten Moe. – Vi treng at regjeringa slår ring rundt klimamåla for å skape føreseielegheit for folk og næringsliv. Da kan ikkje eit av to regjeringsparti samtidig undergrave klimamåla på denne måten, seier Fylkesnes til NRK.

Foto: NTB