Hopp til innhold

Jonatan (KrF) kan tilhøyre ein utdøyande rase

Før stilte KrF med vallister i 90 prosent av kommunane. No er dei glade om dei når 60 prosent.

Jonatan Hurthi, lokallagsleder Luster KrF

BLI LJOS: Jonatan Hurthi (20) ser ljost på framtida til KrF. Medan valforskarar diskuterer om det er på tide å skrive ut dødsattesten til partiet, eller om oppstandelsen er nær.

Foto: Privat

Då Jonatan Hurthi (20) var 13 år gammal, vart han med i ungdommens kommunestyre i Luster.

Det er det mange ungdommar som gjer. Litt meir uvanleg var partiet han valde: Kristeleg Folkeparti.

Og slik det gjerne er når folk vel parti eller fotballag – det handla litt om familie, litt om slump, men mest om noko som blir meir rett ettersom tida går.

– Bestefar var KrF-ordførar, så eg er arveleg belasta. Men KrF er det partiet som best speglar mine verdiar.

I dag er Jonatan ordførarkandidat i Luster, og samanliknar KrF med den gule midtstripa som gjer vegen tryggare.

– Eit politisk landskap utan ei gul stripe er eit dårleg politisk landskap, seier han.

Til dei som førebur minnestund for KrF har handverkaren følgjande helsing:

– Då får dei lese seg opp på medlemsveksten i KrFU. Om vi trykkjer på dei rette knappane, er eg sikker på at vi vil vekse igjen.

Utanfor Luster er likevel hovudbiletet at KrF-forsamlingar er forsamlingar der det er langt mellom hovuda med kulørt hår.

KrFu-medlemmer venter i spenning

Slik så det ut på valvaken til KrF i 2021. I 2019 gav KrF opp å stille valliste fleire stader på Austlandet. No har dei same problem på Vestlandet.

Foto: TRULS ANTONSEN / NRK

Vestlandet er ikkje lenger ein «safe space»

Under stortingsvalet for to år sidan hamna KrF under sperregrensa for første gong sidan krigen, og fleire stader i landet har partiet vanskar med å fylle vallistene.

Nytt av året er at problemet også har komme «heim» til det som tradisjonelt har vore ein «safe space» for partiet – Vestlandet.

I 1979 stilte partiet med vallister i 90 prosent av kommunane.

Ved førre val i 2019 var dette talet 64 prosent.

Det vil ikkje overraske meg om dekningsgrada denne gongen blir under 60 prosent, seier Bjarte Folkestad.

NRK har snakka med fleire valforskarar som seier at sekularisering, demografiutvikling og andre megatrendar jobbar mot Kristeleg folkeparti, og at tida som maktfaktor i norsk politikk kan vere forbi.

Det vil truleg bli umogleg for dei å komme tilbake på gamle høgder, seier Harald Birkevold, politisk redaktør i Stavanger Aftenblad.

Nestleiar i KrF, Dag Inge Ulstein, seier til NRK at målet er å stille lister i 60 prosent av kommunane, «og det målet ser det ut til at vi når».

Han legg til at «det går veldig bra» i Østfold, Akershus og Rogaland:

Det er klart at vi ønskjer ei høgare oppslutning om både lister og meiningsmålingar. Men vi ser at hardt arbeid gir resultat, og det er veldig motiverande.

Nasjonal kommunemåling mars 2023

Kva for eit parti ville du ha stemt på om det var kommuneval no?

PartiOppslutningEndring
28,7%
+0,2
21,6%
+0,4
9,1%
+1,0
8,6%
−0,3
7,7%
−0,1
5,6%
+0,4
4,5%
−0,2
3,6%
−1,2
3,5%
−0,9
7,1%
+1,7
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 989 intervjuer gjort i perioden 23.2.23–28.2.23. Feilmarginer fra 1,3–3,4 pp. Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Eit hus i strid med seg sjølv

Andre ekspertar NRK har vore i kontakt med gjer eit poeng av at «kannibaliseringa» blant «kristen-partia» (KrF, PDK, no: Konservativt og Sentrum) har kosta partiet dyrt.

Med unntak av 2009 og 2013, då oppslutninga auka frå 5,5 til 5,6 prosent, har KrF gjort det dårlegare i kvart val sidan 1997.

Den overordna trenden er at partiet taper oppslutning kvart år. Problemet er at dei gjer det godt blant «sistegong-veljarar» og i for lita grad klarer å nå førstegongsveljarar, seier Jonas Stein.

I 2019 rapporterte Aftenposten at KrF «mistar rolla som landsdekkjande parti». Bakgrunnen var at partiet ikkje greidde å stille med valliste i fleire kommunar på Austlandet.

Bondevik Sigar

Ved stortingsvalet i 1997 opplevde KrF sitt beste val nokosinne, med ei oppslutning på 13,7 prosent. KrF fekk inn heile 25 stortingsrepresentantar og var ved sida av Ap det einaste partiet som vart med stortingsrepresentantar frå alle fylke.

Foto: Morten Holm / NTB

I år har det vore rapportar om liste-trøbbel i Surnadal, Frøya, Rauma, Lier.

KrF må gjere ein kraftig sluttspurt om dei skal vere landsdekkjande. Det er likevel mogleg. Det har vore fleire slike redningsaksjonar for Venstre, seier Anders Todal Jenssen.

Fristen for å melde lister til valstyra i kommunane er 31. mars (klokka 12:00).

I 2021 fekk KrF nærare 5 prosent av stemmene blant dei som er 60 år eller eldre. Og 1,3 prosent blant dei som er yngre enn 30 år.

Aldersprofilen til KrF-veljarane er heilt ekstrem, seier Svein Tuastad.

Det er derfor ikkje så overraskande at partiet slit med å stille lister. Dei eldre veljarane døyr bokstaveleg talt ut.

Støre, Jagland og Bondevik

I 1997 tapte Ap valet, og Kjell Magne Bondevik tok over styringa av statsministerkontoret. Her spøkjer Thorbjørn Jagland med Bondevik, medan Jonas Gahr Støre står i bakgrunnen.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

Skal vere varsam med å avskrive partiet

I eit europeisk perspektiv tilhøyrer KrF ein stor kristendemokratisk familie i motbakke. Symbolisert ved Danmark, der kristendemokratane er heilt utraderte.

Unntak frå regelen er Kristdemokraterna (Sverige) og CDU (Tyskland), som har henta næring frå verdikonservative standpunkt.

Bernt Aardal vil derfor ikkje gjere som kollegaen sin Henry Valen, som spådde at både KrF og Sp ville forsvinne som følgje av sosiale endringar og sekulære straumdrag allereie på 1960-talet.

Du skal vere varsam med å avskrive partiet heilt, seier han.

Ebba Busch forhåndsstemmer i Gøteborg, 2022

Ebba Busch kom inn som eit friskt pust i eit parti i krise då ho blei leiar Kristdemokraterna (KD) i 2015.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Peter Egge Langsæther viser til undersøkingar som seier at langt fleire enn 3 prosent av veljarane ønskjer seg ein meir ein offensiv familiepolitikk.

Om KrF breier ut appellen, og ikkje baserer seg på eldre kjerneveljarar på sørvestlandet, så er det ikkje gitt at dei blir verande under sperregrensa, seier han.

Aslak Bonde vil heller ikkje skrive under på «dødsattesten», og minner om at Venstre var «halvdødt i mange år før det stod opp igjen».

Det tek lang tid før parti døyr i Noreg. Det at færre går i kyrkja treng ikkje å bety så mykje. Det kan komme opp verdisaker som fører til at KrF kan hente ein ny type veljarar og tillitsvalde.

KrF 2021

Ei visuell framstilling av oppslutninga til KrF i 2021.

Grafikk: Valggrafikk