Hopp til innhold

Sjukehusa får gigantisk straumrekning i 2023

Sjukehus har i haust teke ned temperaturen for å spare straum. Neste år vert rekninga endå større.

Sjukehusa får gigantisk straumrekning i 2023

JULEBODSKAPEN: Helse Vest og Helse Sør-Aust (bilete) vil doble straumutgiftene neste år.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ei ny oversikt frå Helsedepartementet viser at helseføretaka må rekne med å bruke 688 millionar kroner på straum neste år.

Summen omfattar ikkje elavgift og moms. I tillegg kjem nettleiga, som vert estimert til 245 millionar kroner.

Departementet tek atterhald om at «dei siste månadene viser at det raskt kan skje store endringar» og at «estimata kan endre seg stort».

688 millionar kroner er meir enn det dobbelte av den tilsvarande kostnaden i 2021 (325 millionar kroner).

Rekninga for 2022 er ikkje heilt klar, men estimatet ligg på 420 millionar kroner.

Til samanlikning brukte helseføretaka 647,7 millionar kroner på vikartenester i 2021.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier helseføretaka må rekne med å bruke 688 millionar kroner på straum neste år. Summen omfattar ikkje elavgift, nettleige og moms.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Sjukehus tek ned temperaturen

Oslo universitetssjukehus (OUS) varsla i haust at dei tek ned temperaturen gjennom fyringssesongen for å spare «mellom 15 og 20 millionar kroner» i straumutgifter.

Helsepolitisk talsperson i Frp, Bård Hoksrud, seier til NRK at han er «skremd over kostnadsutviklinga og rekninga som er i vente».

No må sjukehusa bruke pengar som eigentleg skulle gått til pasientbehandling og investeringar på straum. Her er det viktig med løysingar som gjer at ingen pasientar blir ramma, seier han.

Leiar av Stortingets helse- og omsorgskomité, Tone Wilhelmsen Trøen (H), seier ho er «veldig bekymra for at dette kan gå utover pasientane og resultere i lengre helsekøar».

Ho viser at helsebudsjettet for 2023 ikkje tek høgd for auka lønns- og prisvekst.

Straumutgiftene pressar no økonomien ytterlegare. Vi forventar at regjeringa kjem med kompenserande tiltak, seinast i revidert nasjonalbudsjett, seier ho.

St. Olavs hospital i Trondheim

– For vår del er det meste av straumforbruket i 2023 prissikra. Det betyr at høge straumprisar har lite å seie for helseføretaka våre neste år, seier Kai Kristiansen, som er kommunikasjonsrådgivar i Helse Midt-Noreg RHF.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Bra at store delar av straumvolumet er prissikra

For 2023 er 85 prosent av den antekne straumbruken til sjukehusa prissikra.

Målet med prissikring er å veksle svingingane i marknaden inn i føreseielege utgifter.

Prissikring gjorde at Helse Sør-Øst sparte 208 millionar kroner i straumutgifter i 2021 (til ein nettopris på cirka 30 øre/kWh).

Ellen Rønning-Arnesen (Ap) er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Det er bra at dei regionale helseføretaka har store delar av straumvolumet i prissikra avtaler. Samtidig vil høge straumprisar og høge prisar på fjernvarme, få konsekvensar for sjukehusa, seier ho.

Sjukehusa fekk i november 2,5 milliardar ekstra i ein «nysaldering» for å kompensere for auka straumkostnader (sjå faktaboks).

Den sterke prisveksten gjer at også sjukehusøkonomien blir stram. Budsjettet er no vedteke av Stortinget, men vi må følgje nøye med på den økonomiske situasjonen og straumkostnadene i sjukehusa, seier Rønning-Arnesen.

Sjukehus-avtalane om fjernvarme er i all hovudsak knytt opp mot spotpris for straum og er ikkje gjenstand for prissikring.

Denne kostnaden er berekna til 656 millionar kroner neste år.

StSgSd4h9xw

Leiar av Stortingets helse- og omsorgskomité, Tone Wilhelmsen Trøen (H), seier ho er «veldig bekymra for at auka straumutgifter kan gå utover pasientane og resultere i lengre helsekøar».

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sjukehusa vil få det svært tøft i 2023

Eg fryktar kutt i pasientbehandling og oppseiingar med det budsjettet som er vedteke, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Han viser til at dei auka budsjettet til sjukehusa med 2 milliardar i sitt alternative budsjett.

Dei sjukehusa som har fastprisavtalar som går ut vil få det svært tøft i 2023, og det kan ikkje regjeringa berre sjå på. Det gir inga meining med store inntekter for staten på dyr straum samtidig som sjukehusa må kutte på grunn av den same dyre straumen, seier han.

Leiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, seier til NRK at ho «forventar at politikarane i denne situasjonen tek ansvar for at pasientar får den behandlinga dei treng».

Og at sjukehusa får gjort heilt nødvendige investeringar. Det handlar om å halde oppe ein god helseberedskap.