Sævik vil gjere sitt for å trygge politikarane

FLESLAND (NRK): Når politikarane tek stilling til salet av Fjord1, vil Per Sævik gjere sitt for å trygge politikarane når det gjeld finansiering.

Per Sævik

TILBYR OVER MILLIARDEN: Per Sævik tilbyr 1,065 milliardar kroner for Fjord1-aksjane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ein vil sjå at det ikkje er eit problem. Sogn og Fjordane vil ikkje levere frå seg aksjar utan betaling og bankgaranti, seier eigar av Havila, Per Sævik.

I dag tar fylkesutvalet stilling til om dei skal selje Fjord1 til Per Sævik og Havila. På møtet skal Sævik fortelje om korleis han har tenkt å gjere opp for seg. Sævik og Havila-konsernet har tilbydd seg å betale 1,065 milliardar kroner for Fjord1-aksjane.

Måndag var første gongen fylkesutvalet fekk innsyn i avtalen med Sævik og Havila. Bjørn Hollevik, som sit i fylkesutvalet for Høgre, seier han treng avklaringar frå Sævik når det gjeld finansiering.

– Vi er glade for at Sævik kjem, då vi får stille han direkte spørsmål på ting som vi meiner ikkje er godt nok greidd ut i dag. Det gjeld spesielt sikkerheit for oppgjer og regionale investorar, seier Hollevik.

Sævik vil nytte møtet til å forklare drifta til Havila Holding AS.

– Eg ser fram til møtet på ein positiv måte då det er ein moglegheit for oss til å presentere Havila og Havila-gruppa. Det trur eg det på mange måtar er behov for.

Politikarane ser fram til møtet

Politikarane skal seie sitt om avtala under møtet i dag. Fylkesgruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, er klar på at det blir eit viktig møte. Reksnes og Senterpartiet er klar på si avgjerd.

– På noverande tidspunkt har vi ikkje noko kunnskap som tilseier at vi ikkje kan gå for denne avtala. Vi held fast ved at vi vil selje.

Reksnes

GÅR TRULEG FOR JA: Fylkesgruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, går truleg for eit sal av Fjord1 til Havila.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til møtet kjem også styreleiar i Fjord1, Pål W. Lorentzen, som var med på forhandlingane mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila. Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes ser fram til å høyre kommentarane frå både Sævik og Lorentzen.

– Vi møter med eit ope sinn. Eg er innstilt på at vi tar den tida vi treng for å få best mogleg oversikt. Vi vil høyre på Sævik og styreleiar Lorentzen sine kommentarar og bestemme oss deretter.

Sævik håpar på ei avklaring under møtet til fylkesutvalet i dag.

– Dette er noko vi har jobba lenge med. Det er ein klar fordel om vi kan bli ferdig med saka og parkere rettssaka for godt for å få eit ryddig løp framover, seier han.

Fylkesordførar nøgd med avtale

Det blåste opp til sterk storm då fylkestinget vedtok å selje aksjane sine i Fjord1 til trafikkselskapet Torghatten i 2015. Konkurransetilsynet stogga dette salet. I august signerte fylkeskommunen ei avtale om sal av Fjord1-aksjane

Fylkesrådmannen tilrår politikarane å seie ja til salet. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) seier avtalen med Sævik var den beste som var mogleg å oppnå.

– Vi har forhandla med ein part som har forkjøpsrett til aksjane. Det er situasjonen vi er i. Vi har forhandla med tanke på pris og sikkerheit, noko vi har brukt mykje tid på. Med denne avtala kom vi så langt som vi kom, noko som avspeglar det heile, seier ho.

I avtalen står det at hovudkontoret skal ligge i Florø. Vidare skal Havila skal ha fire styremedlemmar og styreleiar i selskapet, medan fylkeskommunen står att med to styremedlemmar og nestleiar.

Alt om striden kring Fjord1 kan du lese her.