NRK Meny
Normal

Sævik kjøper Fjord1: – Dette har vi jobba lenge for

Sogn og Fjordane fylkeskommune sel sine Fjord1-aksjar til Havila-konsernet. Reiar Per Sævik er godt nøgd med avtalen.

Per Sævik

Per Sævik har jobba lenge for å få til denne avtalen. han meiner det er ei god løysing for begge partane.

Foto: Torill Øvrelid / NRK

Det var i november 2015 at fylkestinget i Sogn og Fjordane bestemte seg for å selje sine aksjar i Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Fylkeskommunen eig 59 prosent av aksjane, medan Per Sævik og Havilakonsernet eig 41 prosent.

Sævik varsla søksmål fordi han meinte at reiarlaget skulle få nytte seg av forkjøpsretten. I juli varsla Konkurransetilsynet at dei sette ned foten for Torghatten sitt oppkjøp. I dag signerte Sogn og Fjordane fylkeskommune under avtalen om at Havila-konsernet får kjøpe aksjane.

Nøgd med avtalen

Per Sævik er nøgd med avtalen om at Havila skal kjøpe 26 prosent av aksjane, med ein opsjon på resten. Dermed har dei til saman 69 prosent av Fjord1-aksjane.

– Det er dette vi har jobba for i lengre tid, seier Sævik til NRK.

Då Konkurransetilsynet stoppa salet av Torghatten, starta sonderingane og forhandlingar med Havila. Sævik trur begge partane er greitt nøgd med avtalen. Fylkestinget skal handsame saka 26. august, og han håper at dei seier ja.

Sævik sjølv er letta over at avtalen er i boks. For han som reiar har saka vore utfordrande, samtidig som Havila har tøffe tider i offshorebransjen.

– Den kombinasjonen har til tider vore ganske arbeidskrevjande, seier Sævik.

Vil ikkje ut med sum

Forhandlingane med Sogn og Fjordane fylkeskommune har halde på i to veker, og Sævik seier at klimaet mellom partane har vore godt.

Kva summen på avtalen er, vil verken Sævik eller fylkesordførar Jenny Følling ut med.

– Summen er unntatt offentlegheita, men det var krevjande forhandlingar med ein god tone. Dette er ein avtale som begge partar kan leve med, meiner Følling.

Rettssaka som skulle starte 29. august vert kansellert.