Hopp til innhold

Fylkeskommunen sel Fjord1-aksjar

Sogn og Fjordane fylkeskommune sel sine Fjord1-aksjar til Havila-konsernet.

MF "Sogn", Manheller-Fodnes

SEL TIL HAVILA: Sogn og Fjordane fylkeskommune sel sine aksjar i Fjord1 til Havila.

Foto: Anna Gytri / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune har signert ei avtale om sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 AS til Havila-konsernet.

– Etter eit samrøystes vedtak i fylkesutvalet har vi først gjennomført sonderingar og deretter forhandlingar med Havila. Vi har kome til semje om ei avtale der vi sel delar av aksjeposten vår til Havila, med opsjon på resterande 33 prosent i løpet av ein toårs periode, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Forhandlingane har vore leia av fylkesordførar og fylkesrådmann og har vore basert på eit samrøystes vedtak i fylkesutvalet 3. august 2016. Hos Havila har Per Sævik leia forhandlingane.

Alt om striden kring salet av Fjord1 kan du lese her.

Trekk rettssaka ved godkjenning av avtale

Dersom avtalen vert godkjent unngår fylkeskommunen rettssaka som Havila varsla i samband med Torghattenavtalen.

Per Sævik og Havila ville gå rettens veg for å avklare om dei hadde forkjøpsrett då fylkeskommunen tidlegare vedtok å selje sine aksjar i Fjord1-konkurrenten Torghatten.

– Rettssaka blir trekt om avtalen blir godkjent i fylkestinget og i styret til Havila, seier Følling.

Jenny Følling

SLEPP RETTSSAK: Om avtalen blir godkjent slepp fylkesordførar Jenny Følling og Sogn og Fjordane fylkeskommune ei rettssak mot Havila.

Foto: Bård Siem / NRK

Krevjande forhandlingar

Det blåste opp til sterk storm då fylkestinget vedtok å selje aksjane sine i Fjord1 til trafikkselskapet Torghatten i 2015. Salet vart vedtatt med berre éi røyst overvekt.

I år vedtok Konkurransetilsynet å stogge salet av Fjord1 til Torghatten ASA. I over 14 dagar har fylkeskommunen forhandla med Havila.

– Den bygger på ein del av prinsippa frå avtalen med Torghatten, men pris og sikkerheit har vore viktig, seier Følling.

Følling kan ikkje sei noko om kostnadssummen på avtalen.

– Summen er unntatt offentlegheita, men det var krevjande forhandlingar med ein god tone. Dette er ein avtale som begge partar kan leve med, meiner Følling.

Kor sikra er arbeidsplassane i Florø med Havila som eigar?

– Dei er bra sikra med den avtalen vi har kome fram til, seier Følling.