Hopp til innhold

Løfta på Fjord1-sløret bak lukka dører

FLESLAND (NRK): Spente fylkespolitikarar søkte ly bak lukka dører i Bergen. Samtidig løfta fylkesrådmannen på hemmelegheitssløret.

Fylkesutvalsmøte på Flesland

HEMMELEG: Fylkesutvalet samla seg for å få vite detaljane i avtalen mellom dei og Per Sævik i Havila om sal av Fjord1.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Forventningsfulle, spente og med nervøs latter tok fylkespolitikarane måndag kveld plass i møterom Shuffle på Clarion Hotel Bergen Airport.

Her skal fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar Tore Eriksen fortelje resten av gjengen kva dei er blitt samde med Per Sævik om.

I førre veke sat dei to i forhandlingar med Sævik, som er minoritetseigar i Fjord1 gjennom Havila-konsernet. Dei vart samde om å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til han, og unngjekk dermed ei millionrettssak.

Men detaljane i avtalen er hemmeleg. Difor lukka dører.

Detaljar, men ikkje alt ...

Fylkesrådmann Tore Eriksen har kome med si innstilling. Den vart fyrst omtala av Firda. Han meiner fylkeskommunen bør selje 26 prosent av aksjane til Sævik no. Så er det opsjon om at han kan kjøpe resten mellom 2017 og 2019.

Samtidig skal både fylkeskommunen og Sævik jobbe for å finne fleire "regionale aktørar" som kan vere interesserte i å vere medeigarar.

Havila får ansvaret og kostnadane med å få salet godkjent av Konkurransetilsynet, og eventuelle andre styresmakter.

Stengd møteromsdør

STENGD: Møtet går bak lukka dører. Som vanleg i Fjord1-saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fjord1 framleis i Florø

I aksjonæravtalen står det at Sævik no skal få kontroll over styret i Fjord1. Han skal få utnemne fire av åtte styrerepresentantar. Fylkeskommunen skal få utnemne to. Dei siste to plassane høyrer til dei tilsette. Sævik får styreleiaren. Fylkeskommunen får nestleiaren.

Det står også at Fjord1 framleis skal ha hovudsete i Florø.

Avtalen tek slutt når fylkeskommunen sel alle sine aksjar.

«Tryggare» enn Torghatten

I aksjekjøpsavtalen står det at Fjord1 skal betale ut eit ekstraordinært utbytte i år på 50 millionar kroner. 59 prosent av dette skal utbetalast til fylkeskommunen.

Fylkesrådmannen kommenterer at det er «tryggare» pengar dei får denne gongen, enn dei ville fått med Torghatten. Samtidig er beløpet mindre:

«Avtalen med Havila har totalt eit noko lågare nominelt beløp enn avtalen med Torghatten, men heile risikoen ved framtidig resultatutvikling (earn-out) er borte. Fylkesrådmannen meiner det er bra at vi no er sikra ein fast pris for heile aksjeposten på 59 %, og ikkje som sist, ein sum som delvis er resultatavhengig.»

Havila-konsernet hadde i fjor ein omsetnad på 3,6 milliardar kroner, og om lag 1 500 tilsette. Dei hadde i fjor ein bokført eigenkapital på 1,2 milliardar kroner.

Men kva er kjøpssummen?

Alt dette kjem fram i sladda dokument, og i innstillinga frå fylkesrådmannen.

Dei einaste store spørsmålet som framleis står utan svar, er kor stor kjøpesummen er.

Dette får fylkespolitikarane vite bak lukka dører. Onsdag skal fylkesutvalet seie ja eller nei, til den framforhandla avtalen.

Fredag blir det endeleg avgjerd i fylkestinget. Då skal det setjast punktum for den vanskelegaste saka i fylkeskommunens historie.