Etter ein bitter strid, og med knappast mogleg margin, gjekk fylkespolitikarane i 2015 inn for å selje aksjane i ferjeselskapet Fjord1.
Fylkespolitikarane ville opphavleg selje til reiarlaget Torghatten, men Konkurransetilsynet sa nei. I staden hamna aksjane i Per Sævik og selskapet Havila sitt eige for ein milliard kroner. Heile selskapet var verdsett til 1,8 milliardar kroner.
- Les også:
– Eg er heilt sikker på at ein selde Fjord1 altfor billeg, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest, til NRK.
Slaktar salsprosessen
Kjerpeseth meiner ein kunne fått tre milliardar kroner for Noregs største ferjeselskap. Dette har konsernsjefen teke til orde for i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende, der han slaktar heile salsprosessen.
Kjerpeseth meiner fylkeskommunen kunne ha børsnotert selskapet og seld seg gradvis ut av Fjord1. Han legg til at det meste i samband med salet verkar å vere bygd på feilvurderingar.
– Er det ikkje etterpåklokskap du kjem med?
– Nei, vi påpeika forholda allereie i 2015. Då fekk vi vite av politikarane som var for salet at vi visste for lite. Når vi no ser saka i ettertid, ser vi at vi fekk meir rett enn det vi kunne frykte.
– Kva meiner du med det?
– Fjord1 hadde vesentleg potensial, robust økonomi og lange kontraktar med det offentlege. Det var eit selskap som fylkeskommunen kunne fått vesentleg meir for, seier han.
– Han fortel eventyr
Heile Senterpartiet stilte seg bak salet og fylkesleiar Sigurd Reksnes slår hardt tilbake mot Kjerpeseth. I eit svarinnlegg i same avis meiner han skuldingane er prega av etterpåklokskap.
Reksnes kallar framstillinga til Kjerpeseth for ei eventyrforteljing.
– Kjerpeseth kjem med mykje tøv. Ut frå mandatet vi fekk i fylkestinget har salet av Fjord1-aksjane vore handtert ryddig og greitt. Saka er avslutta frå fylkeskommunen si side og vi må kome oss vidare, seier han til NRK.
– Men ifølgje Kjerpeseth kan fylkeskommunen ha gått glipp av over ein milliard kroner. Kva seier du til det?
– Kjerpeseth tek til orde for at vi burde ha vurdert børsnotering og teke andre grep for å maksimere verdiane. Børsnotering medfører stor risiko og ville vore veldig vanskeleg reint politisk. På det tidspunktet vi selde, etter ein 18 månader lang prosess, var det ingen som ville betale meir, seier Reksnes.
Ikkje berre pris
Jenny Følling (Sp) var nyvald fylkesordførar då fylkestinget vedtok å selje Fjord1-aksjane i 2015. Ho meiner fylket fekk den beste prisen og minner om at fylkeskommunen i Møre og Romsdal fekk halva då dei selde sine 41 prosent i Fjord1 i 2011.
Fylkesordføraren seier det viktigaste for politikarane var å sikre at Fjord1 heldt fram med hovudkontor i Sogn og Fjordane, og at dei skulle utvikle seg og investere her.
– For like viktig som pris, var arbeidsplassar og at selskapet skulle utvikle seg her i fylket, seier ho.
Angrar ikkje
Følling angrar ikkje på salet av Fjord1-aksjane. Sogn og Fjordane var den siste fylkeskommunen som selde seg ut av eit slikt selskap.
– Det viktige for meg er at selskapet går godt, kan utvikle seg og investere i fylket. Mange frykta Fjord1 skulle flytte ut av fylket, men det var viktig for oss å sikre at hovudkontoret vart i fylket og at dei skulle investere her. Det har utvikla seg veldig flott, legg ho til.
Fylkesordføraren avfeiar Kjerpeseth sine skuldingar om dårleg politisk handverk.
– Det må han få gjere si vurdering av. Vi følte på det tidspunktet at det var brukt lang tid, ein grundig prosess og vi valde det høgaste bodet som best varetok fylket vårt. Så må ein leve med det som ein gjorde på det tidspunktet, seier ho.
Takkar Konkurransetilsynet
Kjerpeseth meiner ein kan takke Konkurransetilsynet for at hovudkontoret i Fjord1 framleis er i Florø.
– Fylkespolitikarane ville opphavleg selje til Torghatten og førestillingane om plassering av hovudkontor var naive. Fakta er at denne gongen redda Konkurransetilsynet eit svært viktig hovudkontor i Sogn og Fjordane. Det har vore elendig politisk handverk i denne saka, seier Kjerpeseth.
I