NRK Meny
Normal

Konkurransetilsynet forbyr salet av Fjord1

Konkurransetilsynet har i dag stogga salet av Fjord1 til Torghatten ASA. Tilsynet meiner eit kjøp ville ha øydelagt konkurransen i ferjemarknaden.

Bilferja Årdal

IKKJE SAL: Konkurransetilsynet tillet ikkje at ferja Årdal og resten av Fjord1 blir kjøpt av Torghatten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– I dag har Konkurransetilsynet sendt ut eit vedtak om at vi legg ned forbod mot at Torghatten kjøper eigarandelar i Fjord1, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet.

– Dette dreier seg om konkurranse i marknaden for drift av ferjesamband i Norge. Transaksjonen involverer dei to største selskapa i denne marknaden. Konkurransetilsynet si bekymring er at dersom dette skulle blitt gjennomført ville det medført ei svekking av konkurransen. Vedtaket er gjort etter ei totalvurdering, seier Nese.

Gjermund Nese

SETTE FOTEN NED: Avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet.

Foto: Reidun Duesund/Konkurransetilsynet

– Er det ankemoglegheit her?

– Vedtaket er endeleg. Selskapa har høve til å klage på vedtaket innan 15 virkedagar, seier Nese.

Skuffa konsernsjef

Konsernsjef Brynar Forbergskog i Torghatten seier i ein kommentar at selskapet er skuffa over konklusjonen til Konkurransetilsynet.

– No må vi sette oss inn i grunngjevinga for avgjerda. Det skal vi bruke dei nærmaste dagane til.

Brynjar Forbergskog

SKUFFA: Konsernsjef Brynjar Forbergskog i Torghatten ASA.

Foto: Hildegunn Tjøsvoll / Avisa Nordland

Han kan ikkje svare på om Torghatten kjem til å klage på avgjerda.

Overraska

Fylkesordførar Jenny Følling fekk nyhendet i dag tidleg.

– Eg er overraska, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK Sogn og Fjordane.

– Eg er overraska all den tid Torghatten har sett i gang større strukturelle tiltak og andre avbøtande tiltak. Eg trur også bransjen generelt sett er overraska fordi dei har trudd at det ville vere mogleg med ei konsolidering få fire til tre selskap, seier Følling.

I november i fjor vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane, som er majoriteteseigar i Fjord1, med knapt fleirtal, å selje aksjane sine i Fjord1 1 til Torghatten.

Dette er bakgrunnen for Fjord1-saka

– Trudde på godkjenning

Eit fleirtal på 16 mot 15 fylgde tilrådinga frå fylkesrådmannen. Fylkesordførar Jenny Følling var i fleirtalet.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

OVERRASKA: Fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– VI trudde på ei godkjenning. Men vi har også belaga oss på dette utfallet. No må vi setje oss ned og sjå på vedtaket som Konkurransetilsynet har gjort. Så må vi samle oss og finne ein veg vidare.

Fleire har seinare reagert på vedtaket. Mellom anna har Statens vegvesen og Vegdirektoratet gjeve tydelege signal om at Konkurransetilsynet ikkje må godkjenne salet.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner ei godkjenning av salet vil bety dårlegare og dyrare ferjetilbod, og at det er Staten, fylkeskommunane og dei reisande som må ta konsekvensen.

I vår varsla Konkurransetilsynet at dei vurderte å gripe inn i Torghatten sitt kjøp av eigarandelane. No i dag er det avgjort: Konkurransetilsynet stoggar salet.

Andre Høyset, HR-direktør i Fjord1

VIL SKAPE RO: Konstituert adm. dir. André Høyset i Fjord1.

Foto: Pressefoto

– Fylkeskommunen har initiativet

Leiinga i Fjord1 tek vedtaket hjå Konkurransetilsynet til vitande.

– No ligg initiativet hjå majoritetseigaren, fylkeskommunen. Leiinga er oppteken av å skape ro i selskapet og ynskjer ei endeleg løysing rundt eigarskapet innan kort tid, slik at prosessen kan avsluttast på ein god måte, seier konstituert administrerande direktør André Høyset.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med leiinga i Torghatten ASA. Førebels har vi ikkje lukkast.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.