Hopp til innhold

Rotevatn: – Det finst vindkraftverk som ikkje burde ha blitt bygd

– Eg skal vere ærleg og seie at ein del vindkraftprosjekt ikkje burde fått godkjenning ut frå min politiske ståstad, seier klimaminister Sveinung Rotevatn (V).

Hennøy Vindkraftverk

VINDKRAFT: Vel 1000 vindturbinar er plassert kring om i landet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

No varslar han innstrammingar i regelverket fordi ein ikkje har lagt nok vekt på naturen i vindkraftsaker.

Naturutgreiarar som skal kartlegge om sårbar natur kan gå tapt ved store utbyggingar meiner dei ikkje får gjort ein grundig nok jobb, utover minstekrava frå styresmaktene.

Til NRK fortel fleire i bransjen om frykt for å miste oppdrag, enkelte meiner at systemet lønar dei som finn minst natur å bevare.

Regelverket seier at vindkraftselskapa skal gjere naturundersøkingar når dei søkjer om konsesjon.

– Om vi ynskjer å gjere ein skikkeleg jobb, noko vi sjølvsagt vil, blir vi for kostbare, seier senior miljørådgjevar Kjetil Mork i Multiconsult.

Konsulentane skal vere nøytrale og leite etter dyreliv og planteliv. Oppdagar konsulentane verdifull natur, kan sjansen bli mindre for kraftselskapet til å få bygge ut.

– Når det er stor konkurranse om oppdraga, vil det alltid vere nokon som nyttar sjansen til å skjere omfanget av feltundersøkingane inn til beinet for å vinne. Dei som då gjer ein skikkeleg jobb ute i felt taper, og slik bør det ikkje vere, seier Mork.

Kjetil Mork i Multiconsult

VIL HA TYDELEGARE STATLEGE KRAV: Kjetil Mork i Multiconsult.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Har varsla i fleire år

Mork har lang erfaring i bransjen, og merka at det var store skilnadar i kor mykje tid i felt ein brukte på å finne sårbar natur. Derfor gjekk han gjennom 25 konsekvensutgreiingar for naturmangfald i vindkraftsaker.

– Vi såg tydeleg at vindkraftverk har fått konsesjon etter utgreiingar som ikkje har hatt all verdas kvalitet, seier han.

Mork såg døme på at område på vel 50 kvadratkilometer berre var undersøkt gjennom feltarbeid i eit par-tre dagar.

Veg, jernbane og bustadområde er underlagt dei same reglane som kraftutbyggingar.

Mork har ikkje laga nokon tilsvarande samanlikning for andre typar utbyggingar, men meiner at ein truleg vil finne like store skilnader.

– Dette er noko som vi har sagt til NVE og Miljødirektoratet i fleire år, seier Mork

Guleslettene vindkraftverk i Bremanger og Kinn kommunar.

VINDKRAFT: Guleslettene vindkraftverk i Bremanger og Kinn kommune er eit av fleire anlegg i distriktet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Har sett konsulentar reise opp og ned

I Bremanger i Vestland ventar lokalbefolkninga spent på regjeringa. På Steinfjellet har Bremangelandet Vindpark AS planar om 18 vindturbinar. Endeleg godkjenning kan kome i år.

Her i området brukte Norconsult til saman tre dagar til feltarbeid på to ulike vindprosjekt. Prosjekta ligg på kvar si side av fjorden.

Lokalbefolkninga har i mange år sett ulike konsulentar reise opp og ned fjellet. Tommy Nygård fortel at nokre gonger må dei banke på hos folk for å låne nøklar til vegbommen.

– Konsulentane brukar altfor kort tid, det er tilnærma verdilaust, meiner Nygård.

Sveinulf Vågene, Tommy Nygård, Ivar Rune Varpe

MOTSTANDARAR: Sveinulf Vågene, Tommy Nygård, og Ivar Rune Varpe.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Norconsult forsvarar tidsbruken med at områda låg tett, og er overlappande for fuglelivet. NVE bad seinare om tilleggsopplysningar. Utbyggar SFE påpeikar at staten godkjende arbeidet.

Les svara frå Norconsult og NVE nedst i artikkelen.

Fryktar prispress og uklare krav

Multiconsult er ikkje åleine om å ynskje endringar.

Energirådgjevar Pål Preede Revheim i Sweco seier utgreiingsprogramma frå NVE for kva som skal undersøkast liknar kvarandre uansett kor du er i Noreg, sjølv om naturen er veldig forskjellig.

– Utgreiingsprogramma er for generelle, og for lite lokalt tilpassa. Likevel må dei følgjast som ein mal, seier han.

Divisjonsdirektør for energi i Norconsult, Sten-Ole Nilsen, føreslår at staten skal stille tydelegare krav, og at staten ikkje skal handsame søknader som ikkje er i tråd med krava.

– Konsekvensutgreiingar på anbodskonkurranse kan bidra til prispress som går ut over kvaliteten, seier divisjonsdirektør for energi i Norconsult, Sten-Ole Nilsen.

Steinfjellet i Bremanger

PLANAR: Vindkraftverket skal kome på toppen av Steinfjellet i Bremanger kommune.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ekspert: – Handlar om eit system samfunnet må ha tillit til

Professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet Øystein Aas, meiner systemet har klare forbetringsmoglegheiter.

– Heile dette systemet baserer seg på tillit. Heile samfunnet føreset at dette har tilstrekkeleg kvalitet. Vi kan velje å lære av andre land, eit nærliggande eksempel er Sverige.

I fylgje Aas er det i Sverige ikkje kommunar eller sektorstyresmakter som tek avgjerd i slike saker, men eit «miljødomstol-system» som tek stilling etter eit sett av reglar.

– Då får ein ei meir open og uavhengig behandling av desse sakene.

Aas er kritisk til at samfunnet får veldig liten innsikt i sjølve avgjerda om ei utbygging.

– Det heile vert basert på eit lukka skjønn i eit byråkratisk eller politisk kollegium. Eg meiner tilliten til dette systemet hadde blitt større om prosessane vart opnare.

Steinfjellet i Bremanger

NATUR: Før natur kan byggast ned skal dyreliv og plantar kartleggast for å finne ut kva verdiar som kan stå på spel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Rotevatn: – Prosessane har ikkje vore gode nok

Sveinung Rotevatn seier det gjennom mange år frå Stortinget og ulike regjeringar har vore eit tverrpolitisk ynskje om å bygge ut vindkraft. Men at i iveren etter å bygge ut, har ein ikkje vore opptatt nok av følgjene for naturen

– Mange har kome til ei erkjenning av at i desse prosessane har ein ikkje vore gode nok til å skaffe all naudsynt kunnskap, at ein ikkje har lagt nok vekt på natur.

No lovar Rotevatn at ein skal vektlegge omsynet til natur sterkare enn før. I ei stortingsmelding har regjeringa varsla innstrammingar. NVE skal gå gjennom utgreiingskrava, i dialog med Miljødirektoratet, og andre fagmyndigheiter.

– Vi skal få betre konsesjonsbehandling og strengare reglar enn det vi har fått til no. No skal vi få meir kunnskap, betre kunnskap, og strengare praksis.

Men Øystein Aas er skeptisk til om ting blir betre. Han meiner det verkar som det er liten politisk interesse til å styrke miljø- og naturverninteressene i utbyggingssaker.

– Det tydelegaste dømet er at regjeringa har gitt klare signal til fylkesmennene med å vere meir tilbakehaldne med å gi motsegn. Dette brukast no mykje mindre, seier Aas.

Norwea: Kjenner ikkje til prispress

Norwea, som er vindkraftbransjen sin interesseorganisasjon, seier dei ikkje kjenner til at prispress fører til at verdifull natur ikkje blir kartlagt før utbyggingar.

– Det eksistere ein sunn konkurranse blant svært mange kompetente fagmiljø i Noreg, vi er ikkje kjent med at det fører til eit prispress som går ut over kvaliteten på undersøkingane, seier Andreas Thon Aasheim i Norwea.

Aasheim seier dei i likskap med konsulentbransjen har etterlyst klarare retningsliner og krav frå styresmaktene.

– Vi som bransje, og selskapa som greier ut, oppfyller og følgjer dei krav som til ei kvar tid er gjort gjeldande frå norske styresmakter.

Utsikt frå Steinfjellet i Bremanger

VINDFULLT: Utsikt frå Steinfjellet i Bremanger.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

NVE: – Vi jobbar for å bli meir treffsikre

NVE sin konsesjonsdirektør Rune Flatby er open for at det er gitt konsesjonar der kunnskapsgrunnlaget var dårlegare enn det er i dag.

– Det vil alltid vere slik at vi tek vedtak med den kunnskapen vi har. Så lærer vi og jobbar for å bli betre. At vi har kunnskap i dag som vi ikkje hadde då vi behandla dei fyrste sakene er vel openbert, men kva kraftverk vi ville ha sagt nei til vil eg ikkje spekulere i, seier Flatby.

Regjeringa skal snart bestemme seg

Svaret på om det kjem vindturbinar på Steinfjellet i Bremanger kjem truleg i løpet av året.

Detaljplanen skal anten bli godkjent eller få avslag hjå Olje- og energidepartementet.

Dagleg leiar for Bremangerlandet Vindpark, Stig Svalheim i Sogn og Fjordane Energi, seier deira utgreiingar er gjort slik som NVE bad om, og at staten har vurdert naturutgreiingane som gode nok.

– Vindkraftverket er lokalisert på ein stad der det bles godt. Føremålet er å produsere energi, som samfunnet spør etter for å møte klimautfordringane. Prosjektet vil gi store inntekter, og betydeleg verdiskaping til Bremanger kommune og lokalsamfunnet, seier Svalheim.

Men motstandarane har ikkje lenger tillit til systemet.

– Vi har ei menneskeplikt til å ta vare på naturen, seier grunneigar Ivar Rune Varpe.

Ivar Rune Varpe

MOTSTANDAR: Ivar Rune Varpe er ein av fleire grunneigarar i området. Meiningane om vindkraftverket er delte i lokalsamfunnet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Hei!

Har du tips etter å ha lest denne saken? Send oss gjerne en epost! Astri er journalist i NRKs klimaredaksjon og Asgeir er journalist i NRK Vestland. Tidligere har vi blant annet fortalt hvordan naturen på Stad mistet verdi over natten. Vi har også fortalt om myren som blir ødelagt når vi bygger vindkraftverk.