Hopp til innhold

Jakter med harpun og garn på rømd oppdrettsfisk

Éi lakseelv har allereie fått den rømte oppdrettslaksen frå Sogn på besøk. No fryktar fleire andre at den ubedne gjesten kjem til deira elv.

Fangar rømd laks med garn og harpun

LAKS PÅ RØMMEN: Her fangar dei rømd oppdrettslaks i Vik

Foto: ARNE STUBHAUG / ARNE STUBHAUG

– Det er eit trist syn. Vi mistar litt piffen når sånt skjer, seier Morten Jacobsen, leiar i Vik jakt- og fiskelag.

For i elva Vikja i sognekommunen Vik, er det nemleg ubedne gjestar på ferde.

Den er farleg for den truga villaksen som lever i elva, og som dei har jobba i årevis for å bevare.

Truleg er det oppdrettslaks frå Aller Aqua sitt anlegg i Vadheim som no sym rundt i Vikja. Så mykje som over 40.000 oppdrettslaks kan ha rømt derfrå.

Aller Aqua har ikkje svart på ei rekkje førespurnadar frå NRK om intervju.

Ifølge fagfolk som jakt- og fiskelaget i Vik har vore i kontakt med, er laksen gytemoden.

Morten Jacobsen (t.v.) er lite nøgd med å sjå oppdrettslaks i elva Vikja i Vik. Her saman med Kai Roger Klarholm.

Denne oppdrettslaksen frykta Morten Jacobsen (til venstre) og Kai Roger Klarholm ville kome til Vik.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Uvisst kor mykje laks som er fiska opp

– Rømt oppdrettslaks kan potensielt spreie seg over fleire hundre kilometer.

Det seier Monica Solberg, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Alder og årstid for rømminga vil avgjere kor langt dei kan fare.

No på hausten vil vaksen laks gå rett i ferskvatn, forklarar ho.

Les også Ny rapport: Kritisk for villaksen

Arne Jørrestol. Forskningsfangst på Agdenes i Trondheimsfjorden

Umoden laks vil halde seg ved elveosen, medan den kjønnsmodne vil gå opp i elvene og oppsøke gyteplassane.

– Og det må vi unngå for å ikkje få gyting mellom villaks og oppdrettslaks, seier forskaren.

Fleire andre fryktar denne «genetiske forureininga», mellom anna Knut Munthe Olsen, grunneigar i Årøyelva i Sogn.

Rømt oppdrettslaks frå Vadheim, fanga i Vik

Rømt oppdrettslaks frå Vadheim har blitt fiska opp i Vik. Jakt- og fiskelaget i Vik har sjekka med fagfolk som seier laksen er gytemoden.

Foto: Morten Jacobsen

I Vadheim dreg sportsfiskarar og bygdefolk no opp laks etter laks. Og det er all grunn til å tru at dei vil få meir napp i tida framover. Oppdrettslaksen kan truleg halde seg i området ei stund, fortel seniorforskar Solberg.

Fiskinga som no går føre seg er dermed eit effektivt hjelpemiddel, meiner ho.

Tal frå Fiskeridirektoratet har synt at 17.659 laks har rømt frå norske oppdrettsanlegg så langt i år.

Politiet har oppretta sak

Fiskeridirektoratet vil ikkje seie kor mykje av den rømte laksen som er fiska opp så langt.

– Vi er litt forsiktige med å gå ut med tal enno, seier regiondirektør Leni Lisæter.

Ho seier at selskapet Aller Aqua er pålagt utvida gjenfangst, og at det er viktig at det skjer raskt.

Anlegget kan vente seg eit besøk frå direktoratet. Dersom dei oppdagar avvik, må Aller Aqua rett opp i dette.

– Vi kan også pålegge dei miljøovervaking i elver dersom rømminga er av eit visst omfang, seier ho, og legg til at dette i så fall skjer i samråd med Statsforvaltaren.

Rømt oppdrettslaks i Vadheim. Svein Rune Kyrkjebø er ute på fjorden.

Aller Aqua betalar folk 200 per oppdrettslaks dei levere inn.

Foto: Steinar Lote / NRK

Tidlegare i år vart Pankreas-sjukdom (PD), påvist ved anlegget. Dette er ein alvorleg laksesjukdom.

Men det er ikkje mistanke om sjukdom blant den rømte fisken. Det fortel tenestestadsleiar i Vest politidistrikt Kristoffer Jordal Lønning i Høyanger.

Politiet har oppretta sak i samråd med miljøavsnittet i Vest politidistrikt.

Ventar på at laksen kjem

Enn så lenge har ikkje oppdrettslaksen kome til lakseelvene i Høyanger, den same kommunen som rømminga skjedde i.

– Men det vil forundre meg veldig om dei ikkje kjem innan det neste døgnet, seier Jan Henning Øyehaug i jakt- og fiskelaget i Høyanger.

Han seier dei har kjempa mot rømt oppdrettslaks i over 30 år.

– Vi er akkurat like frustrerte og oppgitte som alle andre over dette.

Frykta oppdrettslaks på ferde i Vik

I Vik håper dei å kome i gang med oppfiskinga av oppdrettslaksen så raskt som råd.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Tilbake i Vik håper Morten Jacobsen at dei får snarleg løyve av Statsforvaltaren til å ta ut oppdrettslaksen.

I morgon skal dei tappe ned elva for å gjere jobben lettare. Truleg vil det ta mange veker å ta ut noko av fisken. Då det for tre år sidan rømte 10.000 laks frå Gulen, fiska dei opp hundrevis i etterkant.

– Og då var det langt færre rømte laks enn det er no, seier Morten Jacobsen.