Dronebilder fra Nesbyen som viser oversvømmelsene under ekstremværet Hans

Sjølv om vêret blir villare og våtare held nordmenn fram med å byggje som før.

Dronebilder fra Nesbyen som viser oversvømmelsene under ekstremværet Hans

Dette er historia om eit folk som ikkje bøyer av, og prisen for det.

Der ingen skulle tru at nokon ville byggje på ny

Der ingen skulle tru at nokon ville byggje på ny

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Peer Gynt fortel Henrik Ibsen om ein mann som opplevde at «alting blev revet bort af flommen».

Mannen slapp frå det med skrekken, og innan hausten kom hadde han reist ein ny gard der «røgen atter steg».

Men ikkje før huset var oppe igjen, så kom snøraset.

Like oppmuntra sette mannen i gang på ny, «og før den næste vintersne var føget, stod rejst for tredje gang hans ringe hus».

«Mandens mod fikk skredet ikke krøget», seier presten i minnetalen.

Norsk mytologi er full av desse typane som ikkje lèt seg «krøge», men som tvinger sivilisasjon ut av villmarka.

I Markens Grøde av Knut Hamsun er det Isak Sellanraa som går sigrande ut av duellen: Naturen bøyer av.

No er spørsmålet om det er nordmannen sin tur til å bøye av.

Det er i alle fall konklusjonen i ein serie offisielle utgreiingar og rapportar.

Denne flaumen bør vera ein lærepenge, sa NVE-direktør Brigt Samdal i førre veke, meir insisterande enn håpefullt.

Der litteraturen skildrar eit lutra og viljesterkt folkeslag, teiknar NVE og dei andre fagetatane biletet av eit folk som minner meir om Bill Murray i Groundhog Day.

I filmen vaknar hovudpersonen opp til den same dagen på ny og på ny, ute av stand til å bryte ut av syklusen.

På tilsvarande vis vaknar norske kommunar opp til gjørmebrune kjellarar og overflødde hus etter kvar flaumkatastrofe, for berre å gjenta dei same feila.

Igjen og igjen.

Kvifor?

Rapportane peikar på ulike grunnar til den norske «Groundhog-effekten».

Forklaringane krinsar rundt bustadpress, ansvarspulverisering, «strekk i laget», «konteinar-tenking» og uavklarte linjer mellom stat, kommune, fylke og NVE.

Men også det som kan karakteriserast som vond vilje.

«Kunnskap om klimaendringar og risiko er mangelvare hos kommunane», skriv Sintef.

«Klimatilpassing har låg valpolitisk verdi», konkluderer Cicero.

Nordmannen er gjenstridig og sta, og det er vel og bra. Men er han også litt ... tungnæm?

Sikkert er det at han får hjelp av sjenerøse forsikringsordningar.

Der danskane og tyskarane i utsette område må finne seg i å betale ein høgare forsikringspremie, legg naturskadeerstatningslova opp til at norske huseigarar skal betale det same. Uansett fare og plassering.

I alle tilfelle slepper kommunane, som har ansvar for arealplanlegginga, billig unna.

Flaumøydelegging i Utvik

Riksrevisjonens tilsynsrapport frå mars 2022 avdekte store etterslep i førebuingane til eit villare og våtare klima.

Flom Flåm

I juni la klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) fram ei melding om korleis Noreg skal bli meir «klimarobust». Blant tiltaka er «styrking av det lokale klimatilpassingsarbeidet».

Flom i Utvik

Meldinga «Saman for eit klimarobust samfunn» er til behandling hos Stortinget, og blir supplert med ein meir konkretisert og forpliktande melding neste år.

– Det viktigaste verktøyet er ikkje sikringstiltak, sjølv om det også hjelper. Det viktigaste verktøyet er god arealplanlegging, sa NVE-leiar Siss-May Edvardsen til NRK i februar.

Bakgrunnen var ein ny rapport om at elvane «treng meir plass», men at kommunane held fram med å planleggje bustader heilt inntil elvekantane.

Kvifor? Rapportane gjer eit poeng av at kommunane manglar motivasjon til å vere strengare mot bustadbyggjarane.

«Det er ingen mekanismar som koplar kostnadene etter skadane opp mot spørsmålet om kommunane har førebygd», seier «naturskade-professor» Christian Riis til Bergens Tidende.

I dag ligg «Hans» an til å bli den dyraste naturkatastrofen i Noreg nokosinne, og den førebelse skaderekninga er på rundt 4 milliardar kroner.

Den rekninga forsvinn ikkje av seg sjølv. Blir seinsommaren 2023 startskotet for meir sjølvransaking?

Vi må spørje oss sjølv om vi har gjort tilstrekkeleg for å tilpasse oss det nye vêret, seier direktør i Finans Noreg, Jan Erik Fåne.

Vi må stille oss sjølv nokre ubehagelege spørsmål, seier Turid Grotmoll, som er leiar i forsikringsselskapet Fremtind.

Ho viser til eit utdatert regelverk som med vekslande hell kjem hanglande etter den nye røyndommen.

Vi må ta inn over oss den nye normalen, og denne innsikta må leggjast inn i alle planar for korleis det blir bygd opp att.

aZ_skHb7-oM

I 2021 sa NVE at det vil koste omkring 85 milliardar kroner dersom «alle bygg som er utsette for skred i bratt terreng, flaum, erosjon og kvikkleireskred skal sikrast til same nivå som krava til nye bygg».

Flom Hokksund

Tre gonger det siste året har Vestland fylkeskommune teke initiativ til ein nasjonal konferanse for flaumsikring. Like mange gonger har regjeringa takka nei til å delta.

Gårdsbruket til Borgny Sletten og mannen

I ein ny rapport signert Vestlandsforskning er konklusjonen at klimatilpassing har «låg valpolitisk verdi» og at staten må utvikle ein kalkulator som «i kroner og øre» viser kommunane kor mykje klimatilpassingstiltak kan lønne seg.

På Voss har vore fem «20-årsflaumar» dei siste åtte åra.

Vi må tenka heilt nytt, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

I 2014 reviderte dei byggjegrensene i kommunen, for berre å oppdage at dei var utdaterte kort tid etter.

Endringane skjer raskt. Vi hadde nye flaumkart då vi bygde nytt kulturhus. Likevel vart huset nærast totalskadd i ein nye flaum fem år etter, seier Ringkjøb.

I den grad det har vore eit norsk adelsmerke å trasse åtvaringane til naturen, er det teikn til at nokon «kastar inn handkleet».

Søndag varsla Mette Østheim i Hokksund i Øvre Eiker at ho gav opp og at huset var for tapt å rekne.

Då stod kjellaren og garasjen hennar under vatn for andre gong på tre veker.

Også andre har rapportert at dei ikkje orkar meir.

Ved Nordsinni nord for Dokka seier gardbrukar Terje Øiom at han ikkje vil tilbake.

Og i Bagn spørst det om ikkje ungdomsskulen blir gjenoppbygd ein annan stad.

Flom i røyken

NVE har det statlege forvaltningsansvaret for førebygging av skadar frå flaum, erosjon og skred. Det inneber at NVE gir fagleg og økonomisk bistand til kommunane.

Skader etter ekstremværet Hans

Ved sikringstiltak kan NVE normalt dekkje inntil 80 prosent av kostnadene ved tiltaket, kommunen eller private må dekkje resten.

Store ødeleggelser på Tretten under flommen i 1995. Et hus raste ned i elven.

I 2022 brukte NVE omkring 310 millionar kroner på 42 flaumsikringsprosjekt.

«Hans» er ein kraftig vekkjar, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling.

Ho viser til berekningar som viser at for kvar krone dei brukar på førebygging, så sparar dei mellom 7–14 kroner i reparasjonar.

Men ansvaret er uklart og det manglar pengar, seier ho.

I 2019 sa NVE at det var behov for 4 milliardar kroner til ulike flaum- og skredsikringstiltak. Sidan har talet stige ytterlegare.

KS-direktør Helge Eide er med på at det er «behov for å løfte klimatilpassing høgare på den politiske dagsordenen i mange kommunestyre», men vil korrigere dei som legg heile problemet ved kommunen sine føter:

Nokon vil gi inntrykk av at kommunane nærast seier ja til kva som helst av utbyggingsønske. Det er ikkje rett.

Det er neppe kommunepolitikarar som med vitende og vilje utset framtidige innbyggjarar eller næringsdrivande for betydeleg naturfarerisiko.

I den årlege Kommuneundersøkinga, som vart publisert rett før sommaren, svarer 55 prosent av kommunane at dei «i stor grad» tek omsyn til langsiktige klimaendringar i arealplanlegginga.

I Groundhog Day greier til slutt Phil Connors (Bill Murray) å vakne opp til noko anna enn nye gjentakingar.

Det som skulle til var ei djupare forståing av kva som står på spel.

Kan hende blir august-flaumane ein tilsvarande vekkjar.

Ikkje ved at nordmannen kapitulerer eller resignerer, men ved at han tek den nye røyndommen innover seg.

Vi har fått ein kraftig åtvaring, seier Stad-ordførar Gunnar Silden.

Ved valbuene og ute blant folk registrerer han at ekstremvêret «har vorte ein snakkis».

Eg trur vi heilt sikkert vil få nytt eit regelverk for utbygginga i utsetje område.

Men det vil ta tid.

YqzTqDk8spg

Av dei ti største skadeutbetalingane sidan 1980, har sju av dei vore etter 2010.

Flom på Vallset syd for Hamar

I dag seier regelverket at ny busetnad må sikrast permanent mot 200-års flaum. «Studiar viser mangel på koordinering, både horisontalt og vertikalt i systemet», heiter det i rapporten frå Klima 2050.

Flom sperrer veien til Nesbyen i Hallingdal

Over 2100 av Hans-skadane er på bygning og innbu. Til samanlikning fekk Fremtind rundt 1800 skademeldingar etter Berit, Cato og Dagmar.