Hopp til innhold

Vil investera 50 milliardar i datasenter på Jæren

Midt i matfatet på Jæren vil Green Mountain bygga Noregs største datasenter. Saman med eitt av verdas største teknologiselskap vil dei investera 50 milliardar kroner.

En av de aktuelle tomtene for industriklynge på Kalberg

Det her på Kalberg i Time kommune at Green Mountain ønsker å bygga eit datasenter.

Foto: Green Mountain

– Dette blir Noregs største landbaserte industriinvestering gjennom tidene, seier administrerande direktør i Green Mountain, Svein Atle Hagaseth.

På Kalberg i Time kommune vil selskapet bygga det som kan bli Noregs største datasenteranlegg. Og i dag leverte dei ein dispensasjonssøknad til kommunen for å få setta i gang bygginga av første trinn.

Svein Atle Hagaseth

Svein Atle Hagaseth er administrerande direktør i Green mountain.

Foto: Green Mountain

Selskapet fortel at dei er i dialog med ein stor internasjonal kunde som ønsker å etablera seg i nærleiken av nye Fagrafjell transformatorstasjon, eit viktig straumknutepunkt.

Green Mountain vil ikkje gå ut me kven denne kunden er. Men det skal vera snakk om eitt av verdas 20 største teknologiselskap og det er ikkje asiatisk.

Totalt skal det investerast i overkant av 50 milliardar kroner. Green Mountain og kunden står for halvparten kvar.

– Vil gi minst 500 årsverk i 2027

Kunden ønsker at første byggetrinn skal vera ferdig seinast i januar 2025. Mens siste byggetrinn skal vera ferdig i 2027.

Og når anlegget står ferdig, så garanterer Green Mountain for at det skal vera 500 årsverk i tilknyting til datasenteret.

– Dersom det ikkje er meir enn 500 fast tilsette ved datasenteret, er me villige til å betala bøter til Time kommune, sa Hagaseth på pressekonferansen måndag.

– Det har vore mykje diskusjon om kor mange arbeidsplassar datasenter gir. Med Green Mountains planar er det ingen tvil om at denne etableringa vil bli den største arbeidsplassen i Time kommune dei neste åra, seier ordføraren i Time, Andreas Vollsund i Høgre.

Planer om datalagringssenter på Kalberg

Slik kan det se ut når datasenteret er ferdig bygget.

Illustrasjon: Green Mountain

Bygger på matjord

Det var sommaren 2021 at eit knapt fleirtal i Time kommunestyre gjekk inn for å opna for datasenter og kraftkrevjande industri på Kalberg.

Området som blei opna for industri består av 1200 dekar med matjord, 284 av dei er fulldyrka. Og det var store protestar i forkant.

Ønsket om fleire arbeidsplassar, trumfa jordvernet, men kor mange arbeidsplassar det vil skapa er noko som har blitt heftig debattert.

I 2020 meinte mellom anna Lyse at det kunne vera snakk om så mykje som 60.000 årsverk over ti år.

Nå vil det altså bli minimum 500 årsverk, dersom planane blir realiserte.

Men området som dei nå vil bygga på, utgjer 257 dekar med fulldyrka matjord. Og det er langt frå alle som jublar over dagens nyheit.

Les også Får ikkje bygge datasenter: – Vi mistar kundar for kvar dag som går

Ordfører for Time Kommune, Andreas Vollsund (H), peker ut mot lokasjonen for nytt datasenter og industipark

– Vil ikkje betala for jorda

– Det var ei stor nyheit, men ikkje med positivt forteikn, seier bonde Anne Frøyland Grødem.

Ho er grunneigar like ved der datasenteret kan bli bygd. Sjølv sa ho nei til 150 millionar kronar, då ho fekk tilbod om å selja si eiga jord til industrien.

Anne Frøyland Grødem

Leiaren av Vern Kvernaland, Anne Frøyland Grødem, jublar ikkje over nyheita som kom i dag.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg ser ingen grunn til å jubla for dette. For uansett kva beløp du kjem opp med, så betaler ikkje det for å ta jord som blir brukt til matproduksjon. Og det er noko me treng framover for å styrka vår beredskap og sjølvforsyning, seier Grødem.

I dag er ho leiar av aksjonsgruppa Vern Kvernaland, som over fleire år har kjempa mot planane om datasenter og kraftkrevjande industri på Kalberg.

Stortingsrepresentant frå SV, Ingrid Fiskaa er sjølv frå Time og ho meiner planane er svært dårleg nytt både for ein region der straumprisane alt er høge og for jordvernet.

Ingrid Fiskaa

Ingrid Fiskaa er stortingsrepresentant for SV.

Foto: William Jobling / NRK

– Det er dramatisk i ei tid der sjølvforsyninga må aukast. Og dei partia som støttar dette vil mista all eventuell truverd som er igjen, når det gjeld vern av matjord, seier Fiskaa.

Les også Regjeringa vil ha strengare jordvernmål: – Me må auka matproduksjonen

Matjord og utbygging på Bryne

Vil gjera tiltak for å auka matproduksjonen

– Den jorda flyttar me nå til ein annan bonde i nærleiken. Så me tar vare på jorda og skal sørga for at det er eitt av verdas mest berekraftige datasenter, seier Hagaseth i Green Mountain.

I tillegg har dei også planar om å bruka overskotsvarmen frå datasenteret til matproduksjon i drivhus.

– Det viktigaste for meg er at me aukar matproduksjonen og det gjer me med dette prosjektet. Her kan du få meir matproduksjon, ta vare på jorda og ikkje minst skapa enormt med arbeidsplassar, seier Time-ordførar, Andreas Vollsund.

Men kven denne kunden er, som skal skapa desse arbeidsplassane, det får truleg ikkje politikarane i kommunen veta før dei har fatta eit vedtak.

Det uroar likevel ikkje ordføraren.

– Når dei går ut med at det er eit topp 20 teknologiselskap i verda, då er det ei seriøs bedrift som kjem.

Les også Datasenter for TikTok bygges på Hedmarken, myndighetene er usikre på risikoen

Green Mountain skal ha signert avtale med TikTok – bygger Norges største datasenteranlegg.

Vil ha rask behandling i kommunestyret

Green Mountain ønskar at kommunen behandlar dispensasjonssøknaden raskt, og at det blir fatta eit vedtak mot slutten av november, slik at dei kan koma i gang med utbygginga like etter.

Og Vollsund håpar på eit positivt vedtak i kommunestyret i løpet av kort tid.

– Viss fleirtalet i kommunestyret går inn for dispensasjon vil dette få stor betydning for å bygge ny grøn næring i regionen, seier Vollsund.

Ingrid Fiskaa i SV trur derimot ikkje siste ordet er sagt.

– Det er store verdiar i dette området som er i bruk og eit forsøk på å nærmast kuppa den demokratiske prosessen for å få gjennom dette i ekspressfart, det trur eg ikkje på, seier stortingsrepresentanten.