Hopp til innhold

Timannskollektivet til Isak (23) må sjå langt etter ekstra støtte til straumrekninga

Studentane fekk krisehjelp på 3000 kronar til straum i vår. Denne hausten kan straumprisane bli enda høgare, men regjeringa droppar heile ordninga.

Isak Røssevold Christensen i timannskollektiv i Bergen.

FIRE KJØLESKAP: I eit timannskollektiv blir det mange apparat som skal trekka straum. Bebuar Isak Røssevold Christensen er spent på straumrekningane til hausten.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fire kjøleskap med frys, på rekke og rad inne på det smale kjøkkenet. To bad, begge utstyrt med tørketrommel og vaskemaskin.

– Og så trur eg vi har i alle fall ti panelomnar, fortel student Isak Røssevold Christensen (23).

I kollektivet hans på Nygårdshøyden i Bergen bur det snart ti personar. No er Christensen spent på kor store straumrekningar dei får utover hausten.

– Om pristrenden held fram, blir det uansett dyrt. Straumstipend vil hjelpe, viss ikkje blir eg tvungen til å jobbe meir enn det som er ønskjeleg for å dekke utgiftene og då går det utover studiane, seier 23-åringen.

Isak Røssevold Christensen i timannskollektiv i Bergen

MÅ JOBBE MEIR: Isak Røssevold Christensen skal byrje på tredje semester på samanliknande politikk ved UiB. Han reknar med å måtte jobbe meir for å få det til å gå rundt økonomisk.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ikkje eigen straumstøtte

I vår var han ein av over 120.000 studentar som søkte og fekk 3000 kroner i straumstipend via Lånekassen. Ordninga frå regjeringa har kosta over 360 millionar kroner.

Men straumprisane har halde fram med å stiga. Prisområdet for Sørvest-Noreg har sett fleire rekordar i sommar. Den siste veka har snittprisen på straum i Bergen vore på litt over tre kroner per kilowattime.

Les også Dette betyr strømstøtten for regningen din

Strømmåler

Studentar og politikarar har spurt om ikkje ordninga med straumstipend skal halda fram til hausten.

– Førebels er ikkje det på bordet, nei. Vi er opptekne av at studentar går inn i den støtta som alle hushaldningar får og den har vi varsla at vi skal forsterke frå 1. september, seier Signe Bjotveit, politisk rådgivar for statsråd Ola Borten Moe (Sp).

Signe Bjotveit. Politisk rådgiver for forsknings- og høyere utdanningsministeren.

RÅDGJEVAR: Politisk rådgjevar for statsråd Ola Borten Moe (Sp), Signe Bjotveit.

Foto: Ilja C. Hendel / Ilja C. Hendel

Store forskjellar

Ho viser til at staten skal kompensere 90 prosent av prisen over 70 øre per kilowattime. Kompensasjonen er skunda fram ein månad.

Les også Kan bli rentesjokk før høstferien

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Det er som kjent store forskjellar i straumpris i Noreg, men straumstipendet til regjeringa tok ikkje høgde for det. Alle studentar kunne søke om støtta på 3000 kroner.

– Vi er opptekne av å ha tiltak som treffer dei som faktisk har høge rekningar. Det er alltid betre å hamne i den store støtteordninga til resten av samfunnet, enn å ha eigne særordningar som ikkje treffer like godt.

– Per dags dato er det viktigare for oss å styrke den generelle støtta som hushaldningane, og studentane, får, seier Bjotveit.

Ida Steinsland Lutro, leder i Velferdstinget Vest

REAGERER: Leiar av Velferdstinget Vest, Ida Steinsland Lutro.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Fleire vegrar seg for å bli studentar

Studentpolitikar Ida Steinsland Lutro i Velferdstinget Vest meiner det er «hårreisande» at stipendordninga ikkje er vidareført og på plass til haustsemesteret.

– Straumstipendet er like naudsynt denne hausten, om ikkje enno meir faktisk. Dei kan ikkje vente til langt ut på hausten for å få på plass ei slik ordning, seier ho.

Sjølv tok imot ho straumstipend i vår, som ifølge henne dekka 1,5 straumrekning i løpet av semesteret. Studentar med fullt lån frå Lånekassen, får ei utbetaling på litt over 23.000 kroner ved semesterstart, deretter får dei utbetalt 8788 kroner i månaden.

Lutro har høyrd om fleire som vegrar seg for å begynne å studere denne hausten.

– Dei ser ikkje for seg korleis dei skal klare å få det til å gå rundt.

Krev høgare studiestøtte

Også nasjonalt reagerer studentpolitikarar.

– Vi forventar ei rask løysing på den kritiske situasjonen. Så må vi hugse på at det som løyser studentane sin sårbare økonomiske situasjon på sikt, er ei auke i studiestøtta, seier leiar Maika Godal Dam i Norsk studentorganisasjon.

Både Dam og Lutro viser til at konsumprisindeksen har auka med 6,8 prosent på eitt år, medan studiestøtta auka med 2 prosent i 2022.

– Høge straumprisar går difor hardt utover studentane, seier Dam.

På spørsmål om kva som skal få regjeringa til å snu og likevel gi straumstipend til studentane i haust, svarar Bjotveit:

– Det er for tidleg å seie noko om no.