Hopp til innhold

Regjeringa gir etter: Dette er dei nye straumtiltaka

Under eit døgn før presidentskapen i Stortinget skal samlast for å vurdere å avbryte sommarferien, varslar regjeringa at dei kjem med fleire nye tiltak.

Jonas Gahr Støre i tunnel og diskutera nye straumtiltak.

TILTAK: Statsminister Jonas Gahr Støre i ein tunnel kjem han, olje og energiminister Terje Lien Aasland og finansminister Trygve Slagsvold Vedum med nye straumtiltak.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Gjennom sommaren har det vore fleire nye prisrekordar på straum i Sør-Noreg.

Tal frå straumbørsen Nord Pool viser at straumen for Austlandet og Vestlandet måndag kan bli den dyraste hittil i år.

I snitt blir den å ligge på 2,73 kroner per kilowattime.

Norske familiar og næringsliv har bedd om hjelp, og regjeringa har fått kritikk frå fleire som meiner det går for seint.

Det er også fleirtal på Stortinget for å instruere regjeringa til å auke straumstøtta frå september, men 14 timar før presidentskapen skal møtast kom regjeringa med nye tiltak.

Dei forsterkar no straumstøtteordninga til husstandar, og flytter den auka støtta på 90 prosent ein månad fram.

Støtta trer då i kraft 1. september i år, og ikkje 1. oktober, som var den opphavlege planen.

– Det blir eit litt større kutt i rekninga i september, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

– Dette gir ei forsikring når prisen går over 70 øre, då blir det 90 prosent støtte. Nordmenn er avhengig av straum. Dei brukar det til oppvarming og fleire andre formål. Difor varslar vi dette no.

Les også: Frykter strømstøtte gir rentesjokk: – Veldig dårlig idé

Strømkabler fra et vannkraftmagasin i Tafjord Møre og Romsdal
Strømkabler fra et vannkraftmagasin i Tafjord Møre og Romsdal

Skal halde tilbake eksport

Regjeringa kjem også med eit verktøy for å sikre at ikkje magasinfyllinga i Noreg blir for låg.

– Vi vil forsikre oss mot at fyllingsgrada blir for låg. Om den blir det, må vi halde att på eksport, slik at vi alltid vil ha god magasinfylling i Noreg.

Det seier Støre medan han står 30 meter under bakken i ein tunnel der kablane som forsyner hovudstaden med straum går.

En tunnel

I denne tunnelen går kablane som forsyner Oslo med straum.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Korleis skal de gjere det?

– Det vil vi gjere gjennom tekniske og klare retningslinjer til straumselskapa, og til dei som har ansvaret for fyllingsmagasina, slik at det ikkje kjem under den grensa. Gjer den det, må dei halde att på eksporten.

Støre understrekar at dette gjeld i Sør-Noreg. Lenger nord i landet er situasjonane ein annan, og dei eksporterer som normalt.

Les også: Marion og Gennaro lager sin egen strøm: – Fortsetter prisene å øke, bør vi fylle hele taket

En mann og en kvinne står ved en rød elbil og mannen setter strømledningen i bilen.
En mann og en kvinne står ved en rød elbil og mannen setter strømledningen i bilen.

Næringslivet får også støtte

Straumstøtteordninga på 90 prosent gjeld ikkje næringslivet, men statsministeren seier at dei også får støtte.

Han vil likevel ikkje seie konkret kva for støtte dei får.

Statsminister Jonas Gahr Støre

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at ein del bedrifter no har høge straumkostnadar.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Vi jobbar med det. Vi har ikkje ein fiks ferdig løysing for det, seier han og legg til:

Vi ønskjer å høyre med LO og NHO. Dei har oversikta over korleis bedriftene har det. Dette er eit samansett bilete, så eg ønskjer å vere treffsikker på korleis vi lagar ei ordning som faktisk treff og som ikkje har negative effektar, seier han.

Regjeringa skal møte partane i arbeidslivet på måndag.

– Det er altfor seint

– Eg er veldig glad for at regjeringa lyttar til Høgre og aukar straumstøtta allereie frå 1. september, men det hastar å få på plass ei ordning for bedriftene, seier Nikolai Astrup i Høgre.

Han seier at Høgre foreslo ei eiga straumstøtte for bedriftene allereie i januar.

Høyre holder pressekonferanse om energiplan

Nikolai Astrup i Høgre meiner små og mellomstore bedrifter i heile Sør-Noreg bør få hjelp så raskt som mogleg.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er bra at regjeringa seier at dei jobbar med saka, men det er altfor seint. Den burde vore på plass for lenge sidan, seier Astrup.

Ola Elvestuen i Venstre seier at dei har foreslått straumstøtte til små og mellomstore bedrifter, men blitt nedstemt av Ap, Sp og SV.

– Foreløpig kjenner vi ikkje korleis utsette bedrifter skal få hjelp, men det må på plass, seier han.

– Blir for hult

Leiar i KrF Olaug Bollestad er ikkje nøgd med dei nye straumtiltaka til regjeringa.

– Eg meiner regjeringa sitt straumforslag blir for hult. KrF vil jobbe for ein makspris på 50 øre og 100 prosent dekning over det, seier ho.

Sofie Marhaug i Raudt vil ha ein endå lågare makspris på 35 øre per kilowattime. Dei vil også ha full eksportstopp når fyllingsgrada i magasina er for låg.

– Stortinget må samlast for å ta stilling til desse forslaga. Medan regjeringa har grenselaus tolmod, slit folk desperat med straumrekninga og magasina blir tømt, seier Marhaug.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ