– Det er trongt. Eg tenkjer veldig mykje på pengar og korleis eg skal få ting til å gå opp, seier Mina Øvensen.
Ho er 19 år og student ved NTNU. Etter husleige, er mat den største utgifta hennar i løpet av ein månad.
Regjeringa har sagt at summen som studentar kan få i lån og stipend skal følgje prisauken. Men verkelegheita denne våren har vore noko heilt anna.
Mina Øvensen trur dei fleste studentar har eit trongt budsjett kvar månad. I tillegg til studiane jobbar ho ein dag i veka for å få det til å gå rundt.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKI februar steig prisen på mat med 4,5 prosent. Siste rapport frå teknisk berekningsutval anslår prisveksten totalt Noreg til 3,3 prosent i 2022.
Prisauken er eit hovudargument i lønsforhandlingane.
I industrien blei resultatet av forhandlingane 3,7 prosent. Meir i løn, og auka kjøpekraft til arbeidarane.
Studentar som lever av studiestøtte derimot, får mindre kjøpekraft.
Studiestøtte er ein del av statsbudsjettet. For 2022 auka regjeringa støtta med 2 prosent.
– Svir skikkeleg
Norsk studentorganisasjon etterlyser hastetiltak.
Leiar Tuva Todnem Lund fryktar at økonomiske problem kan få mange studentar til å hoppe av studiet fordi ei tom lommebok vil tvinge dei til å jobbe i staden.
– Før prisauken var det allereie mange studentar som ikkje hadde noko pengar til overs frå månad til månad. Då svir det skikkeleg med ein slik prisauke, spesielt på mat, seier Lund.
Tuva Todnem Lund er leiar i Norsk studentorganisasjon.
Foto: Petter Larsson / NRK
Ingen planar om meir i støtte
I regjeringa er det Kunnskapsdepartementet og statsråd Ola Borten Moe (Sp) som har ansvar for studiestøtta. Han vil ikkje svare på spørsmål frå NRK om saka.
I ein e-post skriv Kunnskapsdepartementet at det ikkje er nokon planar om å endre studiestøtta i år. Departementet presiserer at studiestøtta for i år er berekna utifrå kva ein trudde ville vere prisauken.
Lønsoppgjer, eller kva som er den faktiske auka i pris, er altså ikkje med i reknestykket.
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe frå Senterpartiet ville ikkje kommentere NRK sine spørsmål om studiestøtte.
Foto: Torstein BøeStudentorganisasjonen meiner prisauken denne våren gjer det er heilt nødvendig med meir støtte. Dei ber om at studiestøtta no vert justert på linje med prisane i butikken.
– Det er ikkje eit spørsmål om å få meir. Det er snakk om å hindre at studentar blir enda fattigare enn før. Vi høyrer frå studentar som ikkje veit om dei har råd til mat neste månad, studentar som flyttar heim til foreldra. Dei har ikkje råd til å vente til neste år. Stortinget kan gjere noko med dette no, og det er ingen grunn til å vente, seier Lund.
Mina Øvensen og Margrethe Helmersen studerer ved NTNU i Ålesund.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK