Hopp til innhold

Reagerer på «ikkje-svar» frå statsråden på asylbarn-forsvinningar

Fleire parti pepra justisministeren med spørsmål etter NRK-avsløring om einslege asylbarn som har forsvunne. Dei er slett ikkje nøgde med svara.

En av gangene inne på asylmottaket for unge i Skei. Blått og varmt lys slåss på de hvite veggene, og gangen ender i et svart hull uten lys.

432 einslege mindreårige asylsøkarar har forsvunne frå asylmottak og omsorgssenter, og i liten grad blitt leita etter sidan 2015.

– Dette held overhovudet ikkje, seier Grete Wold i SV.

Svaret er utruleg passivt, seier Tobias Drevland Lund i Raudt.

Heile Stortinget reagerte nyleg sterkt på avsløringa om asylbarn som forsvinn utan å bli aktivt leita etter.

– Vi må gjere alt vi kan for å bestille ei gransking og få på bordet kva som har skjedd, uttala KrF-politikar Dag Inge Ulstein til NRK.

Fem parti sende av garde kvar sine skriftlege spørsmål til justisminister Emilie Mehl (Sp) om kva som er blitt gjort for å finne dei.

No er dei misnøgde med svara.

– Dette er dessverre eit ikkje-svar, seier Lan Marie Berg i Miljøpartiet Dei Grøne.

Les også NRKs asylbarn-avsløring skakar Stortinget. No krev fleire parti ei gransking

Dag Inge Ulstein, KrF

Viser til Politidirektoratet

Justisministeren peikar i svara sine på at kvar sak blir handsama individuelt.

Ho «kan derfor ikkje seie noko generelt om korleis desse har vore handsama. Eg føreset likevel at sakene er handsama i samsvar med gjeldande retningslinjer».

Justisminister Emilie E. Mehl

Justisminister Emilie E. Mehl (Sp).

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Elles viser ho til at Politidirektoratet følger opp saka vidare, slik NRK har omtala tidlegare.

I det skriftlege svaret til KrF peikar ho også på at direktoratet og riksadvokaten saman har sett i gong ei oppdatering og vidareutvikling av «gjeldande retningslinjer».

Riksadvokaten opplyser til NRK at dette handlar om rutinane til politiet i sakna-saker, som det er naturleg at også vil inkludere einslege mindreårige asylsøkarar som forsvinn.

Raudt: – Ein skandale

Raudt meiner statsråden berre kjem med passive svar.

Tobias Drevland Lund, Rødt

Tobias Drevland Lund er innvandringspolitisk talsperson for Raudt.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Dette er ein skandale og her burde alle steinar bli snudd. Derfor kjem Raudt til å følgje opp på Stortinget ei eventuell gransking av kva som har skjedd med desse barna, seier Drevland Lund.

Grete Wold (SV) stemmer i, og ber departementet ta initiativ til ei uavhengig gransking.

– Justisministeren må ta dette på større alvor.

Wold meiner at ikkje berre politiet må bli undersøkt, men også UDI, mottaka og barnevernet.

– Ei gransking kan ikkje berre sjå på eitt ledd. Her kan det vere fleire aktørar, og ikkje minst samhandlinga mellom dei, seier Wold.

Grete Wold, SV
Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Heller ikkje MDG-politikar Lan Marie Berg slår seg til ro med at Politidirektoratet er i gong med ein gjennomgang.

– Det skulle berre mangle. Tenk om dette var norske barn! Eg er veldig bekymra for om barna har blitt offer for menneskehandel eller prostitusjon, seier ho.

Etterlyser kommisjon for å få varig endring

Spørsmålet er om det held med ei slik gransking som partia etterlyser.

Kirsten Kolstad Kvalø, seniorrådgjevar i Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), meiner det må ein eigen kommisjon til for å få varig endring. Ho har tidlegare vist til at Noreg tre gongar har fått kritikk frå FNs barnekomité på området.

– Denne problemstillinga «blussar opp» med jamne mellomrom. Då blir det kanskje gjort noko, men så går rutinane tilbake til denne uhaldbare praksisen, seier Kvalø.

Kirsten Kolstad Kvalø, seniorrådgiver i Norges Institusjon for Menneskerettigheter (NIM).

Kirsten Kolstad Kvalø er seniorrådgivar i Noregs Institusjon for menneskerettar (NIM).

Foto: Charlotte Førde Skomsøy / Charlotte Førde Skomsøy

Regjeringa svarar

NRK har bedt justisministeren om å svare på kritikken. Ho overlèt til statssekretær Astrid Bergmål (Ap) å understreke at regjeringa også er uroa for forsvunne mindreårige asylsøkarar.

– Eit kvart barn som forsvinn, om det er frå mottak eller andre stadar, er jo alvorleg og gir grunn til bekymring. Derfor er vi veldig glade for at NRK set fokus på denne tematikken, seier Bergmål.

Vidare er ho usamd i at departementet svarar passivt til Stortinget.

– Vi deler nok ikkje den oppfatninga. I denne saka var politiet raskt ute og varsla ein gjennomgang, då tenker vi det er naturleg å vente på den og så vurdere om det er behov for tiltak, seier statssekretæren.

Statssekretær Astrid Bergmål

Statssekretær Astrid Bergmål (Ap) i Justisdepartementet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Statsforvaltaren har tilsynshøve

– Snakkar dei ulike etatane godt nok saman når barn og unge som kjem til Noreg søker asyl og forsvinn utan at politiet fangar det opp?

– Vi har ingen grunn til å tru at dei ikkje gjer det, men vi må sjå på om det er ting som kan bli betre. Det må etatane også gjere sjølve, seier Bergmål.

– Er systemet betre i dag, eller kan historia gjenta seg ved aukande asyltal?

– Det er i alle fall komme på plass retningslinjer og rutinar på korleis ein skal følge opp ei sak om eit barn forsvinn frå eit mottak. Heilt nytt av året er at statsforvaltaren skal ha tilsyn med mottaka der einslege mindreårige asylsøkarar bur, seier statssekretæren.

Skal grille statsråden i Stortinget

SV, Raudt og MDG varslar at dei vil grille statsråden direkte når ho like over nyttår må møte i Stortinget, etter initiativ frå MDG.

Lan Marie Berg, MDG

Lan Marie Berg er stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Berg peikar på at det er ansvaret til statsråden å svare korrekt og ordentleg på spørsmåla som stortingsrepresentantar kjem med.

– Eg håper at justisministeren vil gi god innsikt i kva styresmaktene har gjort for å sikre at asylbarn som forsvinn blir leita etter på lik linje med alle andre barn som blir borte, i staden for det «ikkje-svaret» vi førebels har fått, seier MDG-politikaren.

Hei!

Tenkte du på noko då du las denne saka? Eller har du anna på hjartet eller lurar på? Ta gjerne kontakt med meg.

Eg har tidlegare laga Partiguiden, og skrive om koronatiltak i Kina som forseinkar vareflyten i verda