Kina er ramma av den største smittebølga sidan Wuhan-utbrotet for to år sidan.
Det får konsekvensar for vareflyten i verda.

Flaskehalsen i Kina

Målet til styresmaktene er null koronasmitte i landet.

Men smittetala i Kina har aldri vore så høge som dei siste vekene, ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO).

Smitteutbrotet gjer at Shanghai er stengd ned for å teste millionar av innbyggarar.

Sidan pandemien braut ut for to år sidan, har smitteverntiltaka skapt trøbbel for vareflyten i verda.

Utanfor Shanghai har det hopa seg opp med skip. Det er normalt for årstida.

Men det låg 300 skip utanfor hamna i førre veke, ifølge Vesselsvalue og CNN. Meir enn normalt i sesongen.

Styresmaktene avviser at det er problemer med transporten.

Også gigantbyar som Shenzen ved Hongkong har vore stengd ned i år.

Sjølv om hamnene er opne, vegrar lastebilsjåførar seg for å køyre innom og pådra seg karantene.

Nær ein tredel av elektronikken verda kjøper, er frå Kina og nærområda.

Til dømes er denne norske Zaptec-ladaren ein av mange duppedingsar som inneheld ein krets som blir produsert i Taiwan.

Så blir den testa i Thailand og sendt med båt frå Hongkong til Tau i Rogaland.

På Tau lagar Westcontrol ladaren for Zaptec.

Her er det produksjonsstans ut april fordi Kina har stansa utsendingane, ifølgje Zaptec.

Pandemien gjer at bedrifter må tenke nytt om transporten.

«For nokre år sidan kunne vi tenke tre månadar fram i tid. No må vi tenke eitt til halvanna år fram. »

Bente Aanestad Fjelde, Westcontrol

Også Apple slit. Dei får delar til telefonane produsert ved Foxconn-fabrikken i Shenzhen.

Fabrikken til Tesla i Shanghai har vore stengd sidan 28. mars.

Logistikkproblema og målet til Kina om null smitte er årsaka, ifølgje Tesla.

«Dette har vore eit svært vanskeleg kvartal.»

Tesla-sjef Elon Musk på Twitter

Det er usikkert kor lenge nedstenginga vil vare og kor mykje den vil påverke vareflyten.

Transportbyrået Worldwide Logistics, ventar at eksporten frå Kina kan gå ned med rundt 30 prosent dei neste vekene, ifølgje bransjenettstaden freightwaves.com.

Journalist

Silje Rognsvåg

Reportasjeleiar

Sophie Elisabeth Lorch-Falch

Innhaldsutviklar

Anders Nøkling

Video

Associated Press

Fotografar

Aly Song/Reuters, Hector Retamal/AFP, Justin Sullivan/AFP, Ng Han Guan/AP, Kin Cheung/AP, Jason Lee/Reuters, Zaptec AS, China Daily/Reuters, Brandon Bell/AFP, Johan Tool/Westcontrol AS, Bente Aanestad Fjelde/Westcontrol AS, Peter Parks/AFP, Chinatopix via AP og Faksimile/Marinetraffic.com
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal