Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Innvandring
Færre asylsøkarar ved grensa og fleire kvoteflyktningar
Arbeidarpartiet vil at talet på
skal bli vedteke etter forhandlingar mellom regjeringa og kommunane. Før flyktningane kjem til Noreg skal dei ha fått eit kurs om norske forhold og legge ein plan om korleis dei på sikt skal klare å forsørge seg sjølve.Kvoteflyktningar
Ein flyktning som får komme til Noreg etter eit organisert uttak, ofte gjort i samarbeid med FN sin høgkommisær for flyktningar. Dette blir også kalla overføringsflyktning.
Arbeidarpartiet vil prioritere flyktningar som er forfølgd i heimlandet. Hvis det kjem mange kvoteflyktningar skal det vere færre familiegjenforeiningar.
Les meir om AP -
Høgre om Innvandring
Hjelpe flyktningar i utlandet framfor å ta imot fleire i Noreg
Høgre vil lage ei ordning der Noreg betalar andre land for å ta vare på menneske som har behov for vern. Dei som likevel får komme til landet skal i hovudsak vere kvoteflyktningar, og blant dei helst seksuelle minoritetar, heile familiar og dei som er enkle å integrere.
Dei fleste skal få midlertidig opphald, og det er venta at ein reiser tilbake til heimlandet når det er trygt.
For å få permanent opphaldsløyve må ein ha jobba og forsørga seg sjølv i fire år og ikkje skulde staten pengar.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Innvandring
Avvikle dagens asylsystem, og avgrense talet på kvoteflyktningar
Frp vil ha slutt på at ein kan få opphald ved å søke asyl ved grensa til Noreg. Dei vil heller sende alle asylsøkarar til eigne mottak utanfor Europa.
Partiet vil ta imot eit lågt tal på kvoteflyktningar via FN. Stortinget skal avgjere talet
Frp vil opne for at privatpersonar kan hjelpe flyktningar, så lenge ein forpliktar seg til å ta ansvar for integrering og dekke delar av kostnaden. Dei vil også opne for at norske familiar kan adoptere foreldrelause mindreårige frå flyktningleirar.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Innvandring
Prioritere kvoteflyktningar og legge asylmottak utanfor dei store byane
Sp vil prioritere
og bruke meir pengar på å hjelpe andre flyktningar der dei er. Asylsøkarar som kjem til Noreg via eit land som er trygt, må reise tilbake dit for å søke asyl.Kvoteflyktningar
Ein flyktning som får komme til Noreg etter eit organisert uttak, ofte gjort i samarbeid med FN sin høgkommisær for flyktningar. Dette blir også kalla overføringsflyktning.
Partiet vil også legge asylmottak utanfor dei store byane og at kommunane skal få dekt alle pengane dei brukar på å ta imot flyktningar.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Innvandring
Ta imot fleire kvoteflyktningar og avlaste land som får mange asylsøkarar
SV vil at Noreg skal ta imot fleire
, og avlaste land som tek imot mangeKvoteflyktningar
Ein flyktning som får komme til Noreg etter eit organisert uttak, ofte gjort i samarbeid med FN sin høgkommisær for flyktningar. Dette blir også kalla overføringsflyktning.
. Det skal bli mindre bruk av mellombels opphaldsløyve og enklare og billegare å søke om familiegjenforeining.Asylsøkarar
Ein person som på eiga hand kjem til eit anna land og søker om beskyttelse.
I tillegg vil partiet gi amnesti til folk som har vore meir enn ti år i Noreg og staten ikkje har klara å returnere, erstatte Utlendingsnemnda med ein vanleg domstol og beskytte kvinner som blir fengsla på grunn av abort.
Les meir om SV -
Venstre om Innvandring
Ta imot minst like mange kvoteflyktningar som FN ber om
Venstre vil gjere det enklare å få familiegjenforeining. Det skal bli slutt på at ein kan trekke tilbake opphaldsløyvet til asylsøkarar viss forholda endrar seg i heimlandet. Partiet vil også at
Les meir om V skal få rett til arbeid og helsehjelp.Papirlause
Personar som er i Noreg utan opphaldsløyve. Nokon har fått avslag på tidlegare asylsøknadar, medan andre aldri har vore registrert av norske styresmakter.
-
Kristeleg Folkeparti om Innvandring
Ta imot 5000 kvoteflyktningar i året, pluss 500 frå den tidlegare Moria-leiren
KrF vil at staten skal betale det det faktisk kostar å busette flyktningar, og ikkje berre gi kommunane ein fast sum som i dag.
Gratis kjernetid i barnehage og SFO skal gjere det lettare å bli god i norsk.
som ikkje kan sendast til heimlandet skal få arbeide, gå på skule og motta helsehjelp.Asylsøkarar
Ein person som på eiga hand kjem til eit anna land og søker om beskyttelse.
I tillegg meiner partiet at styresmaktene skal høyre meir på prestar og pastorar når ein vurderer å gi asyl til nokon som har skifta religion.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Innvandring
Ta imot langt fleire kvoteflyktningar enn i dag og gi amnesti til papirlause etter ei viss tid
MDG vil at Noreg skal ta imot minst like mange
som FN ber om.Kvoteflyktningar
Ein flyktning som får komme til Noreg etter eit organisert uttak, ofte gjort i samarbeid med FN sin høgkommisær for flyktningar. Dette blir også kalla overføringsflyktning.
Det skal bli slutt på å kunne tilbakekalle statsborgerskap.
Partiet vil også gi amnesti til
Les meir om MDG barn etter fire år i Noreg, og vaksne etter sju år.Papirlause
Personar som er i Noreg utan opphaldsløyve. Nokon har fått avslag på tidlegare asylsøknadar, medan andre aldri har vore registrert av norske styresmakter.
-
Raudt om Innvandring
Ta imot fleire kvoteflyktningar og berre la staten drive asylmottak
Raudt mener at berre staten skal få drive asylmottak i Noreg og at vi skal ta imot fleire
Les meir om R . Partiet vil trekke Noreg ut av Schengen-avtalen og Dublin-konvensjonen og erstatte Utlendingsnemnda med ein vanleg domstol. Dei vil også gi dei som blir forfølgd på grunn av kjønn rett til asyl.Kvoteflyktningar
Ein flyktning som får komme til Noreg etter eit organisert uttak, ofte gjort i samarbeid med FN sin høgkommisær for flyktningar. Dette blir også kalla overføringsflyktning.