Hopp til innhold

NRKs asylbarn-avsløring skakar Stortinget. No krev fleire parti ei gransking

Forsvunne mindreårige asylsøkarar vekker sterke reaksjonar. Seks stortingsparti vil no granske kva som har skjedd med 432 barn og ungdommar.

Dag Inge Ulstein, KrF

Stortingsrepresentant Dag Inge Ulstein (KrF) blir heilt sett ut når han får sjå avsløringa til NRK. No krev han at staten granskar kva som har skjedd.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Det er nesten så ein ikkje kan tru det er sant. Å høyre om barn ned i femårsalderen som ein ikkje veit kor blir av. Eg kjenner kjenslene berre vell opp.

Dag Inge Ulstein i Kristeleg Folkeparti sit med blanke auge og faldar hendene framfor munnen.

– Det er jo nesten heile barne- og ungdomsskulen i kommunen eg kjem frå som er borte, nesten 500 barn. Det er frykteleg å høyre.

Stortingsrepresentanten var utviklingsminister frå 2019 til 2021.

Han reagerer sterkt på avsløringa om at 432 einslege mindreårige asylsøkarar har forsvunne frå asylmottak og omsorgssenter i Noreg sidan 2015, og framleis veit staten ikkje kor dei er. Politiet leita sjeldan eller aldri etter dei.

Det kjem fram i ei kartlegging NRK har gjort i samarbeid med Senter for undersøkande journalistikk.

Frykta menneskehandel

Ei av dei er Agathe (16), som forsvann då ho blei sendt av garde på ein ti timar lang busstur mellom to mottak på Vestlandet vesle nyttårsaftan for sju år sidan.

Asyladvokaten hennar slo alarm og frykta at jenta blei utsett for menneskehandel.

– Tilrådd rute har tre-fire bussbyte, seier Ulstein, som har søkt opp reiseruta på mobiltelefonen.

– Du kan ende opp kor som helst på denne ruta her. Det er heilt utruleg, altså, seier Ulstein.

– Ein kan begynne å lure: er det ingen som gret for desse barna? Kor er manngarden, overskriftene i lokalavsiene, Facebook-aksjonane? Har ikkje desse barna like stor verdi?

Så slår politikaren fast:

432 barn... eg har ikkje ord. Noko må gjerast. Vi må gjere alt vi kan for å bestille ei gransking og få på bordet kva som har skjedd.

Dag Inge Ulstein, KrF

Dag Inge Ulstein sjekkar reiseruta Agathe skulle ta åleine frå Jølster til Ullensvang.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Peprar justisministeren med spørsmål

Det er ikkje berre KrF som reagerer. Avsløringa skakar alle dei politiske partia på Stortinget NRK har snakka med.

Tobias Drevland Lund, Rødt

Tobias Drevland Lund er innvandringspolitisk talsperson for Raudt.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Framstegspartiet støttar KrF i å granske kva som kan ha skjedd med dei 432 mindreårige asylsøkarane.

Men dei vil ikkje vente til ein rapport står klar. SV, Raudt og MDG har allereie begynt å pepre justis- og beredskapsministeren med skriftlege spørsmål om kvifor det ikkje er gjort meir for å finne barna og ungdommane.

Eg meiner det er eit politisk ansvar å finne ut kva som har gått gale og i størst mogleg grad sørge for at det ikkje skjer igjen, seier Tobias Drevland Lund (R).

Grete Wold, SV

Grete Wold er innvandringspolitisk talsperson for SV.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

UDI, barnevern, politiet og mottaka må samarbeide og finne ein god kommunikasjonsform, så dette ikkje skjer, seier Grete Wold (SV).

Venstre og Frp varslar også at dei vil utfordre statsråden.

I tillegg har MDG invitert barne- og familieministeren til debatt i Stortinget, ein såkalla interpellasjon.

Lukka asylmottak eller barnevern?

Erlend Wiborg

Erlend Wiborg er innvandringspolitisk talsperson for Frp.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Framstegspartiets Erlend Wiborg skulle helst hatt heilt lukka asylmottak for å hindre forsvinningar i det heile. Men det får han ikkje fleirtal på Stortinget for.

Derfor meiner eg det er viktig med ein full gjennomgang her. Vi kan ikkje ha det slik at barn sporlaust blir borte. Det er heilt uavhengig om du er asylsøkar eller norsk unge, seier Wiborg.

MDG og SV meiner at løysinga heller er å overføre ansvaret for alle mindreårige asylsøkarar til barnevernet. I dag har UDI ansvaret for dei over 15 år, som då hamnar på mottak framfor omsorgssenter.

Vi vil legge også større vekt på barnets beste i asylsaker og sikre at Barnekonvensjonen alltid trumfar innvandringspolitiske omsyn, seier Lan Marie Berg (MDG).

Lan Marie Berg, MDG

Lan Marie Berg i Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Høgre ventar ein gjennomgang

Dei største partia går ikkje inn for full gransking no, men deler uroa blant fagfolk for at dei forsvunne mindreårige asylsøkarane kan ende opp i menneskehandel og kriminalitet.

Mari Holm Lønseth, H

Mari Holm Lønseth er innvandringspolitisk talsperson for Høgre.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Høgres Mari Holm Lønseth meiner regjeringa sjølv bør vurdere å gå gjennom heile sakskomplekset, før Stortinget krev ei gransking.

– Ein gjennomgang kan vere klokt for å få betre oversikt, lære og sette inn effektive tiltak. Dersom tida skulle vise at regjeringa ikkje handterer denne saka på ein god måte, vil det sjølvsagt sette saka i eit nytt lys, seier Lønseth.

Regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet svarar samla per e-post at det er «bekymringsfullt når unge einslege asylsøkarar forsvinn frå mottak», og meiner sakene må bli prioriterte likt med andre forsvinningssaker.

Dei viser elles vidare til justisdepartementet.

Statsråden viser til politiet

Statssekretær Astrid Bergmål svarar i ein e-post til NRK at «UDI er opptekne av å legge til rette for så gode løysingar som mogleg på mottaka for å førebygge at forsvinningar skjer».

Astrid Bergmål

Astrid Bergmål er statssekretær i Justisdepartementet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ho vedgår at dei kan «ikkje utelukke at nokon blir offer for menneskehandel, eller hamnar i andre utnyttingsforhold eller annan kriminalitet.»

«Mottaka er pålagde å følge rutinar for identifisering og oppfølging av moglege offer for menneskehandel. I saker der einslege mindreårige forsvinn frå mottak har UDI rutinar for oppfølging, som blant anna inneber at barnevern, representant, verje, advokat og politi blir varsla.»

På spørsmål om regjeringa er nøgd med korleis UDI og mottaka har handtert forsvinningane sidan 2015, viser departementet vidare til Politidirektoratet.

Politidirektoratet uttala tysdag at det er viktig at NRK set søkelys på dette temaet. Dei vil kontakte politidistrikta for å få meir kunnskap om praksis i slike saker, og for å forstå kvifor så få er registrert sakna.

– Tala NRK viser til er urovekkande, og einslege mindreårige asylsøkarar er ei spesielt sårbar gruppe som må takast vare på, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik.

Hei!

Tenkte du på noko då du las denne saka? Eller har du anna på hjartet eller lurar på? Ta gjerne kontakt med meg.

Eg har tidlegare laga Partiguiden, og skrive om koronatiltak i Kina som forseinkar vareflyten i verda