Hopp til innhold

Fryktar den nye og togvennlege samferdsleministeren frå Austlandet

– Han har ikkje skjønt kva ferjefri-prosjekt dreier seg om, meiner leiande fylkestingspolitikar frå Høgre i Vestland.

Nøkkeloverrekkelse

LENGE SIDAN SIST: For første gong sidan 2000 har ein austlending fått nøklane til sjefsstolen i Samferdsledepartementet. Det skjedde då Jon-Ivar Nygård (t.v.) frå Fredrikstad overtok for Knut Arild Hareide frå Bømlo.

Foto: Heiko Junge / NTB

For første gong på 20 år har Noreg fått ein samferdsleminister frå Austlandet. Dermed er tradisjonen, med at denne posten har høyrt til folk frå andre landsdelar enn Austlandet, broten.

Med eit unnatak for trønderen Marit Arnstad i 2012 til 2013, har vestlendingar hatt statsrådsstolen sidan 2005 og fram til Knut Arild Hareide (KrF) gav nøkkelen til tidlegare ordførar i Fredrikstad Jon-Ivar Nygård sist veke.

No fryktar leiande politikarar på Vestlandet at ein austlending i statsrådsstolen vil bety farvel til store ferjefriprosjekt, og velkommen til meir jernbaneutbygging på Austlandet.

– Eg er uroa sidan me no har fått ein samferdsleminister som så tydeleg har peikt på ferjerfriprosjekt som noko me skal nedprioritera, medan han meiner me skal opprioritera intercity-utbygginga på Austlandet, seier Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar for Høgre på fylkestinget i Vestland til NRK.

Rogfast grafikk

UNØDVENDIG PENGEBRUK: Ein arm til Kvitsøy i samband med den ferjefrie forbindelsen under Boknafjorden, kalla Rogfast, har fått den nye samferdsleministeren til å reagera. Han kritiserte pengebruken medan han var ordførar i Fredrikstad.

Foto: Norconsult

Får kritikk for lesarbrev

Det er spesielt eit lesarbrev i Aftenposten i 2020 som gjer Bjørkly uroa. I lesarbrevet lurar Nygård på om tidlegare samferdsleminister Jon-Georg Dale (Frp) var minister for Vestlandet, og ikkje heile landet.

Dette sidan Dale ynskte å byggja den 25 kilometer lange undersjøiske tunnelen under Boknafjorden, som gjera vegen mellom Haugesund og Stavanger ferjefri.

I prosjektet, som kallast Rogfast, skal det også vera ein arm til øya Kvitsøy, der det bur om lag 500 personar.

I lesarbrevet kritiserer Nygård denne armen til Kvitsøy, og samanliknar pengebruken per innbyggjar for denne øya samanlikna med kva som skjer med jernbanen i Fredrikstad.

Video Uventet støtte KAN bety fortgang i planene om utbygging av Østfoldbanen

VIKTIG: Utbygginga av jernbane i austlandsområdet, også kalla intercityutbygginga, skal stå ferdig i 2034.

Foto: Nyhetsspiller

Skjønar ikkje prosjektet

Denne samanlikninga får Ekeland Bjørkly til å reagera.

– Nettopp dette er oppsiktsvekkande, at Nygård syner ei så lita forståing for kva dette prosjektet i Rogaland faktisk handlar om. Dette handlar ikkje om å gje dei 500 innbyggjarane på Kvitsøy fastlandsforbindelse. Men om å byggja ein ferjefri veg over heile Vestlandet, seier ho.

Silja Ekeland Bjørkly for Høgre i Hordaland fylkesting

UROA: Silja Ekeland Bjørkly (H) er uroa for framtida til ferjefriprosjekta på Vestlandet, med ny samferdsleminister frå Austlandet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

At Nygård snakkar varmt om samferdsleprosjekt lokalt, når han er ordførar i Fredrikstad, meiner ho er greitt.

– Men, det er ikkje greitt at han samstundes snakkar ned prosjekt andre stader i landet. Dette er veldig spesielt, hevdar ho.

I Rogaland, der fylkesordføraren er frå Arbeidarpartiet, er dei ikkje like uroa som Bjørkly. Fylkesordførar Marianne Chesak skriv til NRK at ho kjenner Nygård som politikar.

– Eg kjenner han som ein trygg og god politikar med lang erfaring. Eg legg til grunn at han vil vera samferdsleminister for heile landet, skriv ho.

Jon-Ivar Nygård seier til NRK at lesarbrevet var skrive medan han var ordførar. No skal han vera samferdselsminister for heile landet.

– No er eg samferdselsminister og skal levera frå regjeringserklæringa. Eg trur alle ser at me skal vera ei regjering med gode samferdsleløysingar i heile landet. Me har mellom anna sagt at me skal halvera ferjeprisane, seier Nygård.

– Kjem du til å jobba meir for tog enn for ferjer?

– Nei, det er ikkje slik det fungerer. Som samferdsleminister må me ta eit ansvar for alle samferdsleløysingane me treng i heile landet, svarar han.

Store forventningar i aust

I heimfylket til Nygård, Viken, er stemninga ei heilt annan. Dei har store forventingar til sin nye minister.

– Om me ser på kva ein får av prosjekt og tiltak, og deler på talet på innbyggjarar der det har komme mest, så er det ei skeivfordeling kor Austlandet og særdeles Nedre Glomma, har komme veldig dårleg ut. Eg meiner det er vår tur no, har ordførar i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje tidlegare sagt til NRK.

På den andre sida seier professor i politisk historie, Yngve Flo ved Universitetet i Bergen, at geografi for samferdsleministeren har lite å seia for kva prosjekt som vert prioritert. Og legg til at det er stor skilnad mellom å sitja på Stortinget og som statsråd.

– På Stortinget vert det forventa at du skal kjempa for det distriktet du er velt inn frå, men ikkje som statsråd. Der skal du jobba for heile landet, seier han.