Hopp til innhold

Politidirektøren slår tilbake: Meiner politireforma ikkje er skuld i vald mot politiet

Både politiet i Bergen og ein politiforskar peikte på politireforma som ei årsak til vald mot politiet. Politidirektør Benedicte Bjørnland meiner konklusjonen er for unyansert.

Politidirektør Benedicte Bjørnland.

POLITIDIREKTØR: Benedicte Bjørnland, direktør i Politidirektoratet, meiner at det har spreidd seg eit bilde av at politireforma har skuld i aukande vald mot politiet. Det er ho ikkje einig i.

Foto: Heiko Junge

Etter den islamfiendtlege organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (Sian) heldt demonstrasjonar i Oslo og Bergen i august, oppstod valdelege samanstøyt mellom politiet og eit fåtal motdemonstrantar.

I Oslo gjekk enkelte motdemonstrantane til angrep på politibilar, og i Bergen kasta enkelte stein og egg mot utsende politifolk. Seinare blei politistasjonen i Bergen omringa av motdemonstrantar.

Hendingane fekk Morten Ørn, driftseiningsleiar i Vest politidistrikt, til å rette skyts mot nærpolitireforma. Han meinte at reforma har gjort politiet for lite synleg i bydelane. Mindre synleg politi er igjen ei grunn til at respekten for politiet er låg blant enkelte ungdommar, meinte han.

Han fekk han støtte frå politiforskar Christin Thea Wathne ved OsloMet. Ho meiner at politireforma endrar relasjonen til publikum i storbyane, og at det heller mot amerikanske tilstandar.

No slår politidirektør Benedicte Bjørnland tilbake.

– Vi har eit behov for å nyansere. Politireforma blir brukt som årsak for at ein har sett vald mot politiet i seinare tid. Det meiner vi det ikkje er belegg for å hevde, seier ho.

Tre andre forhold

Bjørnland seier at dei har etterretning som peiker på andre årsaker til at vald mot politiet har utarta. Bjørnland seier følgjande tre moment ho meiner ligg bak:

  • Manglande forståing av ytringsfridomen
  • Manglande forståing av politiet si rolle som beskyttar av ytringsfridomen
  • Black Lives Matter-rørsla

– Enkelte unge blir rasande når dei ser skjending av Koranen. Det er ikkje forbode, men for desse ungdommane er det vanskeleg å forstå. At vi sett opp sperringar og passar på demonstrasjonane frå Sian, blir tolka som at vi støtter Sian og deira merking. Det er ikkje tilfelle. Enkelte ungdommar oppfattar at når vi beskyttar Sian, støtter politiet hatefulle ytringar. Då blir vi eit mål, utdjupar ho.

– Er ikkje samanhengen her at relasjonen mellom politiet og denne delen av ungdommane er for svak?

– Vi ser eit behov for å gjere enkelte justeringar for å komme tettare på nærmiljøet i framtida. Det er vi opne om. Men vi er til stades på plattformer som unge beveger seg, seier ho, og peiker på at dei når unge gjennom nettpatruljar.

Morten Ørn, politiet i Bergen.

POLITISJEF: Morten Ørn er driftseiningsleiar for Bergen, Øygarden og Askøy.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Enkelte sett likskapsteikn mellom amerikansk og norsk politi

Mellom anna har Vest politidistrikt 200.000 følgjarar på Tiktok, framhevar ho.

– At vi ikkje i tilstrekkeleg grad er ute på eit kjøpesenter – det blir ei litt for enkel forklaring på ei ganske kompleks problemstilling, held Bjørnland fram.

Om Black Lives Matter-rørsla i USA ho at rørsla i seg sjølv er fredfull, men som har hatt valdelege element.

– Det har vore valdelege demonstrasjonar i USA som reaksjon på illegitim politivald. Der er det enkelte venstreekstreme som hissar opp ungdommar, og enkelte ungdommar i Noreg som set likskapsteikn mellom amerikansk og norsk politi, og følar for å bruke vald også mot oss, seier ho.

Motdemonstrasjoner mot SIAN i Oslo sentrum

DEMONSTRASJONAR: Eit valdeleg mindretal av demonstrantane gjekk til åtak på politiet i Oslo i slutten av august. 29 personar, blant dei fleire mindreårige, blei arresterte etter bråket før og etter Sian-demonstrasjonen. Det same skjedde i Bergen helga i førevegen.

Foto: Torstein Boe / Torstein Boe

Fleire årsaker

Då NRK intervjua driftseiningsleiar Morten Ørn om hendingane i Bergen i august, peika han på fleire årsaker enn berre politireforma til at respekten for politiet er for låg.

Samstundes sa han at dette gjekk inn i eit større, samansett samfunnsproblem. Passive foreldre og korleis politikarane har vald å bygge ut byen, er andre årsaker, ifølgje han.

Men politiforma sørga for at politiet står i eit spenn mellom tunge fagavdelingar og dei politifolka som er ute blant publikum, ifølgje Ørn.

Politimeldinga frå i sommar stadfesta at politiet har kome lengst med å få til meir robuste fagmiljø, men at det er usikkert om reforma gjer at politiet leverer gode nok tenester lokalt.

– Eg trur at Ørn har rett i at ein kan oppleve at ein står i eit spenn. Det kan vere eit behov for å sjå på ressursfordelinga, utan at det betyr store endringar, seier Bjørnland.

Ho presiserer at ho ikkje går til angrep på Ørn, men at ho vil nyansere det ho meiner er eit skeivt bilde på situasjonen.

– Eg må seie at eg har stor respekt for Morten Ørn og den jobben han og hans mannskap gjer, legg ho til.

NRK har vore i kontakt med politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt. Han vil ikkje kommentere saka.