Hopp til innhold

Politisjef: – Nærpolitireforma fører til mindre kontakt med ungdomar

Nærpolitireforma har gjort politiet for lite synleg i bydelane. Det er ein av grunnane til at respekten for politiet fell blant ungdom, meiner politisjef i Bergen. Justisministeren avviser kritikken.

Morten Ørn

UT MOT REFORMA: Morten Ørn, driftseiningsleiar i Vest politidistrikt.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Politiet blei tatt på senga då eit titals demonstrantar forserte sperringane og angreip leiar Lars Thorsen i Stopp Islamiseringen av Norge (Sian) under ei markering i Bergen førre helg.

Aggresjonen frå ungdomane kom overraskande på, vedgjekk politiet.

I Oslo blei 29 personar, blant anna fleire mindreårige, arresterte av politiet under og etter demonstrasjonen mot Sian laurdag.

Ei haldningsendring har ført til at politiet i fleire norske byar opplever at ungdom har mista respekten for politietaten.

– Kamp om ressursane

For aggresjonen som enkelte demonstrantar viste mot politiet i Bergen og Oslo, er berre eit ekstremt utslag av ein større trend, ifølge driftseiningsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn.

Han meiner nærpolitireforma har ført til mindre synleg politi i bydelane. Og at den daglege kontakten har ført til mindre respekt for etaten.

– Me står no i eit spenn i politireforma, der det er ein kamp om ressursane mellom tunge fagavdelingar med spesialistar, og mine folk, som skal vera generalistane ute blant befolkninga, seier Ørn til NRK.

Han viser til at både politimeldinga og ulike vurderingar frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), som har evaluert reformarbeidet, tilseier at balansegangen har gått på kostnad dei geografiske driftseiningane.

– Dei seier klart at dei må styrkast. Men me er ikkje der enno, meiner polititoppen.

Utanfor kjøpesenteret Lagunen møter NRK ein gjeng ungdomar som er samstemte:

Ja, politiet er for lite synleg i bydelen.

– Veldig lite, faktisk.

– Eg har ikkje sett noko til dei i det heile tatt.

Ungdommer utenfor Lagunen om politiets tilstedeværelse

– SER IKKJE POLITIET: Nokre ungdomar NRK møter utanfor Lagunen er samde: Dei meiner politiet er for lite synlege i område der unge ferdast. Frå venstre: Ole Johan Ynnesdal Bøe, Thomas Sviggum og Vegard Helland Gujord.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eit samfunnsproblem

Ørn omtalar utfordringa som samansett og som del av eit større samfunnsproblem.

– Ja, dette er ikkje eit politiproblem. Dette er eit samfunnsproblem som må løysast med mange, mange verkemiddel, seier Ørn.

Han meiner for passive foreldre har skulda. Det har også politikarane, for måten deler av byen har blitt utbygd.

– I Bergen ser me ei enorm utbygging i enkelte område. På same måte som me såg det i Groruddalen då eg vaks opp, og i Vadmyra då eg flytta til Bergen på 1980-talet. Det gror opp for mange nyetablerte familiar med små og mellomstore barn som ikkje har noko tilbod.

Sian motdemo

FLEIRE ARRESTERTE LAURDAG: I Oslo blei 29 personar, blant anna fleire mindreårige, arresterte av politiet under og etter demonstrasjonen mot Sian laurdag.

Foto: Torstein Bøe/NRK

Sosialbyråden i Bergen ser med bekymring på politiet si uro.

– Det er bekymringsfullt at politiet melder at ungdom ikkje har respekt for dei. Det tyder også på ein mistillit til samfunnet, seier Lubna Jaffery (Ap).

Også ho meiner forklaringa er samansett. Men også Arbeidarpartipolitikaren peikar på for lite synleg politi.

– Når politiet er til stades, oppnår dei dialog. Men med den politireforma som stortinget og regjeringa har vedtatt, blir det gitt mindre høve til det. Også me deler den bekymringa.

Lubna Jaffery, sosialbyråd i Bergen kommune

BEKYMRA: Sosialbyråd Lubna Jaffery (Ap) i Bergen. I Bergen skal byråden no gå i gang med ein ungdomsplan, der ungdomen sjølv skal få koma med innspel til korleis kommunen kan legga til rette for dei.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mæland er skeptisk

Justisminister Monica Mæland (H) stussar på at politileiaren i Bergen gir politireforma deler av skulda for at politiet mister autoritet.

– Det stussar eg veldig på. Politiet er tilført 2200 nye stillingar, 1100 fleire sivilt tilsette. Det blir trena meir og kompetansen går opp. Særleg i dei store byane meiner eg førebygging har fått ein tydelegare plass i politiet sin daglege innsats, seier statsråden, som styrte Bergen i fleire periodar.

Monica Mæland

UNDRANDE: Justisminister Monica Mæland (H), tykkjer det er rart at ein politileiar meiner dette.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

Mæland meiner politiet må jobba målretta for å hindra utviklinga der politiet får mindre autoritet i visse miljø. Eit inntrykk også politidirektøren har bekrefta.

– Det er veldig bekymringsfullt, og difor er det viktig å møta dette umiddelbart.

Ein leiar i politiet trekk fram nærpolitireforma som ei forklaring på ei negativ utvikling. Kor problematisk er det?

– Det er lov å ha ulike meiningar om dette, men eg stiller meg undrande til det. Eg har ikkje møtt nokon i politiet som vil skru tida tilbake. Når me har sagt at dei geografiske einingane bør styrkast, handlar det først og fremst om politiet sitt nærvær i distrikta.