Hopp til innhold

Forskar om konsekvensane av politireforma: – På tide å ropa varsku

Nærpolitireforma påverkar tilliten mellom publikum og politi, ifølge forskar, som åtvarar mot «amerikanske tilstandar». – Nytt at kritikken mot reforma no også kjem frå byane.

Motdemonstrasjoner mot SIAN i Oslo sentrum

DEMONSTRASJONAR: Eit valdeleg mindretal av demonstrantane gjekk til åtak på politiet i Oslo i helga. 29 personar, blant dei fleire mindreårige, blei arresterte etter bråket før og etter Sian-demonstrasjonen. Det same skjedde i Bergen helga i forvegen.

Foto: Torstein Boe / Torstein Boe

Søndag gjekk politisjef og driftseiningsleiar Morten Ørn i Vest politidistrikt ut mot nærpolitireforma i eit intervju med NRK.

Ørn meiner nærpolitireforma har ført til mindre synleg politi i bydelane. Og at mangelen på dagleg kontakt har ført til mindre respekt for etaten.

Målet med reforma frå 2015 var todelt: Politiet skulle bli betre rusta til å møta nye kriminalitetsutfordringar, og sikra nærvær av politi der befolkninga bur.

– Me står no i eit spenn i politireforma, der det er ein kamp om ressursane mellom tunge fagavdelingar med spesialistar, og mine folk, som skal vera generalistane ute blant befolkninga, sa Ørn til NRK i helga.

Morten Ørn, politiet i Bergen.

POLITISJEF: Morten Ørn er driftseiningsleiar for Bergen, Øygarden og Askøy.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Heller mot «amerikanske tilstandar»

No får Ørn støtte av politiforskar Christin Thea Wathne ved OsloMet.

Wathne har forska på politiet i 15 år og har sett spesielt på kva nærpolitireforma har gjort med relasjonen mellom politiet og befolkninga.

At oppropet mot reforma kjem frå distrikta, har vore kjent i lang tid.

Men at også ein leiar i dei store byane no går ut mot reforma, representerer ei endring, meiner ho.

– Distrikta har i lang tid lurt på kor politiet er. Det me ser no i tillegg, er at det endrar relasjonen til publikum i storbyane. Det er litt nytt. Og det heller meir mot «amerikanske tilstandar», viss me skal snakka om det.

Christin Thea Wathne

FORSKAR: Catrine Thea Wathne er forskingsleiar ved Arbeidsforskningsinsitituttet (AFI) ved OsloMet.

Foto: Katrine A. Ziesler / OsloMet

– Grunn til å vera bekymra

I eit innlegg i DN i juni argumenterte Wathne med at fleire av konsekvensane av politireforma representerer steg på vegen mot «amerikanske tilstandar».

Som døme trekk ho fram:

  • den veksande vektarbransjen der tidlegare politioppgåver blir overført til private
  • sentralisering av kunnskap med auka fokus på etterretning som grunnlag for handling framfor kunnskap politiet fekk gjennom nærskap i lokalsamfunnet
  • at politiets samfunnsmandat blir spissa mot kontroll, og politigeneralisten, som også var der for å hjelpa og bistå publikum, blir borte

– Tilliten som er bygd opp over lang tid er ganske sårbar og kan raskt rivast ned. Me har mellom anna intervjua polititilsette fleire stader i Oslo. Dei opplever at den sentraliseringa som skjer, gjer at dei mister kontakten med ungdomane.

Likevel viser Justisdepartementet til at dei har tilsett 2100 nye politifolk og 1200 nye sivilt tilsette sidan 2013, og på den måten styrka etaten.

Tilbakemeldingane frå politiet om at dei mister kontakt med gjengane og frå publikum i distrikta om at politiet ikkje kjem når dei treng det, indikerer at regjeringa bør ta grep, meiner Wathne.

– Eg vil seia at det er på tide å ropa varsku. Og det er grunn til å vera bekymra. Me kan ikkje påstå at det er ein heilt sikker samanheng mellom reforma og utviklinga, eller at den trenden vil halda fram. Men me har mykje god forsking, både frå Noreg og utlandet, som viser korleis denne typen reform påverkar tilliten mellom publikum og politi, seier Wathne.

Tala viser jo at regjeringa har rusta politietaten betrakteleg dei siste åra. Er det for lite?

– Det held ikkje å stappa inn mykje folk i politiet om dei blir leiarar og analytikarar. Dei gjer viktige jobbar, men det blir skapt eit heilt anna type politi, som i mindre grad skapar relasjonar med publikum.

Møte om økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet

JUSTISMINISTER: Monica Mæland (H) seier ho tar kritikken frå Ørn i Bergen på alvor, men avviser kritikken frå Wathne.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Mæland avviser kritikken

– Dette er ein forskar som meiner me nærmar oss amerikanske tilstandar. Eg meiner ho tar heilt feil, seier justisminister Monica Mæland (H) om kritikken.

Mæland kjenner seg ikkje igjen i den kvardagen Wathne teiknar eit bilete av. Ho hevdar at politileiarar ho snakkar med, fortel ei historie som er diametralt annleis enn den Wathne hevdar eksisterer.

– Politiet har vore budsjettvinnar og fått tilført langt fleire personar sidan me gjekk inn i regjeringa, dei fleste politifolka i distrikta. Eg reiser rundt i alle politidistrikt, og opplever stor tillit mellom innbyggarar og politi.

I fjor publiserte Faktisk.no ein gjennomgang av korleis reforma faktisk hadde påverka innbyggarane. Blant konklusjonane var at tilliten til politiet hadde gått ned i eit fleirtal av politidistrikta.

Mæland meiner politiet ved å bruka meir tid på etterretning og analyse, gjer seg i stand til å avsløra kriminalitet ein tidlegare ikkje makta.

– Eg oppfattar eit politi som er i tett kontakt med innbyggarane, både unge og eldre, men på andre måtar enn det me er vane med tidlegare. Politiet er både til stades fysisk, men også på andre plattformer, og tar i bruk nye metodar som er i takt med den tida me lev i.

– Me kan ikkje skru tida tilbake. Det er heller ikkje ønskeleg, seier statsråden om reformkritikken.